– Det Ståle Solbakken gjorde var veldig vågalt. Men det er akkurat den «coachinga» Noreg treng i løpet av ein meisterskap for å gå langt.
Det seier NRK-ekspert Kristoffer Løkberg om valet til landslagssjefen om å gjere to byte allereie i pausen mot Brasil.
Det sjølv om Noreg hadde levert ein grunnsolid omgang mot dei brasilianske stjernene fram til da.
– Skjønte lite av det
Etter kampen avslører Sørloth at han var lite fornøgd med å bli bytt ut etter dei første 45 minutta, og at han seinare tok det opp med landslagssjefen.
– Da var eg sint. Og så snakka eg med Ståle etterpå, og vi er gode venner nå. Men eg skjønte lite av det da det skjedde, innrømmer Sørloth.
KJENSLER: Alexander Sørloth og Ørjan Nyland jublar etter strafferedninga i første omgang.
Foto: Dylan Martinez / REUTERS,NTBFølgde magekjensla
Etter kampen forklarte Solbakken at han valde å følge eigen intuisjon da han tok valet om å gjere to byte halvvegs.
– Du må gjere det du trur på. Nokre gonger lykkast du, andre gonger lykkast du ikkje, men det viktigaste er å følge magekjensla. Magekjensla mi var at Oscar (Bobb) og Andreas (Schjelderup) kunne gjere det bra, forklarer Solbakken.
Han understrekar at byta var for å få nye eigenskapar og kvalitetar på banen.
– Nusa og Alex var ikkje dårlege i det heile, men det var som vi prata om i går: Eitt lag startar kampen, eit anna lag avsluttar kampen. Det kan vere like viktig nå kva lag som avsluttar kampane, seier Solbakken.
– Genialt
NRK-ekspert Kristoffer Løkberg gir Solbakken full støtte i at byta var dei rette trekka for Noreg.
– Verken Antonio Nusa eller Sørloth hadde gjort seg bort i førsteomgang, men Solbakken las kampbildet og såg eit passande klima for andre kantspelarar. Spesielt det å byte Sørloth med Bobb var genialt, meiner Løkberg.
– Kvifor var det genialt?
– Genialt fordi Brasil gav frå seg store rom som Bobb i enda større grad enn Sørloth har eigenskapar til å utnytte. Og det fekk vi full utteljing for, meiner han.
– Stikke inn kniven
Solbakken meiner at Noreg, dersom det skulle vere reellt håp om siger, måtte vinne kampen ved å halde ballen i laget.
– Vi måtte lage lange angrep, og vente på den rette opninga. Da er Oscar og Andreas to av dei som har den beste kjensla av når det skal skje noko, og når dei berre skal halde i ballen, forklarer landslagssjefen.
Han seier det blei ein kamp der Brasil satsa på kontringar og omstillingar kvar gong Noreg mista ball.
– Og skulle vi komme oss gjennom denne kampen måtte vi ha lange angrep og bruke mykje ball, og på den måten slite ut Brasil. Spille og spele til dei blei slitne, og så stikke inn kniven, illustrerer Solbakken.
– Jævlig artig
Alexander Sørloth har lagt skuffelsen over å bli bytt ut bak seg. At han og Noreg nå er klar for ein kvartfinale i VM, gjer han stolt.
– Jævlig artig. Det er det her vi har jobba så sinnssjukt lenge med. Og fått til. Vi har hatt trua. Når vi først skulle komme oss til ein meisterskap, så skulle det gå sinnssjukt bra. Og du ser vi berre køyrer på, og til tider køyrer vi over Brasil. Det er heilt fantastisk, seier Sørloth.
– Laug du da de var ferdige etter gruppespelet og du sa at alt etter det ville vere ein bonus? spør Adresseavisen.
– Det er jo framleis bonus. Vi lever berre på bonus heile vegen her nå, så det er heilt magisk. Igjen, det blir kvartfinale, vi har ingenting å tape, vi skal berre køyre på, seier han.
– Det er eg stolt av
Ståle Solbakken var naturlegvis langt oppe etter kampen. Han fortel at spelarane følgde planen til punkt og prikke.
– Inngangen vår var å ha ballen så mykje som mogleg, fordi dei ikkje er så komfortable om vi kan ha lange passasjar med ball. Dei har spelarar som er trygge i sine posisjonar, men som kanskje ikkje liker å jakte ballen så mykje, seier han.
– Samtidig så kunne kampen gått begge vegar, legg han til.
Det er éin ting som gleder Solbakken ekstra mykje etter den historiske triumfen:
– Eg er glad for at alle torde å spele. På den største kvelden i norsk fotballhistorie så torde alle å bruke ballen, og det er eg stolt av, ingen gøymde seg, seier han.
Nå ventar England i kvartfinalen. Den kampen blir spelt laurdag 11. juli.
Publisert 06.07.2026, kl. 06.50 Oppdatert 06.07.2026, kl. 07.14















English (US) ·