Store skader på over 1000 år gamalt vikinggravfelt: – Eit kappløp med vinteren

2 hours ago 2


Vi har det litt travelt. Det er 150 rotveltar som skal undersøkast, fortel Eirin Ellingsen, arkeolog i Trøndelag fylkeskommune.

På gravfeltet på Vang i Oppdal står ho omgitt av trær som har blåst over ende.

Rotveltane har opna mange av dei over 1000 år gamle gravene. Det gjer at arkeologane har det travelt med å undersøke og sikre dei viktige kulturminna før vinteren kjem.

– Det er ein stor og utfordrande jobb.

Vangsfeltet etter Amy

Det er i utgangspunktet sett av fem veker til oppryddingsarbeidet.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Veldig alvorleg for gravene

Da uvêret «Amy» herja i starten av oktober, var Oppdal kommune ein av stadane som blei hardast råka.

Det blei også Vangfeltet som er Noregs største gravfelt og består av omtrent 900 graver, dei fleste frå perioden 700–1000 år e.Kr.

Rotveltane gjer at gamle gjenstandar som tidlegare låg trygt under jorda plutseleg blir eksponert for vêr og vind.

Det er veldig alvorleg for gravene fordi når metallgjenstandane er eksponert for luft slik dei er no, så går dei mykje fortare i oppløysing.

Dei kan losne av frostsprenging eller dei kan regne eller snø bort og gå tapt gjennom vinteren, fortel Ellingsen.

Gravfeltet på Vang etter uværet Amy

Rotveltane har gjort at mange gjenstandar som tidlegare låg trygt i jorda har kome til syne.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

I tillegg til å vere Noregs største samling med graver frå vikingtida, er Vangfeltet også blant Nord-Europas største.

– I vikingtida hadde kvar gard ofte sitt gravfelt. Men på Oppdal har dei vald ei anna løysing der det ser ut som om dei kollektivt har gravlagt alle på same plass, fortel Ellingsen.

Da får ein dette svære kollektive gravfeltet med over 900 graver og det er veldig spesielt.

Gravfeltet på Vang - arkeologiske funn etter uværet Amy

Gjenstandane blir katalogisert før dei blir tatt med til Vitskapsmuseet ved NTNU.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Veldig alvorleg

– Det er alvorlege skader og kunnskap som kan gå tapt, seier Jannie Schnelder Johansen.

Ho er arkeolog og seniorrådgjevar hos Riksantikvaren. Også ho er bekymra for at gjenstandane som no ligg oppe i dagen kan bli brote ned.

– No veit vi jo ikkje korleis det har gått med Vangfeltet enno, men det er veldig alvorleg at mange graver har fått vippa opp toppen.

Johansen seier endringar i klima vil kunne gi fleire skader på kulturminne over heile landet i åra som kjem.

– Med klimaendringane er det blitt kulturminne som er meir utsett for nedbryting og skader.

Vangfeltet etter Amy

Riksantikvaren har gitt 1,4 millionar kronar i tilskot til Trøndelag fylkeskommune til sikringsarbeidet av Vangfeltet.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Ho peiker mellom anna på flaum og nedbør, samt meir fukt i bakken og kortare periodar med frost som moglege utfordringar for kulturminne.

– Så det er urovekkande scenario vi ser inn i.

– Men vi prøver også å tenke at kulturminne er gamle og har opplevd ganske mykje vêr over tid, så forhåpentlegvis er dei også robuste.

– Vi må ha beredskap

Johansen meiner det er viktig at ein etablerer ein beredskap for skader som kan oppstå som følge av uvêr.

– «Amy» har vist at det er på høg tid at vi får på plass ein beredskap på skader som kan oppstå.

Vangfeltet etter uværet Amy

Kraftig vind er ein av fleire truslar mot kulturminne i åra som kjem.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Ho peiker også på at mange kulturminne må sikrast betre.

Vi må undersøke kva tiltak som fungerer, til dømes å ta bort nokre av dei trea som ein kan føresjå at vil falle i neste storm.

Samstundes påpeiker ho at ein ikkje må gjere for store endringar på kulturminne.

Vi må heller ikkje ta bort for mykje trær – da vil gravfelta kunne gro til med kratt, så her må ein gjere avvegingar.

Publisert 10.11.2025, kl. 16.27 Oppdatert 10.11.2025, kl. 16.48

Read Entire Article