-16.200 kroner i månaden? For ein forsørgar med to barn? Det er sjukt lite pengar.

2 hours ago 1



KOMMENTAR: Den sikraste vegen ut av fattigdom er ein jobb. Men det er ikkje akkurat beine vegen for alle, som for eksempel for ein flyktning med barn.

Regjeringa vil stramma inn støtta til nykomne flyktningar. Foto: Fredrik Refvem
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

16.200 kroner i månaden å leva for, etter skatt. For ein einsleg forsørgar med to barn på 6 og 8 år. Det er kva regjeringa har rekna seg fram til er det nye, riktige nivået for ein nyankomen flyktning med to barn. Den støtta kan dei få i opptil 5 år.

Det er omtrent 8500 kroner mindre kvar månad enn det ein tilsvarande norsk familie på sosialhjelp får. For eit heilt år? 100.000 kroner mindre enn sosialhjelp. Det er også rundt 8000 kroner mindre i månaden enn Sifo Sifo SIFO er en forkortelse for Statens institutt for forbruksforskning. SIFOs referansebudsjett viser alminnelige, rimelige forbruksutgifter for ulike norske husholdninger og brukes som en økonomisk standard for å beregne levekostnader. I dag er instituttet en del av OsloMetsitt referansebudsjett for ein slik familie. Som sjølvsagt ikkje har bil, og heller ikkje bruker pengar på SFO.

Ønsket bak

Bak dette ligg regjeringas ønske om å få fleire flyktningar ut i jobb. Det er viktig å få til det, for eiga inntekt er den sikraste måten å unngå fattigdom på. I tillegg til å vera frisk. Å ha ein jobb kan også gi varig tilgang til å utvida språk- og kulturkunnskapar, og dermed lettare få innpass på arenaer der folk møtest. Anten det er på sidelinja under barnas handball-cup, i klassedugnaden i pølseboda på 17. mai, eller i kommunestyret. Alt det bidrar til å vera med og byggja eit samfunn. Dessutan treng vi fleire hender i jobb.

Nå går 74 prosent av all sosialhjelp til innvandrarar. Blant flyktningane er rundt 50 prosent i jobb. Halvparten av dei som kjem, har grunnskole eller mindre som høgaste utdanning. Alt dette er med på å gjera forskjellane mellom oss større, på alle vis. Så er det også på sin plass å nemna at flyktningar som har fått opphald i landet, ikkje kjem for å bidra til å minka forskjellane blant oss. Dei kjem fordi dei treng å bli beskytta.

Regjeringa har rekna seg fram til at slik det er nå, må ein einsleg flyktning med to barn tena 600.000 kroner i året, før det lønnar seg å jobba i staden for å få stønad. Det er høgt. Det bidrar til mistillit. Det regjeringa så prøver å rekna seg fram til, er eit punkt – eller ein sum pengar – som alltid vil vera lågare enn lønna arbeid, men likevel nok til at nykomne flyktningar skal klara seg. Dei halverer støtta, sånn omtrent.

Barna

Men går det? Ein så låg sats som regjeringa føreslår til innvandrarar med barn, kan gi eit veldig trykk av fattigdom og økonomisk stress for desse familiane, særleg viss det blir over lengre tid. Det kan bidra til meir barnefattigdom, større forskjellar, dårlegare levekår, og opphoping av flyktningfamiliar i levekårsutsette område. Det kan bety meir sosialt utanforskap, og auka risikoen for svart arbeid og kriminalitet. Og vi veit at å leva i fattigdom over tid, kan gå hardt utover barn. Dei gjer det dårlegare på skulen enn andre, fullfører sjeldnare vidaregåande, og tar sjeldnare høgare utdanning. Vi risikerer at foreldra får så stor belastning med å få kvardagen til å gå rundt, at det gjer det vanskelegare for dei å koma seg over i jobb, og gir mindre overskot til å følga opp barna. Vi risikerer å laga eit system der fattigdom går i arv til neste generasjon.

Nei, eg har ikkje tenkt ut dette aleine, det er trekt ut frå Stavanger kommunes svar til regjeringa, og frå professor Mari Rege ved UiS, som blant anna har leia barnefattigdomsutvalet.

Barnehage

I det same forslaget frå regjeringa, som nå har vore ute på høyring, lurer dei også på om dei kan påleggja alle flyktningfamiliar å senda barna sine i barnehagen. Men 95 prosent av alle innvandrarar har alt barna sine i barnehagen i den eldste barnegruppa, frå 3 til 5 år. Mot 97 prosent av oss andre. Det er difor vanskeleg å sjå kva poenget med eit slikt pålegg skulle vera. Det fungerer jo heilt fint utan. Eit pålegg ville vera svært inngripande i ein families liv, og neppe særleg eigna til å bygga tillit. Som i seg sjølv er eit poeng.

Følgene?

Regjeringa skal ha ros for å forsøka å gjera støtteordningane enklare, både for dei som må motta støtte, og for dei som skal administrera den. Men dei synest altfor lite opptatte av følgene det kan ha å setja beløpet så lågt, særleg for flyktningar med barn.

Det er kritikkverdig. Det kan slå tilbake. For 16.200 kroner i månaden er det ikkje sikkert ein får så mange fleire flyktningar ut i jobb. Dei kan ha meir enn nok med å klara seg. Norge tar også imot spesielt sårbare grupper, det finst flyktningar som ikkje vil klara å koma seg i jobb. 16.200 kroner i månaden kan gjera oppveksten endå vanskelegare for barna deira, og bidra til at dei arvar både fattigdom og utanforskap.

Det er omtrent det stikk motsette av det regjeringa sjølv ønsker seg. Dei må opp med beløpet. Dei må hjelpa barna.

Publisert:

Publisert: 26. april 2026 20:18

Read Entire Article