Etter dagens siger mot Stabæk er Aalesund klare for cupfinale.
Det er første gong laget har tatt seg til ein finale.
Kampen var jamn, med gode sjansar for begge lag.
Etter ordinær tid var stillinga 1-1, og det vart dermed ekstraomgangar på Nye Nadderud stadion.
I første omgang kom måla tett. Aalesund tok leiinga etter 32 minutt, med skåring frå Ingeborg Skretting. Fire minutt etter utlikna Stabæk til 1-1 etter skåring av Kristin Gumaer.
Aalesund feirar målet til Ingeborg Skretting.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTBSnudde kampen i ekstraomgangane
I første ekstraomgang skårar Mille Helland Flø for Stabæk. Stillinga blir 2-1.
Så utliknar Katarina Dybvik Sunde til 2-2 for Aalesund etter å ha heada ballen i mål.
I andre ekstraomgang skårar Skretting frå 20 meter. Aalesund tek dermed leiinga med tre mål.
Stabæks Nora Nøss hadde eit gult kort frå før av, og fekk eit nytt etter takling av ein AaFK-spelar .Dermed vart Stabæk ein mindre spelar.
Like etter skårar Laura Gashi for Aalesund til 2-4.
Aalesunds Laura Gashi og Stabæks Nora Nøss under NM-semifinalen i fotball for kvinner på Nye Nadderud stadion.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTBStabæk gir seg ikkje. To minutt seinare reduserer Stabæk etter skåring frå Guro Hammer Røn.
Det blir ikkje fleire mål i kampen. Dermed er Aalesund klare for si første cupfinale.
Motstandarane er Brann, som er finaleklare etter å ha slått Viking 3-0. Finalen skal spelast på Ullevaal stadion 6. september.
Katarina Dybvik Sunde etter å ha utlikn til 2-2 i første ekstraomgang
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB2. plass i Toppserien
I oktober i fjor sikra kvinnelaget til Aalesunds FK eit direkte opprykk til Toppserien, då dei slo Tromsø med 2–0.
Deira første sesong i Toppserien har fått ein bra start og dei ligg no på ein andreplass på tabellen.
Trenar Martin Lindmark har tidlegare sagt til NRK at han trur dei kan gå heilt til topps i cupfinalen i september.
– Ja, sjølvsagt drøymer ein om det, seier han.
Trenar Martin Lindmark
Foto: Ivar Eidheim / NRKPublisert 28.06.2026, kl. 16.44










English (US)