Ti dagar har gått sidan det massive skredet gjekk over E134 ved Fjæra i Etne.
Sidan har vegen vore stengt og Statens vegvesen har jobba på for å rydda etter raset.
E134 mellom Karmøy og Follo via Haukelifjell er ein av hovudvegane mellom aust og vest.
Seksjonsleiar Morten Hage var på synfaring på tysdag. Han er skaka over synet som møtte han.
– Det er som eit krater der hovuddelen av raset har treft, seier Hage.
På det djupaste er det eit hol på halvannan meter etter at ein av steinane trefte vegen.
Han fortel at bileta frå staden ikkje klarer å formidle det massive omfanget.
– Du får ikkje det rette inntrykket av bileta. Eg måtte sjå det med eigne auge.
Det kom ned fleire store steinar. Den i midten var på ca. 110 tonn.
Foto: Robert Stråbø MelkeraaenOver 2000 tonn er fjerna
For å forstå dimensjonane, må ein sjå på tal frå ryddearbeidet som går føre seg.
Den største enkeltsteinen som trefte vegen var så enorm at han måtte sprengast før han kunne fjernast.
– Den største steinen vi har tatt er anslått til å vere ca. 110 tonn. Berre den eine steinen kravde 15 lastebillass før han var fjerna, forklarer Hage.
Her dundrar steinane nedover fjellsida. Ein av dei vog 110 tonn.
Så langt er det køyrd vekk 160 lastebillass med stein frå vegen der raset kom.
Med eit snitt på 13 tonn per last, betyr det at over 2000 tonn stein allereie er fjerna.
Og Vegvesenet er framleis ikkje ferdige.
Mengdene med stein som har losna i skredet er enorme.
Vegvesenet anslår at ca. 1500 kubikk med stein har kome ned og ligg igjen i ura ovanfor vegen.
I tillegg er elva «pepra» med stein. Stein ligg også spreidde over eit strekke på fleire hundre meter. Også i bustadområdet på andre sida av elva.
– Det er betydeleg mykje stein som har kome ned, seier Hage.
Då Veslemannen raste ut i 2019 kom det ned 54.000 kubikk med stein.
«Nesten ikkje til å tru»
Hage er klar på at dette er eit av dei største rasa på mange år som har kome frå ei fjellside heilt utan forvarsel.
På spørsmål om eit fangegjerde kunne ha stoppa massane, er svaret klart.
– Ingen moglegheit. Det finst ikkje nett som tek imot slike krefter som har vore i sving her.
Trass i dei enorme materielle skadane på veg, busskur og køyretøy, er Hage mest prega av at ingen liv gjekk tapt.
– At dette skjedde utan at liv gjekk tapt, det er nesten ikkje til å tru.
Ein bil knust av steinraset.
Foto: Frode Mæland / NRKForlenger vegstenging
Statens vegvesen hadde håpa å opna E134 ved Fjæra onsdag 11. mars, men sidan det er meldt mykje nedbør dei neste dagane er arbeidet blitt stansa.
Skadane etter det enorme raset er og større enn dei først trudde, og opninga er utsett til neste veke.
– Det viste seg at desse er så store at det likevel ikkje er mogleg å opna vegen denne veka, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.
Stenginga skapar utfordringar for trafikken. Tal frå 2025 viser at årsdøgntrafikken i snitt ligg på 2105 køyretøy på E134 på Rullestad. Ikkje langt frå Fjæra.
No må bilistane halda fram med å nytta omkøyringsvegar i minst ei veke til.
Det har vore eit omfattande oppryddingsarbeid på E134 ved Fjæra.
Foto: Tale Hauso / NRKPublisert 12.03.2026, kl. 07.18
















English (US)