Seint ute med å bestille ferie? Då kan du vere ferievinnaren, ifølge ekspert

6 hours ago 2


– Så løpet er ikkje køyrt for dei som enda ikkje har bestilt ferie til i sommar?

– Nei, på ingen måte. Dei som ikkje har bestilt enda kan jo risikere å bli den store vinnaren i ferien, kvart fall økonomisk sett, seier reiselivsekspert Odd Roar Lange.

Odd Roar Lange

Reiselivsekspert Odd Roar Lange har fleire tips til dei som enda ikkje har bestilt reise til sommarferien.

Foto: Privat

Sommarferien er godt i gang for fleire, og mange drøymer om ein tur til sol og strand. Tal frå SSB viser at vi reiste på over 7 millionar utanlandsferiar i 2024.

Men det er altså ingen grunn til panikk om du framleis ikkje har skaffa deg billettar og hotell til årets sommarferie, ifølge Lange.

Storre moglegheiter om du står opp tidleg

Og det er sjølv om dårleg vêr i Noreg har ført til at charterselskapa har opplevd ein auke i selde reiser den siste tida.

For frå nå og utover kjem reiseselskapa til å legge ut mange restplassar, ifølge Lange.

Men korleis kan ein sikre seg dei beste, spør du?

– Dei blir lagde ut kvar dag i løpet av natta. Om du står opp tidleg om morgonen, har passet ditt klart og kan reise på relativt kort varsel, er det store moglegheiter, seier Lange.

Han legg til at det er ein stor fordel om ein har høve til å reise frå Oslo.

Og kva gjer ein om ein finn draumeferien i restplass-katalogen?

– Da nyttar det ikkje å tenke seg om eit par dagar, da må du tenke at du drar nå. Så sjekk at pass eller nasjonalt id-kort er i orden, seier Lange.

Kor bør ein dra?

Dersom ein vil få mest mogleg ut av pengane bør ein droppe land som Spania, Hellas, Frankrike og Italia, seier eksperten.

– Alle desse landa har blitt mykje dyrare enn dei var for berre nokre få år sidan. Da var det god plass, godt klima og låge prisar. Alt dette er borte nå.

Eksperten foreslår heller at folk sjekkar ut desse landa:

Albania

– Eit fantastisk ferieland. Halve prisen i forhold til dei landa eg har nemnt, og over halve prisen i forhold til Noreg.

Albania

Albania er landet som tronar øvst på ferietipslista til reiselivseksperten.

Foto: Ronny Frimann

Montenegro

– Det er nabolandet og er det superhyggeleg. Det liknar nesten litt på Nord-Vestlandet, for det er fjordar, fjell og verdsarvby. Det er lite, så du kjem deg lett frå den eine delen av landet til den andre. God plass og superhyggelege folk.

Polen

– Mange gløymer at Polen kan vere som ein sydendestinasjon. Byen Sopot kjennest som om du har komme til ei gresk øy eller Spania. Lange sandstrender, fine strandbarar, hyggelege folk og det som er viktig for nordmenn, låg pris.

Bulgaria

– Har blitt mykje betre enn det var for nokre år sidan. Dei har rydda opp veldig.

Folk som slappar av på ei strand i solskinn.

Pomorie i Bulgaria kunne sett ut som kva som helst slags solstrand i meir kjende Syden-land.

Foto: Picasa

Anbefaler Baltikum

Ansvarleg redaktør i magasinet Vagabond Reiselyst, Torild Moland, seier seg einig i at det er lurt å unngå land som har Euro som valuta, viss ein vil tenkje økonomisk.

I tillegg til landa Lange har nemnt foreslår ho blant anna Tyrkia og Nord-Makedonia.

Men ho seier også at landa i Baltikum er fine feriedestinasjonar.

– Viss ein ikkje har vore på sommarferie i Baltikum, så kan det sterkt anbefales. Det er litt betre prisar og temperaturar enn det er sør i Europa, seier ho.

Reiser etter billig mat og øl

Kjersti Flem Vaksvik i Ålesund fortel at ho har vore inne på restplass og sett etter ferie fleire gonger allereie. Årsaka er det dårlege vêret heime.

– Det er fare for at vi stikk innom restplass eit par gonger til om det ikkje endrar seg.

En kvinne sitter å spiser is fra beger sammen med sønnen.
En mann står foran en blomsterbutikk på et kjøpesenter.

Kjersti Flem Vaksvik og Isak Flem Vaksvik ser etter restplasser i siste liten. Vetle Bævre reiser etter billig øl og mat.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vetle Bævre har allereie bestilt tur. Han skal snart til Bratislava og Wien saman med ein kompis. Dei tenkte på økonomi da dei skulle velje destinasjon.

– Vi ville dra ein stad der det var billig mat og øl, seier han.

Korleis spare på Noregsferie?

Sjølv om mange reiser til utlandet på sommarferie, er det også mange som skal feriere i eige land.

I 2024 drog nordmenn på 24 millionar reiser i eige land, ifølge SSB.

en person som sitter på en stein med utsikt over havet

Mange vel også å feriere i Noreg. Dette er Kvalvika strand i Moskenes i Lofoten.

Foto: Dina Storvik

Lange har også tips til korleis ein kan spare nokre tusen på ein ferie her i Noreg:

Ved å prute.

– Mange utlendingar som kjem til Noreg gjer det. Nordmenn tar gjerne berre prisen, men så tenker ein kanskje at ein har betalt litt mykje.

Lange seier ein kan ringe til både hotell og private utleigarar for å forhandle prisen.

– Sei at ei hytte kostar 15.000 for ei veke, da kan du ringe og seie at det var litt dyrt, men at du er villig til å betale for eksempel 12.000. Da kan det faktisk hende at du får det, seier han.

Publisert 28.06.2025, kl. 07.39

Read Entire Article