10 meter høg statue av omstridt prest midt i havgapet: – Hadde forkasteleg menneskesyn

5 hours ago 6



– Det har vore ei berg-og-dal-bane. Men no står han på skjeret. Det blåser hundar og kattar her, så eg trur Fanden har ein finger med i spelet.

Det seier initiativtakar Alf Knutsen, etter at den 16 tonn tunge og 10 meter høge bronseskulpturen «Petter på Skjæret» vart avduka på eit skjær på Helgelandskysten i dag.

Skulpturen av den omstridde diktarpresten er laga av kunstnar Frode Lillesund. Han har henta inspirasjon frå legenda «Fanden som skysskar», der Petter Dass rir på Fanden for å rekke preike i København 1. juledag.

I handa har han ein bibel og skrik ut mot Alstenfjorden frå skjeret Raudholmgalten, som ligg mellom Herøy og innseglinga til Sandnessjøen.

Petter Dass-statue avdukes, her ved ordfører Elbjørg Larsen og Per Heimly

Petter Dass-statue avdukast, her ved Alf Knutsen, Herøy-ordførar Elbjørg Larsen og Per Heimly.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Fotograf og nordlending Per Heimly var hyra inn som Petter Dass.

–Høgare opp, lengre fram, din satan.

Seier Heimly er iført ein presteskjortel og kvit krage.

per Heimly som Petter Dass under avdukingen «Petter på skjæret» på Raudholmgalten

– Eg kjenner meg overraskande vel i prestedrakt. Den er ganske staseleg, seier Per Heimly.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Gamal ide

Ideen til ein Petter Dass-skulptur er ikkje ny. Det starta med ein visjon av den samiske forfattaren Matti Aikios allereie i 1901, om eit stort monument som skulle stå i leia, der fiskarane segla inn.

Visjon hans inspirerte Gustav Vigeland sine mange utkast av eit monument av Petter Dass.

Slik vart Matti Aikios sin visjon omtala i Verdens Gang:

Avisutklipp frå verdensgang 1901 petter dass statue

«Jeg tenker meg ham stående, eller som jeg nedenfor vil si, gående på en fremspringet klippefot sentralt i leden. Petter Dass kjemper seg fram i uvær med kraftig foroverbøyd kropp, og med kraftig og godt fotfeste, mens prestekjolen og håret flakser i stormen.»

en statue midt i en vannmasse

« Blikket skuer skarpt utover havet, som i opprør. En bønnebok i den ene hånden, den andre svinger han i luften, som i et myndig slag etter onde makter. »

en statue midt i en vannmasse

«Når fiskerne i den strengeste vinterkulde seiler forbi vil Petter gi dem velsignelse på ferden, og om sommeren når de vender tilbake vil Petter byde dem velkommen. Hele skikkelsen må være unaturlig både i størrelse og fremtoning»

Visjonen til forfattaren Matti Aikios i Verdens Gangs 1901

Verdens gang

– Det er denne visjonen som realisert i dag. Så har vi fått ein fantastisk kunstnar til å lage sin versjon av den, seier Alf Knutsen stolt.

Kontroversiell: – Ikkje noko glansbilete

Men kven var eigentleg diktarpresten som har sett så mange spor etter seg, og no har hamna på eit skjer?

Historikaren Kåre Hansen har skrive boka «Petter Dass, mennesket, makta og mytane», som handlar om mytane som er danna rundt diktarpresten.

I boka blir Dass omtala som ein person som sette egen vinning framfor andre menneske sitt ve og vel. Hansen sitt syn er samstundes kontroversielt og har blitt møtt med skepsis av fleire etablerte historikarar, som har kritisert sider ved kjeldebruken.

Kåre Hansen er lokal historikar og har skrive fleire bøker om presten.

Han var ein person som ikkje gjorde så mykje godt for andre enn seg sjølv, ein person med eit menneskesyn som er totalt forkasteleg i dag. Folk lar seg blende av «Herre gud ditt dyre namn og ære», Petter Dass dikta om død over andre truande og tenkjande, alle som ikkje er lutheranar, hevdar Hansen.

Petter Dass-statuen avduket på Raudholmgalten

Havila Kystruten var med å følgde avdukinga, men reiarlaget har ikkje har avgjort å gjere det til ein fast del av ruta frå sør til nord.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Hansen meiner at folk ikkje bør sjå seg blind på diktet «Herre gud ditt dyre namn og ære». Og understrekar at mykje av det skriv er forkasteleg.

Folk har ikkje lest Petter Dass, meiner Hansen.

Han referere til eit dikt av Dass, Hansen meiner diktet snakka for seg sjølv.

Nasjonsbygginga på seint 1800-talet skapa eit bilete av Petter Dass. Og Hansen meiner at Dass er eit produkt av nasjonsbygging og nasjonal romantikken.

– Han var ikkje den nordnorske landsfaderen, men han har blitt gjort til det.

Kåre Hansen

Statuen av Petter Dass på torget i Sandnessjøen står med opne armar. Det meiner historikar Kåre Hansen ikkje er representativt for diktaren.

