Veterinærinstituttet har påvist rabies hos endå ein fjellrev på Svalbard i 2025.
Fjellrevkadaveret vart funne på «Alkepynten» ca. 75 km sørvest for Pyramiden på Svalbard, der den førre smitta fjellreven vart funnen i mai i år.
Sist gong det vart påvist rabies på Svalbard, var i 2018. Også i 2011 var det rabiessmitte der.
– Hundar må haldast under oppsyn
– Dersom du observerer fjellrev eller reinsdyr på Svalbard som viser unormal åtferd eller er døde, meld straks frå til Sysselmeisteren. Ikkje handter dyra sjølv, seier forskar ved Veterinærinstituttet, Jørn Våge.
Han legg til at hundar må haldast under oppsyn, og at ein må unngå å mate rev.
Sysselmeisteren på Svalbard, som har beredskapsansvaret på Svalbard, sende to fjellrevkadaver til Mattilsynet og Veterinærinstituttet på Ås for rabiesundersøking.
Det skjedde etter at dei fekk eit tips for to veker sidan, 26. juni. Det vart altså påvist rabiessmitte hos den eine av desse.
– Ikkje handter døde dyr
Sjukdommen, også kalla hundegalskap, er ein svært farleg sjukdom for dyr og menneske, og mistanke om rabies hos dyr skal derfor omgåande varslast Mattilsynet.
– Det er viktig å understreke at dersom ein finn kadaver, så er det viktig å ikkje ta i kadaveret. Rabies kan smitte til folk, så det er ein sjukdom ein skal vere forsiktig med. Det er nettopp derfor vi går ut med den påminninga om å ikkje handtere døde dyr.
Det seier Anne Silje Berg, fungerande miljøvernsjef hos Sysselmeisteren på Svalbard.
For ei veke sidan gjekk Sysselmeisteren på Svalbard ut og åtvara folk om å vere oppmerksame på rabiessmitte, sidan det var mistanke om smitte.
– Det er viktig å varsle politivakta på tlf. 79 02 12 22 dersom du observerer rev som er aggressiv eller død. Det same gjeld også dersom du ser reinsdyr som tydeleg er sjukt Ta gjerne bilete eller video som kan vise åtferda til dyret. Oppgje også posisjon. Unngå nærkontakt med dyret, skreiv dei då.
I mai vart det også påvist rabiessmitte hos ein fjellrev på Svalbard.
Foto: Ingunn Ruud / VeterinærinstituttetPublisert 09.07.2025, kl. 14.51 Oppdatert 09.07.2025, kl. 15.59