Trondheim kommune har meldt fire legar til politiet for misbruk av sjukemelding

6 hours ago 2


– Me ser indikasjon på at det har vore eit betydeleg omfang.

Det seier helsebyråd Merethe Ranum (H) til NRK.

Trondheim kommune har avdekka informasjon som indikerer eit systematisk misbruk av sjukemelding frå fire fastlegar.

– Mistanken bygger på at i alt fire legar i et relativt betydeleg omfang har vore sjukemeldt frå sine stillingar i kommunen, samstundes som dei i same tidsrom har jobba i sin private fastlegepraksis.

Difor meldte Trondheim kommunen dei fire fastlegane til politiet i går.

– Me har funnet grunn til å melde til politiet forholdet, men det må handterast av politiet, seier Ranum.

Legane skal jobbe ved samme fastlegekontor. NRK har ikkje lukkast i å kome i kontakt med dei.

Merethe Baustad Ranum får influensavaksine satt på et apotek

Merethe Ranum er helsebyråd i Trondheim.

Foto: Mathias Mikalsen / NRK

Politiet stadfester

– Eg kan stadfeste at vi har mottatt ein melding, seier jourhavande jurist Ellen Andresen.

Ho fortel at politiet no registrerer meldinga i sine system og førebels ikkje har tatt stilling til kva dei vil gjere vidare.

– Den må bli registrert og så vil den bli følgt opp vidare og vurdert opp mot etterforsking.

Publisert 26.06.2025, kl. 10.10 Oppdatert 26.06.2025, kl. 10.15

Read Entire Article