Torsdag ettermiddag snakka Russland sin president Vladimir Putin og USA sin president Donald Trump saman på telefon.
Samtalen skal ha vara i nesten ein time, seier ein Kreml-talsperson ifølge Reuters. Dei skal ha diskutert Iran og Midtausten, men skal ikkje ha snakka om den amerikanske våpenstansen til Ukraina, melder NTB.
Putin skal ha sagt at han ikkje vil trekkje seg tilbake frå måla i Ukraina, men at han er interessert i å forhandle fram ei løysing, melder Reuters.