Foto: Ole-Christian Olsen

Kunstekspert: – Lite som vekkjer nysgjerrigheit

Korleis Petter Dass så ut er det eigentleg ingen som heilt veit. Dei monumenta som allereie finst baserer seg på eit måleri i Melhus kyrkje frå 1648, som skal førestille diktarpresten.

  • Petter Dass-statue ved museet i Alstahaug

    Slik ser Petter Dass ut på eit monument på haugen vest for Alstahaug kyrkje. Monumentet vart sett opp 26. august 1908, i høve 200-årsminnet for Petter Dass', dødsdag. Bauten er utforma av arkitekt August B.C. Nielsen, medan bilethoggar Georg Andreas Heggelund har laga bronsebysten.

    Foto: Jens Kyed / NRK
  • Petter Dass statue i Sandnessjøen

    Bolethoggaren Skule Vaksvik laga denne skulpturen av Petter Dass si 300-årsmarkering for Petter Dass’ innsetting som sokneprest i Alstahaug. Skulpturen står på Petter Dass’ plass i Sandnessjøen sentrum. Monumentet blei avduka av Kong Olav 14. juni 1989.

    Foto: Foto
  • en mann med skjegg

    Måleri fra 1684 i Melhus kirke, som skal forestille Petter Dass.

    Foto: Ukjent

Statuen av Petter Dass på torget i Sandnessjøen står med opne armar. Det meiner historikar Kåre Hansen ikkje er representativt for diktaren.

Hansen meiner at Petter Dass ikkje fortener nok eit monument.

Heller ikkje NRK sin kunstekspert, Mona Pahle Bjerke er overtyda begeistra.

– Sjølv om det er vanvitig mykje action og mange detaljar er det lite som vekkjer min nysgjerrigheit, lite ved dette som inviterer meg til å gruble vidare. Det er få formmessige gåter, og lite raffinement. I mine auge er det meir litteratur enn eigentleg skulptur, hevdar kunst historikar Bjerke.

en mann på en båt med en stor statue av en dinosaur

Her under monteringa av skulpturen tidlegare denne veka.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Kunstnar Frode Lillesund har fått med seg dei kritiske røystene.

– Figurativ kunst som eg driv med, er ikkje akkurat populært blant kunstkritikarar. Men blant folket er det heldigvis det. Eg har nok laga han slik litt på trass og for å provosere, seier han.

Kvifor er han plassert utanfor skipsleia?

Sleping i havet og montering på skjæret. Kunstnar Frode Lillesund og initiativtakar Alf Knutsen

Ei hundre tonn kran, stroppa fast på ein lekter stod for det tunge løftet.

Petter Dass vart fødd i Herøy, men verka som prest og døydde i Alstahaug. Dei to kommunane har kniva om eigarskap til den kjende presten.

Også då det skulle avgjerast kvar statuen skulle stå var det mykje engasjement i dei to kommunane.

Avisa Herøyfjerdingen har skrive om bråket i 2022. Her kjem det fram at skulpturen først skulle stå på Svarskjæret i Alstahaug, som ligg i skipsleia.

Det blei argumentert med at monumentet med denne plasseringa ville vekkje merksemd frå passerande fartøy, som Hurtigruta.

Men då Herøy kommune vart eigar av prosjektet var det med atterhald om ei ny plassering, innanfor kommunegrensa i Herøy.

En gruppe mennesker på en brygge

400 var med på ferja då «Petter på skjæret» blei avduka i dag.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

I den kunstnariske innstillinga blir det påpeikt at sjølv om Raudholmgalten ikkje har Svartskjærets sentrale plassering i hovudleia, håpar dei at enkelte større fartøy vil vurdere ein avstikkar frå hovud leia for å sjå på monumentet.

I tillegg står «Petter på Skjæret» med ryggen til innseglinga.

Alf Knutsen tek kritikken heilt med ro.

– Vi synest han står heilt perfekt, spesielt i forhold til Syv søstre. Det er Herøy kommune som eigar prosjektet, og han må stå innanfor kommunegrensa. Først skulle det vere eit prosjekt for heile Helgeland, men prosjektet måtte ha ein eigar.

Men kvifor står han med ryggen til skipsleia?

– Det er den beste plasseringa. Dei fleste vil ta bilete med han i front og Syv søstre bak.

«Petter på skjæret» Petter dass avduket på Raudholmgalten

Mange småbåtar var møtt fram under avdukinga.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

– Får sjå om me kan svinge innom

Havila Kystruten var med å følgde avdukinga, men reiarlaget har ikkje har avgjort å gjere det til ein fast del av ruta frå sør til nord.

– Dette er noko me ikkje vil utelukke så lenge ver og føre tillèt det. Men det kan godt hende at me kjem til å ta turen, av og til, seier Lasse A. Vangstein i Havila Kystruter.

Hurtigruta var ikkje innom på avdukinga og har heller ikkje avgjort å svinge innom presten på skjeret.

– Om det er aktuelt å «svinge innom» på fast basis vil bli vurdert, ingen avgjere er tatt om det per no. Det er litt utanfor vår vanlege rute, seier kommunikasjonssjef i Hurtigruten, Kjersti Johannessen.

Publisert 27.06.2025, kl. 20.07

Read Entire Article