Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_b2881d9575165cecdb2f60301fe30c1e, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Para-idrett: – Idrettsmiljøet var mi absolutte redning - NorwayToday

Para-idrett: – Idrettsmiljøet var mi absolutte redning

2 days ago 14


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Vilde Nilsen takkar idretten, men mange barn står utan tilbod. – Det som uroar meg mest med paraidretten i Noreg, er at det ofte handlar om flaks, seier forskar.

Vilde Nilsen har i alle år kjent at mange ikkje ser på para-idrett som toppidrett, men som breiddeidrett. Det endra seg då para-utøvarane blei inkludert under VM på ski i Trondheim i vinter. (Foto: Sander Buraas Johansen)

– Det at eg fekk halde på med langrenn og vere ein del av eit idrettsmiljø medan eg var sjuk, og i ettertid, har vore min absolutte redning, seier Vilde Nilsen. 

Podcast: Paraidrett og inkludering

Verdsmeistaren frå VM i Trondheim i vinter fortel si historie om å bli inkludert i idretten i NIH-podden. Episoden ligg nedst i artikkelen.

Fekk sjeldan sjukdom som åtteåring

I Trondheim fekk ho som para-utøvar for fyrste gong konkurrere saman med funksjonsfriske i eit VM på ski. 

Då ho fekk påvist ein sjeldan bindevevssjukdom som åtteåring var ho redd draumen om å bli som Marit Bjørgen aldri kunne bli oppfylt. 

– Ein av dei fyrste gongene eg var på sjukehuset etter at eg blei sjuk, hugsar eg at eg var heilt fortvila – ikkje berre fordi eg var sjuk, men fordi eg gjekk glipp av ei fellestrening med skiklubben.

Vilde var aktiv på ski frå før og hadde eit miljø i klubben som tok vare på ho. 

– Den støtta og oppfylginga eg har fått frå eg var liten til der eg er nå, har vore heilt avgjerande for at eg har blitt den idrettsutøvaren eg har blitt. 

Vilde Nilsen

24 år

Merittar: 12 VM-gull, to sølv og ein bronse frå Paralympics i 2018 og 2022.

Har lineær sklerodermi, ein sjeldan bindevevssjukdom.

Sjukdomen angreip hud, musklar, og bindevev i ein femårs-periode frå ho var åtte år.

Har 40 prosent mindre muskelmasse i foten, og ein beinlengdeforskjell på tre centimeter.

Starta å konkurrere som para-utøvar som 13-14-åring, etter å ha konkurrert med funksjonsfriske fram til det. 

Vilde Nilsen hadde frå tidleg alder startnummeret på brystet. Som 3-4 åring var ho godt i gang med skitreninga. (Foto: Privat)

Intervjua idrettsungdomar

Det viser ny forsking frå NIH og arbeidet med doktorgraden til Linn Engdahl-Høgåsen. 

Ho forskar på inkludering av barn og unge med funksjonsnedsetjingar i idretten. Ho har intervjua sju ungdomar mellom 13 og 19 år som driv med forskjellige idrettar og er frå heile landet.

Det dei har til felles er at alle har vald å halde fram med idretten, i alderen der vi veit at mange fell i frå, overgangen frå barne- og ungdomsidrett.

Men mange av desse har som Vilde Nilsen vore heldige med miljøet dei har kome inn i.

– Det som uroar meg mest med paraidretten i Noreg, er kor mykje som handlar om flaks. Har du tilfeldigvis hamna i ein klubb der folk er opne, motiverte og har lyst til å inkludere, ja – då kan du få gode moglegheiter. Men det er langt frå sjølvsagt. Altfor mange blir ståande utanfor fordi systemet ikkje automatisk fangar dei opp, seier Engdahl-Høgåsen.

Ho meiner at det ikkje er mangel på kunnskap som er den største hindringa. 

– Eg skulle ønskje vi snakka meir om kor viktig vilje og haldningar er, og litt mindre om kunnskap som ei inngangsport.

Linn Engdahl-Høgåsen har mastergrad frå NIH og har jobba som idrettpsykologisk rådgjevar ved Olympiatoppen. Dei siste åra har ho forska på paraidrett som stipendiat ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH. (Foto: NIH)

– Det er ikkje slik at ein må kunne alt for å vere ein god klubb for parautøvarar. Det viktigaste er at ein tek imot barn og unge med opne armar og vilje til å finne løysingar saman, seier ho.

Trenaren spelar ei viktig rolle

Ungdomane fortel mellom anna at menneska rundt idretten har mykje å seie.

At dei blir stilt forventingar til dei på lik linje med dei andre utøvarane.

– Korleis gruppa tek deg med og inkluderer deg har veldig mykje å seie for mange. Trenaren blir trekt fram som ein veldig viktig rolle i det. 

Forskaren, som er tilknytta Forskningssenter for barne og ungdomsidrett (FOBU), trur det framleis er stor mangel på kunnskap i idrettslaga rundt om i landet. 

– Vi veit at barn og unge med funksjonsnedsetjingar ofte får eit dårlegare tilbod – både i skulen og i idretten. Og det handlar ikkje berre om pengar eller utstyr, men om haldningar og strukturar. Mange vaksne i idretten ønskjer å inkludere, men veit ikkje heilt korleis dei skal gjere det.

