I slutten av juni blei det kjent at Tor Erik Rønne sa opp stillinga si i Frosta kommune. Han var leiar for folkehelseprosjektet «Best sammen!»
I oppseiinga peikte Rønne på eit destruktivt maktspel og kultur for tausheit rundt den tidlegare kommuneoverlegen, Arne Bye.
Før helga varsla Rønne også Statsforvaltaren om leiinga i kommunen.
I november sa også kommunedirektør, Endre Skjervø, opp.
– Det er lett å leite etter syndebukkar, men det er ikkje hensikta. Det handlar om systemet er godt nok rigga til at noko slikt ikkje kan skje igjen.
Det seier kommunestyrepolitikar Stig Morten Skjæran (V) til NRK. Han vil at kommunen blir granska.
«Når to ledere som ønsket å fremme åpenhet og ivareta varslerne, gir seg fordi det blir for vanskelig å samarbeide med det politiske nivået – da må vi spørre: Har vi verkeleg lært noe?», skriv han i eit debattinnlegg i lokalavisa Frostingen.
Meiner det minner om den kulturen varslarane opplevde
Skjæran meiner beskrivingane gjer grunn til alvorleg bekymring.
– Eg synest situasjonen er vanskeleg. Og då kan eg ikkje førestille meg korleis det er for dei som varsla og forsøkte å varsle. Det fortener at me går inn i oss sjølve.
Venstrepolitikaren ber gjennom ein interpellasjon om ei ekstern gransking av kulturen i kommunen.
Han meiner Rønne og Skjervø peikar på eit mogeleg mønster som minner om den kulturen varslarane mot Arne Bye opplevde:
– Viss det er sånn må me finne verktøya for å endre på den kulturen, seier han.
I tillegg ber han om ei gjennomgang av handteringa av varslar og bekymringsmeldingar frå 2006 til 2025.
Skjæran spør også korleis ordføraren vurderer signala i dei to oppseiingane og om han støttar ei ekstern gransking.
– Det er eit oppgjer og eit første steg om å gjenreise tilliten. Eg tenker det er klokt av kommunestyret å sjå oss sjølve i spegelen, forklarar han.
Han foreslår at granskinga skal munne ut i ein rapport med anbefalingar til forbetring som skal leggast fram innan 1. mars 2026.
Stig Morten Skjæran sit i kommunestyret for Venstre i Frosta.
Foto: Privat– Synest det er eit bra forslag
Trine Haug er Senterpartiet sin gruppeleiar i kommunestyret og tidlegare ordførar i Frosta. Ho er positiv til forslaget frå Skjæran.
– Eg synest det er eit bra forslag, seier Haug.
Ho seier forslaget sett fokus på noko mange har uttrykt at det blir sett fokus på.
– Mange uttrykker at dersom noko er skjult så er det fint å få det avdekt.
Trine Haug er Senterpartiet sin gruppeleiar i kommunestyret. Mellom 2015 og 2019 var ho ordførar i Frosta.
Foto: Jøte Toftaker / nrkOgså Hilde Solberg Valberg støttar Skjæran sitt ønske om ekstern gransking.
Valberg sit i kommunestyret for Frosta Arbeidarparti. Ho presiserer at ho ikkje uttaler seg på vegner av heile partigruppa.
– Eg tenker vi gjennom openheit og ei gransking kan finne ut om det er noko vi kunne ha gjort annleis.
Ho presiserer at ho ikkje er ute etter å ta nokon.
– Enten så vil granskinga vise at vi som politikarar har opptredd som vi skal eller så er det noko vi må lære av.
For at Frosta-samfunnet skal kunne gå vidare må ein vere open, seier Valberg.
– Eg trur vi må legge alle korta på bordet og sjå framover.
Ordføraren ønsker ikkje å kommentere
Ordførar Frode Revhaug fortel at han ikkje ønsker å kommentere interpellasjonen frå Skjæran.
– Saka skal bli behandla i kommunestyret og da får kommunestyret diskutere den der og ta ein avgjerd basert på det, seier Revhaug.
Frode Revhaug ønsker ikkje å kommentere interpellasjonen frå Skjæran.
Foto: Morten Waagø / Morten Waagø/NRKI lesarinnlegget sitt skriv Skjæran at ein kanskje står i fare for å oversjå ein kultur for å dysse ned ubehagelege spørsmål.
Revhaug ønsker ikkje å kommentere på om han kjenner seg igjen i dette.
– Lesarinnlegget til Skjæran har eg ingen kommentar til.
– Er ein opne nok på Frosta?
– For meg har det vore viktig å oppnå openheit og å svare på alle spørsmål.
Skjæran sin interpellasjon skal bli behandla på første ordinære kommunestyremøte etter sommarferien, 30. september.
Publisert 07.07.2025, kl. 10.43