10 personar fekk augeskadar under nyttårsfeiringa

2 hours ago 2



To av dei ti er alvorleg skadde, dei åtte andre har augeskadar som er moderat alvorlege.

Ingen av dei ti brukte vernebriller.

Det melder Haukeland universitetssjukehus.

Årets skadetal er noko høgare enn i fjor, då var det sju som fekk augeskadar.

Av dei to som er alvorleg skadde er det ein mann og ei kvinne. Ingen brukte vernebriller og alkohol var involvert. Kvinna var tilskodar.

Fyrverkeri over Bergen på nyttårsaften 2024/2025

Fyrverkeri fører til mange augeskadar ved nyttårsfeiringa, og kvart år ser augelegar ein auke i slike skader på starten av året.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Overlege Lasse Mulstad Skrivervik ved augeavdelinga har kontakta dei ulike helseføretaka 1. nyttårsdag og samla inn det som til saman blir nasjonale tal.

– Dei fleste av skadane skjedde ved bruk av effektbatteri. For nokre av skadane har vi ikkje opplysningar om kva type fyrverkeri det var, opplyser Skrivervik.

To av dei skadde fekk skade i forbindelse med eit effektbatteri som eksploderte.

Ein av dei skadde er eit barn under 10 år som også var tilskodar.

Augelege Lasse Mulstad Skrivervik på Haukeland sjukehus viser ei augeskade frå ein tidlegare anleiing.

Augelege Lasse Mulstad Skrivervik ved Haukeland universitetssjukehus viser ein augeskade frå tidlegare.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Rekordlåge tal i fjor

Natt til 2025 – for eit år sidan – var talet på skadar det lågaste på fleire år.

– Om det er ein trend eller tilfeldig, kan vi ikkje vite enno, sa Skrivervik den gongen.

Men eit år seinare går altså tala opp igjen. Årets tal er meir på linje med tala i 22/23 og 23/24, då det også var 10 augeskadar.

Skrivervik legg ikkje skjul på at han ønsker forbod mot privat fyrverkeri.

– Kvar augeskade på grunn av fyrverkeri er ein augeskade for mykje, understrekar han.

Tala på særskild alvorlege skadar gjekk kraftig ned etter ein topp i 2005, som førte til forbod mot rakettar med styrepinne nokre år seinare.

I snitt har rundt 10–15 personar blitt påførte augeskadar av fyrverkeri kvar einaste nyttårsaftan. Som regel menn, som har drukke alkohol.

Med ti skadar frå i natt, er totalen no kome opp i 301 augeskadar sidan 2005.

Desse tala inkluderer berre augeskadar.

Publisert 01.01.2026, kl. 13.31 Oppdatert 01.01.2026, kl. 13.40

Read Entire Article