Fleire tusen er isolerte på Vestlandet etter det kraftige uvêret i natt. Men uvêret rammer også deler av Innlandet.
I Lom kommune står 18 hytter under vatn på Nordal turistsenter som følgje av ein ispropp i Bøvre.
Det er sett krisestab i kommunen.
Enorme mengder med vatn har funne vegen inn på campingplassen på Nordal turistsenter.
Foto: PrivatSett ut vakthald
Klokka 11.30 sender kommunen ut varsel til bustadfeltet Lykkja om mogleg evakuering. Der er det 20 husstander. Kommunen har i tillegg satt ut vakthald ved isproppane.
– Grunnen er at det ligg ein 600 meter lang ispropp lenger opp i Bøverdalen. Vi veit ikkje om den løsner, men om den gjer det kan det bli farleg, seier ordførar i Lom kommune, Kristian Frisvold.
Det er denne isproppen i Bøverdalen som kan løsne og kome ned mot Lom.
Han oppfordrar at folk er varsame og held seg borte frå elveløpet.
– Mykje vatn på campingen
Kommunen vurderer om dei skal sende ut varsel til dei som har bedrifter i industriområde.
– Gangbrua kan ryke og det kan kome ein del vatn. Vi vurderer dette fortløpande, seier Frisvold.
Ordførar i Lom kommune, Kristian Frisvold.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKJehans Bakke, eigar og driv av turistsenteret i Lom, fortel at det er mykje vatn på campingen
– Det kjem mykje vatn inn på campinga, men det er ikkje noko kritisk. Det er ein del av bygningsmassen som har vorte blaut, seier Jehans Bakke, eigar og driv av turistsenteret i Lom.
- Det er store ismengder i Lom. Sjå video her:
Elvefaret fylt med is
– Vi har bedt om bistand frå NVE og to personar er på veg, seier Sander Sælthun, plan- og miljørådgjevar i Lom kommune.
Torsdag morgon har han vore på staden og sett på isproppen.
– Elva har tetta seg med is og heile elvefaret er fylt opp med is. Vi er litt usikre på kva som skjer vidare no, seier Sælthun klokka 09.15.
Torsdag formiddag sitt Lom kommune i krisemøte for å diskutere situasjonen.
Foto: Lom kommune / Lom kommune– Har ikkje heilt oversikt
Torsdag morgon er Bakke og fleire mannskap i gang med å sjå på skadane og gjere tiltak der dei kan.
– Det står bra med vatn oppover hyttene. Det er ikkje så mykje vi får gjort, men vi har kontakta kommunen. Vi har ikkje heilt oversikt enda, seier Bakke.
UNDER VATN: Store deler av campingplassen i Lom står under vatn
Foto: Privat / PrivatDet er ikkje berre i Lom det er mykje vatn. I Østre Toten ba kommunen halde seg unna Lenaelva. Dei frykta at isproppen i elva kunne losne i løpet av kort tid.
Klokka 09.15 opplyser varabrannsjef Lars Bergheim i Østre Toten kommune at isproppen som hadde danna seg i Lenaelva har løyst seg opp av seg sjølv.
– Vi har hatt ein del utfordringar med overvatn som har rent inn i kjellarar og garasjar. Så vi har hjelpt til med pumper. Og vi har tømt nokon kjellarar og leda unna vann i heile går og i natt. Framleis har vi ein del pumper ute, seier han.
Slik så det ut i Lenaelva før og etter at isproppen løsnet.
Foto: Østre Toten brannvesenFjøsvegg har rast
I tillegg til mykje vatn som følgje av isproppar kan politiet melde om at fleire fjøstak har blåst av.
– Det er ingen skader på personar eller dyr, men det har blåst kraftig. Det har gått to fjøstak – eit i Dovre og eit på Kvikne, seier oppdragsleiar i Innlandet politidistrikt, Mats Westby Aamodt.
Store krefter har vore i sving i Kvikne på Tynset.
Foto: Privat / PrivatI tillegg har ein fjøsvegg på Kvikne rast.
– Der er det 56 kyr inni, og bonden har meldt at han får ut kyrne, seier Aamodt.
Arne Ingvar Nymoen frå Kvikne fortel om mykje vind i natt.
– Taket på fjøset fløy 80 meter i lufta og det var kraftige vindkast. Det var skikkeleg skummelt, seier Nymoen.
Han og sonen sto opp midt på natta.
– Vi klarte ikkje å stå på føtene. Eg har aldri opplevd liknande, seier Nymoen.
Fleire trær over vegen
Han melder om fleire trær over vegane og også nokre steinsprang.
Ein ispropp har ført til at campinga står under vatn og har ført mykje stein inn.
Foto: Privat / PrivatDet har også vore eit stein- og jordras på fylkesveg 227 i Furnes.
Bane Nor melder om at Roa-Hønefosslinjen er stengt som følge av eit ras mellom Jevnaker og Hval. Dette påviser berre godstrafikken.
Publisert 06.03.2025, kl. 08.13 Oppdatert 06.03.2025, kl. 12.30