Stortalent (22) opplevde mareritt før løp: – Ordentleg vondt og trist

4 hours ago 2


4. august 2022. Ni dagar før sin 19-årsdag er Ole Jakob Solbu langt heimanfrå, nærare bestemt i Cali i Colombia. Løpetalentet er tatt ut til å representere Noreg i junior-VM i friidrett på mektige Estadio Olímpico Pascual Guerrero, som rommar 37.000 tilskodarar.

Rett før han skal gå in «call rom», rommet der utøvarane ventar dei siste minutta før dei spring ut på sjølve banedekket, tar nervane som har bygd seg opp over tid fullstendig overhand.

– Det var fyrste gong eg kasta opp før start, seier Solbu.

en person i hvit skjorte

OPEN: Solbu snakkar ut før U23-EM i Bergen.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Han sit på ein grasplen i Bergen. Han er i byen for å delta i eit nytt internasjonal meisterskap, denne gongen den NRK-sende europameisterskapen for U23-utøvarar.

22-åringen byrjar å bli ein rutinert 800-meterløpar. I 2023 fekk han sin VM-debut i seniorklassa. I fjor sprang han EM-finale på Olympiastadion i Roma.

Opplevingane kjem likevel med ein pris. Nervane før start har nemleg ikkje minka sidan det som skjedde i Colombia. I staden har dei blitt verre og verre.

en person iført blå skjorte og shorts som står på en bane

STREVAR: Solbu slit veldig før start. Her er han avbilda før EM-finalen i Roma i fjor.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Seier mange slemme ting

Når løpa nærmar seg, kjem katastrofetankane.

Det er veldig vanskeleg å forklare kva ein har kjent på. Det er jo når du er favoritt, eller når du kjenner sjølv at folk ventar at du skal prestere, så kjem vonde tankar ganske fort, seier Solbu.

Så prøver han seg på ei litt nærare forklaring.

Eg seier mange slemme ting til meg sjølv oppi hovudet. Som ikkje er så veldig gøy å høyre, og som da bygger seg veldig opp, da. Det er berre ei vond kjensle, erkjenner han.

Kan du dele noko av kva du har sagt til deg sjølv?

At du ikkje klarer det her, du må gi opp. Slike ting.

Å grue seg til konkurranse, frykta for å ikkje få til det ein vil, er noko mange som har drive med idrett kan kjenne seg igjen i.

Mentalt samanbrot på oppvarming

Å vere så nervøs før ein konkurranse at ein kastar opp, er heller ikkje unikt. Henriette Jæger har vore open om at ho slit med det same.

Vi har snakka ein del om det. Vi er veldig nervøse begge to, og det betyr jo at det betyr noko, seier Jæger til NRK.

Henriette Jæger

NERVØS: Også Jæger er open om at ho er veldig nervøs før start.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Men Ole Jakob Solbu kjenner sterkare på det enn dei aller, aller fleste.

I vinter toppa det seg, da han aldri dukka opp på startstreken under eit innandørsstemne i Birmingham 15. februar.

– Eg knakk heilt saman, seier han.

Solbu kjente nervane allereie da han sette kursen frå hotellet mot konkurransehallen, men ikkje verre enn det som for han er normalt.

Men då eg starta å varme opp, så berre kortslutta hjernen. Det kom berre masse vonde tankar og slemme ting og slikt, fortel han.

Det var for høvet mor hans som var med som trenar. Ho prøvde å be sonen ha fokus på nokre enkle drilløvingar.

Han prøvde. Men denne gongen var det nyttelaust.

Ole Jakob Solbu mellom tribunen og løpebanen under EM i friidrett i Roma. Han bærer skoene sine.

DUKKA IKKJE OPP TIL START: Friidrettstalentet, her avbilda under EM i fjor, dukka ikkje opp til start under eit stemne i februar. Angsten tok overhand.

Foto: Bildbyrån

– Byrja å hulke og gråte

Eg såg berre rett ned i bakken, klarte ikkje å gjere noko anna enn det. Det var ordentleg vondt og veldig trist, eigentleg, å ha det sånn.

Kroppen begynte å riste. Heller ikkje det var ei ny oppleving, men denne gongen var det verre enn før.

Eg fekk eit ordentleg mentalt samanbrot og byrja å hulke og gråte i eit hjørne. Når eg ser tilbake på det, var det sikkert ganske flautt, men akkurat der og då var det mest vondt, seier Solbu.

