161 km/t i 60-sona: Her må dei kaste seg unna

2 days ago 15



Sjå skrekk-video

Videoen av grisekøyringa skremde tingretten.

 Her er farten over 80 km/t, få meter før 40-sona ved Vigrestad. Andre bilistar må kaste seg unna. Foto: Politiet i Sør-Vest
«UNNA VEI»: Her er farten over 80 km/t, få meter før 40-sona ved Vigrestad. Andre bilistar må kaste seg unna. Foto: Politiet i Sør-Vest

Publisert 04.07.2024 20:28

Ein 20 år gamal mann frå Rogaland må førebu seg på 120 dagar bak lås og slå.

Han må i fengsel etter å ha køyrd som eit svin på trafikkerte småvegar gjennom tettstaden Vigrestad i Hå kommune.

Dommarane i Sør-Rogaland tingrett verkar lettare sjokkert over det dei fekk servert av bevis under rettssaka i juni.

Dei meiner 20-åringen, som aldri har hatt lappen, «totalt har neglisjert fartsgrensene [ …] i tettbebygd strøk». 

161 km/t i 60-sona

For sjå berre på dette – den sivile patruljebilen frå Utrykkingspolitiet målte mannen til følgande hastigheiter då dei la seg på hjul bak:

161 km/t i 60-sona

100 km/t i 40-sona

118 km/t i ei ny 60-sone

150 km/t i 80-sone

162 km/t i 80-sona på riksveg 44

    Målingane vart gjort mellom klokka 14:05 og 14:07 laurdag 16. mars i år. 

    Det er mykje trafikk på vegane og fleire bilar må kaste seg unna råkøyraren. I ei 40-sone inne i Vigrestad køyrer han nærast slalom mellom bilane, med UP hakk i hæl.

    «Retten kan ikke beskrive videoen av tiltaltes kjøreatferd som noe annet enn svært skremmende og fullstendig uforsvarlig», heiter det i den ferske dommen.

    Sjå videoen av råkøyringa:

Kvinne også dømd

UP-betjentane bestemte seg for å følge etter då dei såg to bilar passere kvarandre i stor fart. 

I eit kryss skilte dei to bilane lag og då følgde dei etter 20-åringen fordi «denne holdt høyest hastighet».

I juni blei den kvinnelege sjåføren i den andre bilen dømd. Kvinna i starten av 20-åra fekk 36 dagar fengsel og mistar lappen i tre år, skriv Jærbladet.

    Måtte avbryte

    Mannen er også dømd for å ha køyrd så stygt at bilar som kom i mot måtte vika. 

    Han køyrde forbi andre bilar før bakketoppar, kryssa doble sperrelinjer og køyrde over skraverte felt.

 Mannen køyrer forbi før bakketoppar der det er lite sikt for motgåande trafikk. Her krysser han også doble gulstriper midt i eit kryss. Farten er over 150 km/t. Foto: Politiet i Sør-Vest
FARLEG: Mannen køyrer forbi før bakketoppar der det er lite sikt for motgåande trafikk. Her krysser han også doble gulstriper midt i eit kryss. Farten er over 150 km/t. Foto: Politiet i Sør-Vest

    Utrykkingspolitiet seier dei til slutt avbraut forfølginga og forsøka på å stoppe 20-åringen, fordi det blei for risikabelt å halde fram.

    Videoen TV 2 har fått av politiet viser at UP også har store problem med å følge etter 20-åringen på riksvegen.


    – Berre flaks

    Sør-Rogaland tingrett skriv i dommen at det berre er «rein flaks» som gjorde at køyringa ikkje førte til personskadar eller død.

    Mannen meldte seg ikkje for politiet før dagen etter. I retten tilstod han råkøyringa og erkjente at han aldri har hatt førarkort.

    Likevel står han som eigar av den aktuelle bilen, ein vraka Audi A6 frå 2005.

    Han hevdar han fekk panikk då han såg blålysa frå politibilen bak seg. Det er femte gong mannen blir tatt for køyring utan gyldig førarkort.

 Her susar bilisten gjennom krysset på riksvegen, langt over fartsgrensa på 80 km/t, på feil side av vegen og over eit sperrefelt og forbi ein annan politibil. Foto: Politiet i Sør-Vest
FINN FEM FEIL: Her susar bilisten gjennom krysset på riksvegen, langt over fartsgrensa på 80 km/t, på feil side av vegen og over eit sperrefelt og forbi ein annan politibil. Foto: Politiet i Sør-Vest
Read Entire Article