Saueflokken blei angripen av hund to dagar på rad

13 hours ago 7


– Det heilt ubeskriveleg. Det ein katastrofe eigentleg, seier sauebonde Svein Håvar Vatne frå Volda.

Tysdag formiddag fekk han ein uventa telefon frå svigerfar sin, som fortalde at han var på det eine sauebeitet og hadde jaga ein hund, som var på jakt etter sauene.

– Då drog eg dit og såg blant anna ei søye som låg inntulla i det elektriske gjerdet. Vi fekk berga ut henne, og jaga ut hunden.

Dei samla flokken og flytta den inn i fjøset. Åtte sauer og lam var skadde, og eitt av dei døydde litt seinare.

Men allereie dagen etter opplevde dei eit nytt angrep. Denne gongen var det to hundar som hadde komme seg inn i beitet.

En sau ligger skadd og sitter fast i det elektriske gjerdet som har falt på bakken.

Søya som Vatne fann skadd i gjerdet.

Foto: Privat / Privat

Det var avisa Møre som først omtalte hendingane.

– Eit forferdeleg syn

Tysdag kveld tok dei nemleg sauene som ikkje var skadde ut på eit anna beite.

Onsdag ettermiddag oppdaga Vatne og svigerfaren eit dødt lam på beitet.

– Vi hoppa ut av bilen og gjekk bort. Då eg kom bort til lammet, såg eg at det var fullt i blod. Då vi såg lenger bort gjekk det igjen føre seg eit angrep på sauene av to hundar. Det var eit forferdeleg syn, seier bonden.

Sauebonde Svein Håvar Vatne sitter på huk sammen med en død sau med synlige sår.

Sauebonde Svein Håvar Vatne er svært fortvilt over hendinga.

Foto: Privat / Privat

Han fortel at politiet rykte ut med mange folk for å hjelpe til med å få kontroll på situasjonen, og kontakte veterinær.

– Den eine sauen var så skadd at han måtte avlivast på staden.

I dag er to vaksne sauer og to lam døde. I tillegg er 16 dyr skadde. Til saman bestod flokken av 21 vaksne og 23 lam. Det vil seie at omtrent halve flokken blei skada.

En sau ligger død på bakken med store, synlige sår

Fleire av dyra hadde store skadar.

Foto: Privat / Privat

– Vi har resten av flokken til observasjon for seinskadar. Dei har jo blitt jaga og sprengde av hunden, så dei kan ha skadar på lungevev og liknande. I verste fall kan dei døy av lungebetennelse eller andre ting på grunn av stress.

Hundane måtte bøte med livet

Politiet har oppretta sak på hendinga, bekreftar Leif Arne Mork i Møre og Romsdal politidistrikt. Dei to hundane er no avliva.

Oddbjørn Myklebust er sjef ved Volda/Ørsta politistasjon, og bekreftar at dei undersøker hendinga.

– Dette er sjølvsagt veldig leitt for dei som har mista dyra sine. Vi ber også hundeeigarar vere klar over bandtvang.

Sauebonde Svein Håvar Vatne sitter på huk sammen med en død sau med synlige sår.

Sauebonde Svein Håvar Vatne er svært fortvilt over hendinga.

Foto: Privat / Privat

Sauebonden synest heile situasjonen er forferdeleg.

– Første gongen, då tenkte eg at alle kan vere uheldige og at ein hund stikk av. Men når det skjer to dagar på rad, så blir eg ..., seier han og legg til:

– Det er trist for hundane sin del, som her måtte bøte med livet for det dei har gjort. Det er tragisk både for oss som saueeigarar og hundeeigarar, sjølvsagt. Det er det. Og ikkje minst dyra og den lidinga dei er påførte. Det er ikkje ord for det.

NRK har vore i kontakt med hundeeigaren. Vedkommande ønsker ikkje å kommentere saka, og seier at hen har direkte kontakt med saueeigar.

Publisert 23.05.2025, kl. 16.04

Read Entire Article