Han veit kva det dreier seg om.

Det er ein type angst. Ein type prestasjonsangst, kan ein kanskje kalle det.

Solbu jobbar med psykolog for at ikkje prestasjonsangsten skal vere ein bremsekloss.

Om eg ikkje hadde fått den hjelpa eg har fått frå idrettspsykologen, så veit eg ikkje om eg hadde fortsett å drive med idrett. Fordi det har vore såpass vondt i periodar, erkjenner han.

Vondt for foreldra

Eit av verktøya han har fått frå psykologen, er å endre tankesett i den krevjande tida inn mot ein konkurranse. I staden for å tenke på kor dårleg det skal gå, skal Solbu fortelje seg sjølv kva han faktisk ser rundt seg.

Men i Birmingham kunne sjølv ikkje den metoden hjelpe.

Då eg skulle få ut tankane, så jogga eg langs ein brun kanal og ein grå himmel. Det var berre triste ting rundt meg overalt. Så då hjelpte jo ikkje det heller. Og når det ikkje hjelpte, kanskje eg grov meg enda lenger ned enn det eg brukar å gjere, seier Solbu.

et par menn som spiller frisbee i en park

FAR OG SON: Eyvind Solbu (til venstre) får vondt av sonen.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Eyvind Høsteland Solbu, som både er far og trenar, innrømmer at det i periodar er tøft å sjå dei mentale utfordringane til sonen.

Når han har vore på det verste, når det har vore ille dagar, så er det heilt forferdeleg. Nervøs skal han vere, men når du ser at han har det vondt, så er det ikkje noko gøy. Absolutt ikkje, seier han til NRK.

Det blir ikkje mindre vondt av at han ikkje får gjort noko med det.

– Eg røvar å vere oppmuntrande, og å poengtere at det her er ikkje noko farleg. Men det er jo ikkje alltid like lett å få ein ut av ein slik situasjon.

– Jo betre førebudd, jo verre er det

Eyvind Høsteland Solbu seier at bidraget hans, er å prøve å få sonen til å smile.

Idrett skal vere gøy. Det skal vere smil. Som trenar så lykkast du med talet på smil. Det er ein fin måte å måle suksessen din som trenar på. Og etter målgang så har det stort sett alltid vore smil, men det er jo ikkje det alltid i forkant, konstaterer han.

Ole Jakob Solbu og Andreas Kramer smiler etter løp

SMIL: Solbu smiler som regel etter løp. Her saman med svenske Andreas Kramer.

Foto: Heiko Junge / NTB

Skrekkopplevinga i Birmingham gjorde at det også blei mykje nervar før innandørs-NM i Bærum i slutten av februar. Der var Solbu påmeldt 400-meteren, og denne gongen kom han til start.

Men bra gjekk det ikkje. Midtvegs i løpet pådrog han seg ein skade. Derfor er U23-EM i Bergen faktisk også sesongdebut utandørs.

Han håpar det kan bidra til å gjere presset litt mindre.

Nå har eg ikkje så mykje press på meg. Fordi eg har vore skadd såpass lenge, så då er det ikkje så mykje vekt på skuldrene mine. Jo meir førebudd eg er, jo verre er det. For då kjenner eg at eg har meir å tape, seier Solbu.

Blir rosa for openheita

Han har også snakka om utfordringane sine i podkasten til friidrettsforbundet, «Friidrettspodden».

All kredit til Ole Jakob. Det er ikkje noko som blir snakka så mykje om, og eg hugsar heilt frå eg var liten at eg sleit med nervar, seier Henriette Jæger.

For Solbu er openheita heilt naturleg.

Eg trur nok det hjelper meg sjølv. Då får eg det ut frå meg, at eg ikkje går og kvernar på dei tankane sjølv. Og så er det sikkert andre som slit med det same, som kanskje tenker at dei skal gå til psykolog når dei høyrer at andre gjer det. Så eg håpar eg kan hjelpe til med det. Men eg trur nok det meste er for meg sjølv. At eg kan få det av hjartet, seier Ole Jakob Solbu.

Her går det galt: – Plutselig bare lå jeg der 00:49

Publisert 18.07.2025, kl. 06.20 Oppdatert 18.07.2025, kl. 06.40

Read Entire Article