Lyst til å bli kokk? Matministeren og Arne Brimi får aldri nok.
Vaaghals, Oslo Lørdag 24. mai kl. 17:15Kortversjonen
- Matminister Nils Kristen Sandtrøen og meisterkokken Arne Brimi møtte kokkelærlingar på restaurant Vaaghals.
- Brimi er svært nøgd med at fleire unge søker seg til kokkeyrket.
- Sandtrøen understrekar kor viktig det er med matkunnskap i framtida.
- Lærlingane blir tiltrekte av yrket grunna praksis, kreativitet og inspirasjon frå mellom anna kjende TV-kokkar.
Den kjende meisterkokken frå Vågå møtte to av restauranten Vaaghals sine elleve kokkelærlingar denne veka.
Dei varta opp med kyllingsalat så smakfull og freistande at sjølvaste matministaren tok munnen for full under smakinga.
– Eg trur årsaka til at fleire unge vil bli kokk, er at det er så mykje praksis. Ein får oppleve korleis yrket er i sjølve utdanninga. Det er ikkje berre ein A-4-jobb. Ein kan teste ting, vere kreativ og ha det gøy, seier Nathalie Tufteland Vangsnes (19) frå Stord.
Fleire vil bli kokk eller servitør
- Noreg mangla i 2024 om lag 1250 kokkar og 600 servitørar.
- Rekrutteringa til restaurant- og matfag på landsbasis har gått jamnt nedover i over 20 år.
- No ser nedgangen ut til å ha stoppa opp, og ein ser ein oppgang.
- I søkartala til vg1 er det ein auke dei to siste åra på 112 søkarar til kokk- og servitørfag.
- Innan yrkesfag til skuleåret 2025—26 har heile 54 prosent av søkarane til vidaregåande opplæring yrkesfag som førsteønskje.
- Dette er den høgaste andelen nokon gong.
(Kjelder: Landbruks- og matdepartementet, Samordna opptak, Nav)
Ho steiker konfitert kylling som skal oppi salaten som Aleksander Felumb (18) frå Ski miksar saman.
Dei to kokkelærlingane er kanskje litt smånervøse. Spesielt sidan kokk og Vaaghals-medeigar Arne Brimi (67) ser over skuldrene deira.
– Saltmobbing
Nervane forsvinn då superkokken meir enn godkjenner det han smakar på. Sjølv om han kunne ha tenkt seg ørlite meir salt.
– Det har vore for mykje saltmobbing i norsk matstell, melder Brimi.
Men han er særs nøgd med at dei unge strøymer til kokkeutdanningane. Sjølv har han laga saus i om lag 47 land, kunne han fortelje på restaurantkjøkenet.
Dei to lærlingane Aleksander og Nathalie ser ikkje føre seg noko anna yrke i det heile. Aleksander legg ikkje skjul på at han tidleg vart inspirert av superkokkar på TV og You Tube.
– Spesielt på YouTube har eg sett mange. Og på TV. Kokkar som Marco Pierre White og Gordon Ramsay. Dei gutane der er jo kjempegode på å vise kor tøffe kokkar kan vere. Og kor mykje kult som skjer på eit kjøken, meiner Aleksander Felumb.
Både han og Nathalie likar flyten, tempoet og det køyret som kan vere på eit kjøken med fullbooka restaurant.
– Då kan ein kjenne på adrenalinet. Men så er det jo rolegare periodar også, seier Aleksander.
Marco Pierre White (64) er ein engelsk kokk, restauratør og TV-kjendis. I 1995 vart han den yngste kokken som fekk tre Michelin-stjerner.
– Korleis ser du på at fleire unge no søker seg til kokkefaget, Arne Brimi?
– Åh, det er so flott! nesten ropar Brimi.
– Oss
er so glade i jobben vår og det oss driv med. So ynskjer oss at fleire skal ta del i den livskvaliteten det er å glede andre, svarar Brimi på si umiskjennelege Vågå-dialekt.Spekeskinke
Han understrekar kor viktig det er at «fleire og fleire og fleire» jobbar med å presentere dei flotte råvarene norske bønder produserer.
Det er som lyden av smeltande smør i øyra på landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) frå Tynset. Østerdølen i regjeringa kan skilte med ei av landet sine beste spekeskinker frå heimtraktene (ifølgje Brimi).
Ministeren klarar ikkje heilt å løyne at han sjølv er meir enn litt interessert i matlaging. 36-åringen sin signaturrett er torskefilet bakt i steikeomn med norske grønsaker attåt.
– For å trygge framtida i Noreg, så er det viktig at vi har nok folk som har kunnskap om maten vår og som kan lage den. Også for å understøtte reiselivsnæringa og sikre god mat på sjukeheimane våre, seier Sandtrøen.
Korleis er dine eigenskapar på kjøkenet?aSer på meg sjølv som det nærmaste du kjem ein gourmetkokk utan å vere faglærd.bEr vel slik midt på treet — og har ein favorittrett eller to som eg meistrar.cHeilt hjelpelaus. Maten eg lagar vil du ikkje ete.Han gløttar bort på Brimi — og seier at norske meisterkokkar som hevdar seg internasjonalt — og på TV — nok har inspirert unge til å gå same yrkesvegen.
– Korleis skal dei unge halde ut eit tøft yrkesliv med kvelds- og helgejobbing, stress og kravstore gjester?
– Ha gode arbeidsfellesskap. Ta hand om lærlingane på ein god måte. Og hald på trenden med stor vekt på kvalitet på maten, svarar Sandtrøen.