Rooney tapte Noreg-veddemål – no ler Haaland

1 week ago 13


– Eg er ein mann av mitt ord.

Det sa Wayne Rooney, ekspert for BBC, etter at Noreg sjokkerte fotballverda og sende sjølvaste Brasil ut av VM.

Med bragda søndag er Noreg klare for kvartfinale mot England i Miami.

Det hadde den tidlegare Manchester United- og Everton-spelaren lite tru på i forkant.

Etter Noregs siger over Elfenbeinskysten tysdag diskuterte panelet i BBCs studio den norske ro-feiringa som har gått verda rundt dei siste vekene.

Då utbraut Rooney:

– Viss Noreg tar seg til kvartfinalen, skal eg ro ned Mersey-elva.

Erling Braut Haaland slår på tromma

RO!: Erling Braut Haaland skåra to mot Brasil og leidde an ro-feiringa etter kampen.

Foto: Vegard Grøtt / NFF

– Kvifor blir eg dratt inn i dette?

Mersey-elva er ei 113 kilometer lang elv som renn frå Stockport (nær Manchester) og ut i Irskesjøen ved Liverpool.

Nå må altså England-legenda ta åra fatt.

Då han blei gjord merksam på at han tapte veddemålet i BBCs studio søndag kveld, sa han:

Micah Richards

EKSPERT: Micah Richards.

Foto: JASON CAIRNDUFF / X03805,NTB

– Micah (Richards) har sagt at han kan gjere det saman med meg.

– Har eg?! Kvifor blir eg dratt inn i dette?, utbraut ein overraska Richards, som kort tid etter bekreftar at han stiller.

– Men det einaste eg vil seie, for vi har mykje å gjere, er at det kanskje må bli i Hudson-elva når vi er i New York, sa Rooney.

Hudson river

HUDSON: Er det her Wayne Rooney og BBC-teamet skal ro? Her er elva avbilda på USAs nasjonaldag, 4. juli.

Foto: ANDRES KUDACKI / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

Haaland-latter

Fleire av dei norske VM-stjernene hadde fått med seg utspelet til Rooney i forkant av Brasil-kampen.

Erling Braut Haaland smilte som ei sol og tok seg sjeldan god tid i intervjusona etter sigeren over Brasil.

Der blei også Rooney eit tema.

– Eg gleder meg til å sjå Wayne gjere det, seier Haaland og ler.

GLIS: Erling Braut Haaland var eit stort glis da han fekk spørsmål om Wayne Rooney. 

Henrik Myhr Nielsen/NRK

David Møller Wolfe skal benke seg framfor TV-en når Rooney set seg i robåten med Micah Richards.

– Eg gleder meg til å sjå desse bilda.

– Kva tenker du om at han ikkje hadde trua på at de kunne gå til kvartfinalen?

– Nei, det er opp til han sjølvsagt. Vi har ein enorm sjølvtillit i laget, og vi har trua på det meste. Vi er sjølvsagt framleis berre vesle Noreg, så vi er framleis audmjuke. Men på vår dag, så kan vi skape trøbbel for kven som helst og så hjelper det også å ha Erling og Ørjan (Nyland) – to skikkelege matchvinnarar, svarer Wolfe.

Noreg møter engelske stjerner

Kristoffer Løkberg, NRKs fotballekspert, trur BBC-teamet held ord.

– Kan vi få opp det på live TV? Han må jo gjere det når du seier slike ting, seier Løkberg.

Det er foreløpig ikkje bekrefta om det blir direktesendt TV eller ikkje er ikkje. Det som uansett er sikkert er at Noreg møter sjølvaste England til VM-kvartfinale førstkommande laurdag.

Den kampen blir send på TV 2 og på NRK Sport på radio.

SJÅ HØGDEPUNKTA: Noreg er vidare i fotball-VM. Sjå alle høgdepunkta frå bragda mot Brasil her.

Publisert 06.07.2026, kl. 06.44 Oppdatert 06.07.2026, kl. 07.06

Read Entire Article