Slik erklærer meteorologane varme­rekord

3 hours ago 3


På Blindern i Oslo sit meteorologane på rekke og rad i det dei kallar vêrsalen. Her observerer dei varmen som har måla temperaturkartet over Noreg raudt dei siste dagane.

Time for time sjekkar statsmeteorologane topplistene. Kan det bli ein ny stasjonsrekord, fylkesrekord eller kanskje til og med noregsrekord?

Å erklæra det er ikkje berre-berre. For reglane for vêrrekordar er strenge.

Målestasjonen må vera kvit

Ja, for det er vesentleg at vêrstasjonen er kvit for å reflektera solstrålane.

Hvit målestasjon

Slik ser målestasjonane ut i dag.

Foto: Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen / NRK

Den sylinderforma, kvite skjermen kallar dei for ei «hytte». Kvifor «hytte» er blitt namnet, kjem vi tilbake til, men poenget er enkelt:

– Den kvite hytta skal skjerma mot solstrålane så ikkje sola strålar rett inn på temperatur­instrumentet, seier statsmeteorolog Aslaug van Nes.

Aslaug van Nes ved Metereologisk institutt

Aslaug van Nes, statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt.

Foto: Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen / NRK

Rundt om i landet er det over 200 slike automatiske vêr­stasjonar. Desse skal fortelja oss om vi får varme­rekordar eller ikkje.

Men det held ikkje berre at dei er kvite. Skal ein rekord bli godkjent, er det også krav til omgjevnadane rundt temperatur­målaren.

Ti meters avstand

Målestasjonen må stå på gras. Og temperaturmålaren må vera to meter over bakken.

– Og så må ikkje målaren stå for nær buskar og tre, asfalt, betong og bygningar, seier van Nes.

Målestasjon ved Metereologisk Institutt

Statsmeterologen viser at det er ti meter frå eit mogleg varmeobjekt som kan påverke målestasjonen.

Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen / NRK

Grensa er på 10 meter.

Dette er fordi at alt frå tre, bygningar og asfalt kan gi frå seg varme og dermed påverka temperaturen.

– Så for å godkjenna ein rekord, må ein vita at desse tinga er i orden, legg statsmeteorologen til.

Målestasjonane gjer automatiske målingar som meteorologane får inn på datamaskinene sine i vêrsalen. Men det kan ta tid før meteorologane kan erklæra ein rekord.

Kontrollsjekken

– Vi må vera sikre på at vi har oppdatert informasjon om korleis vêrstasjonen er plassert, og at instrumenta er i orden, fortel van Nes.

For meteorologane kan ikkje til alle døgnets tider sjå til dei over 200 vêrstasjonane som står rundt om i landet.

Utsikt fra metereologisk institutt

Frå vêrsalen på Blindern i Oslo har dei god utsikt til vêrstasjonen utanfor.

Foto: Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen / NRK

Får meteorologane opp ein varmerekord på ein stasjon det er lenge sidan dei har kontrollert, må dei gå fysisk til verks for å «ta tempen».

– Om vi får noregsrekord, vil mest sannsynleg nokon frå oss reisa ut å ta ein ekstra sjekk, seier van Nes.

Då tek meteorologane med seg ein sølvgrå koffert. Oppi den ligg måleinstrumentet som skal kvalitetssikra at temperaturen faktisk stemmer.

– Måleinstrumentet set vi inn saman med den temperaturmålaren som har målt rekorden. Og så sjekkar vi om dei måler likt.

Først då kan meteorologane erklæra offisiell rekord.

Rekord frå 1970

Rekorden på 35,6 grader som blei målt Nesbyen i 1970 står framleis.

Då såg målestasjonane litt annleis ut. Dei såg faktisk ut som ei lita hytte.

Der har du altså svaret på kvifor meteorologane framleis brukar «hytte-omgrepet».

Gammel målestasjon

Slik såg målestasjonane ut før i tida.

Foto: Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen / NRK

– Då var det eit menneske som las av temperaturen. Temperatur­målarane stod då inne i ei slik kvit hytte. Den kvite hytta har same funksjon som den kvite stråleskjermen vi har i dag, seier van Nes.

Så den 55 år gamle rekorden står seg framleis?

– Ja. Instrumentet dei brukte den gongen er like nøyaktig som det vi har i dag.

Det er venta høge temperaturar inn i helga. Om rekorden frå 1970 står for fall, vil sommaren visa.

Publisert 18.07.2025, kl. 20.27

Read Entire Article