Trass i at kalenderen viser juli, rullar framleis fleire bilar rundt på vinterdekk.
Under dei mange kontrollane i juni har patruljane til Utrykkingspolitiet Vest fleire gongar lagt merke til at bilistar køyrer med piggfrie vinterdekk, trass i høge temperaturar og tørre vegar.
Det får politiet til å reagere.
– Vi ser at ein del bilistar enno brukar piggfrie vinterdekk. Det er ikkje forbode, men det er uheldig, seier Eivind Hellesund i UP Vest.
Aukar risikoen for ulukker
Vinterdekk er laga for låge temperaturar og vinterlege forhold. Om sommaren bli gummien mjukare, noko som endra eigenskapane til det negative. Veggrepet blir dårlegare på varm asfalt, og bilen kan lettare vatnplane.
Bremselengda blir lengre og stabiliteten redusert, særskilt ved unnamanøvrar.
– Det handlar ikkje berre om eigen tryggleik. I møte med ei brå brems eller farleg situasjon, kan feil dekk vere det som avgjer om du klarer og stoppe eller ikkje seier, Hellesund.
Køyrer du med piggfrie vinterdekk om sommaren?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Rådgjevar Jan Harry Svendsen i Noregs Automobil-Forbund (NAF) trur mange brukar piggfrie vinterdekk for å «bruke opp» desse, og heller spare på sommardekka.
– Det kan bli ein dyr lærepenge om ein kjem opp i ein kritisk situasjon, seier Svendsen.
No kjem varmen – bør skifte dekk
Køyrer ein rundt på piggfrie vinterdekk, så bør ein absolutt vere på vakt dei neste dagane. Etter ein kjøligare periode varslar meteorologane om ei varm veke.
– Varm luft straumar innover i landet mot helga, og gir temperaturar opp mot 30 grader, melder dei.
Som ved overgangen frå sommar til vinter, eller omvendt, ber NAF difor folk som køyrer med piggfrie vinterdekk om å legge om til dekk som er meint for årstida.
– Vi i NAF rår at ein brukar vinterdekk om vinteren, og sommardekk om sommaren, seier Svendsen.
I 2023 var han med å gjennomføre ein test, som viser at vinterdekk kan føre til skremmande følgjer:
I 80 km/t har ein bil med vinterdekk sju meter lengre stopplengd enn ein bil med sommardekk.
Piggdekk er berre tillate frå 1. november til første søndag etter 2. påskedag. I Nordland, Troms og Finnmark kan ein bruke piggdekk frå 16. oktober til og med 30. april.
Men det er ingen lover eller reglar som seier at ein må bytte frå piggfrie vinterdekk til sommardekk.
Piggfrie dekk er lov å bruke heile året, sjølv om det ikkje er tilrådeleg.
– Sjølv på ein typisk norsk sommardag, eller vårdag, med lågare temperaturar på plussida, byrjar dekka sin eigenskap å bli dårlegare, seier Svendsen.
Etterlyser haldningsendring
Torbjørn Brandeggen, senior kommunikasjonsrådgjevar i Tryg, seier det kan få store følgjer dersom uhellet er ute – og bilen er rusta med piggfrie vinterdekk.
– Meiner påtalemakta at ulukka skuldast tilstanden til dekka, har ein vore aktlaus, noko som kan bety avkorting på forsikringa – og i verste fall at erstatninga ikkje blir dekt, seier han.
Brandeggen trur økonomi er ei av årsakene til at folk tek sjansen ved å slite vinterdekka heilt ut.
– Vi forstår at folk ynskjer å spare der dei kan, men ein må vere klar over at det å bruke piggfrie vinterdekk har sine ulemper og kan vere farleg, seier han.
UP meiner det er på tide med ein haldningsendring blant norske bilførarar
– Mange tenker kanskje at dei sparar eit dekksett ved å køyre med vinterdekk året rundt. Men det er verken smart for økonomien eller for tryggleiken, fortel Hellesund.
Publisert 07.07.2025, kl. 20.30