Zelenskyj etter Trump-samtale: – Viktig og nyttig

7 hours ago 3


– Ei svært viktig og nyttig samtale med USAs president Donald Trump.

Slik skildrar Zelenskyj samtalen i eit innlegg på Telegram fredag ettermiddag.

– I dag snakka vi om situasjonen: om russiske luftangrep, og meir generelt, om situasjonen ved fronten, seier han vidare.

– Vi diskuterte moglegheitene for luftvern og blei einige om å jobbe for å styrke forsvaret av luftrommet, skriv han vidare.

Luftvernsystemet Patriot

Det amerikanske Patriot-systemet kan ikkje Ukraina erstatte med våpen frå andre land, sa Zelenskyj på ein pressekonferanse torsdag.

Foto: SERGEI SUPINSKY / AFP / NTB

Zelenskyj sa torsdag at Ukraina «satsar på at den amerikanske støtta fortset», og at det var nokre våpen, som missil og luftvernsystem, dei ikkje kunne få frå andre land.

USA har nemleg sett fleire våpenleveransar på pause utan noko forvarsel. Ein av desse gjeld luftvernsystema Patriot.

No kan det sjå ut til at desse vil bli leverte til Ukraina igjen.

Snakka med Putin torsdag

Også torsdag hadde Trump ein samtale, då med Vladimir Putin. Den amerikanske presidenten fortalde at det var ei lang samtale.

– Eg er ikkje nøgd med den. Eg er ikkje nøgd, sa han, og la seinare til:

– Eg trur ikkje han har ein intensjon om å stoppe. Det er synd.

Russiske styresmakter seier dei ønsker å setje ein dato for neste runde med forhandlingar med Ukraina, og at dette blei teke opp torsdag.

Vladimir Putin sitter på en talerstol på russisk TV

Like før samtalen med Donald Trump torsdag, deltok Vladimir Putin i eit panel på russisk TV. – Har du noko eg skal formidle vidare, sa han spøkefullt til ein av dei andre paneldeltakarane.

Foto: Ramil Sitdikov / Reuters / NTB

Reuters: Største droneangrepet så langt

Natt til fredag blei Kyiv ramma av eit stort angrep, som blant anna førte til skadar på delar av jernbanenettverket, ifølge lokale styresmakter.

Dette er det største droneangrepet mot Ukraina så langt i krigen, melder Reuters. Det ukrainske luftforsvaret seier dei talde 539 dronar og 11 missil.

Ein person er meldt drepen, og 23 er meldt skadde.

en stor bygning med en sky av røyk på himmelen

Fleire stader i Ukraina blei råka av eit stort russisk droneangrep etter samtalen mellom Russland og USA torsdag.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

– Rett etter at Putin snakka med President Trump. Og han gjer det med vilje, sa den ukrainske utanriksministeren, Andriy Sybiga, etter angrepa.

– Putin viser tydeleg at han ikkje bryr seg om USA og alle som har teke til orde for ein slutt på krigen.

Også Zelenskyj kalla angrepet for «tiltenkt massivt og kynisk».

Publisert 04.07.2025, kl. 16.24 Oppdatert 04.07.2025, kl. 16.34

Read Entire Article