Ho meiner det er mange ledd og aktørar som påverkar para-idretten. Kommunar, skular, idrettslag og særforbund. 

Men desse jobbar ikkje alltid godt saman. 

– Derfor blir det ekstra viktig at vi får meir kunnskap om kva som faktisk fungerer – og kva som hindrar deltaking, meiner Engdahl-Høgåsen.

Foreldra til Vilde Nilsen stod på for at Vilde skulle få halde fram med langrenn og at treninga kunne bli tilpassa ho. Trenar og klubb var også forståingsfulle. Ikkje alle er like heldige som Vilde, fortel forskar Linn Engdahl-Høgåsen. (Foto: Privat)

Glad for at foreldra pusha på

Skigleda vart aldri borte hos Vilde Nilsen.

Det var utfordringar i barndomen og ungdomsåra, men etter kvart som ho kom inn i eit miljø med andre para-utøvarar, fann Vilde sin plass i idretten.

Ho er glad for at ho hadde foreldre som var opptekne av at dei ikkje skulle sy puter under armane hennar. 

– Dei oppsøkte klubbar og fann ut korleis det kunne bli tilrettelagt best mogleg for min del. Da var det jo også veldig viktig at dei som var trenarar i klubbane var opne for å finne moglegheiter for korleis dei skulle tilrettelegge for meg, slik at eg kunne vere med på mest mogleg av den organiserte treninga saman med andre utøvarar. At eg ikkje blei satt på sidelinja.

Alle må ikkje ha mål om Paralympics

I Skiforbundet såg dei potensialet hennar med ein gong da ho var med på sin fyrste breiddesamling med andre para-utøvarar.

– Etter at eg kom inn i eit etablert paramiljø, har alt eigentleg berre gått betre og betre. Eg har møtt folk som har tru på meg, som ser kva eg treng – både som utøvar og som menneske. 

Sjølv er ho oppteken av at ikkje alle treng å ha mål om å bli gullvinnar i Paralympics. 

– Det er mange som ikkje tør å begynne med para-idrett fordi dei tenkjer at dei er nøydd til å bli verdsmeistrar. Dei para-utøvarane som blir fronta i media er jo liksom dei som tar gull i Paralympics. 

Men medaljane er langt frå det viktigaste. 

– Det viktigaste er jo det du gjer for helsa si, at ein kjem seg ut og får prøve ting, og kjenne på meistring sjølv om ein har eit litt anna utgangspunkt enn andre. 

Overgangen frå barneidrett- til ungdomsidrett er ein sårbar periode for fråfall også i para-idretten. Linn Engdahl-Høgåsen har intervjua ungdomar mellom 13-19 år som faktisk har heldt fram med idretten for å finne ut kva som har vore suksessfaktorane. (Foto: Shutterstock)

Ville bli som Marit Bjørgen

For sjukdomen til Vilde har langrennstreninga vore gull verdt. Nå er sjukdomen i remisjon, det vil seie at den er satt på pause fordi ho fekk medisinsk behandling. 

Det at ho var fysisk aktiv da sjukdomen var aktiv, har vore veldig bra for tilstanden.

Vildes store barndomsdraum var å bli det store førebilete, Marit Bjørgen. Å bli ei som vann dei aller største skirenna. 

Da ho saman med familien fann ut at Paralympics kunne vere ein moglegheit for å oppnå noko liknande, vart det eit vendepunkt. 

Men det var ikkje før under VM i Granåsen i vinter at Vilde verkeleg følte at ho opplevde å bli sett på som likeverdig. 

– Kjensla i Trondheim var at nå er vi endeleg på rett veg når det kjem til å bli sett som likeverdige som alle andre. Eg har følt at mange har sett på para-idrett generelt som breiddeidrett, også på mitt nivå. Men etter VM i Trondheim, når folk har sett det på den største arenaen, så trur eg folk ser at det er eit høgt nivå.

Sunniva, Trygve, Syver, Mikkel, Pia og Peder var deltakarar i Team Pølsa og blei folkeheltar over natta. Her går dei over målstreken i Granåsen. (Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK)

Team Pølsa-effekten

Vilde trur også at vinterens store TV-suksess Team Pølsa kan få stor betydning for inkludering av barn og unge med funksjonsnedsetjingar landet rundt. 

– Ein ser og høyrer at veldig mange av dei blir meir verdsatt i klassa. Og får kjensla av å bli meir inkludert. At det nesten har blitt kult og stas å inkludere, seier ho. 

NIH-forskaren Linn Engdahl-Høgåsen håpar også at serien har bidratt til sjølvrefleksjon for alle som jobbar med barn og unge.

Kva slags haldningar og korleis inkluderer eg som trenar, lærar eller forelder eigentleg?

– Eg trur det viktigaste vi gjer er å ta andres perspektiv på alvor, kanskje til og med klare å endre meining og sjå nytten av å bli utfordra på det synet ein har på korleis verda skal fungere. Mange tar dette for gitt, enda så mykje dei sanningane har å seie for dei vala me tek, og dei handlingane vi gjer. 

Høyr meir i NIH-podden der du høyrer podkast.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article