«Er det rart ungdommar skammar seg over dialekta si når sjølv NRK ler av dialektbruk på
riksdekkande direkteradio?» spør Dordi Bokasp Lerum (Sp). Dessverre kjem kritikken mot eit av dei mediemiljøa i Noreg med størst dialektmangfald.
Dette er dialekt-debatten:
- Artist og låtskriver Synne Vo gjestet P3-morgen. Der fikk hun i oppgave å lese inn dårlige nyheter siden «hun har så koselig dialekt».
- Det skapte reaksjoner. Dordi Bokasp Lerum i Senterpartiet mener det kan være uheldig å tulle med måten folk snakker på, og mener at P3 heller burde fokusert på musikken og karrieren til Synne Vo i klippet som ble publisert på Instagram i etterkant.
- «Eg tvilar på at det same hadde skjedd dersom Synne Vo si dialekt var nærare talemålet i Oslo. Kvifor er det alltid det standardiserte hovudstadsdialekta som blir handsama som den nøytrale og «normale», medan dialekter frå resten av landet blir sett på som 2. rangs?», spurte hun i en kronikk i VG.
- Vil du dele din mening hos oss? Send en mail til ungemeninger@vg.no, så snakkes vi!
Prosjektleiar NRK P3
I P3morgon har me programleiarar frå Nordland, Akershus og Østfold – og ja, ein av dei får til og med bruka «tjukk l» på riksdekkjande radio.
Høyrer du på P3 gjennom dagen, møter du trønderar, bergensarar, nordlendingar, vestlendingar og bokmåls- og nynorskbrukarar.
I tillegg har P3s programleiarar og medarbeidarar ulike sosiolektar og etnolektar, ein naturleg representasjon av Noregs språkmangfald.
P3 har i mange år vore ein av forkjemparane for å løfta fram dialektene våre.
Allereie i 2017 vann P3morgon, med Ronny Brede Aase i spissen, Dialektprisen frå Norsk Målungdom – den same prisen dagens P3morgon gratulerer Synne Vo
med å ha fått i innslaget Lerum rettar kritikk mot.I det same innslaget dykkar programleiarane djupare ned i kva det har betydd for Vo å stå støtt i si eiga dialekt, og korleis ho har brukt henne som ein styrke i møte med motstand i artistkarrieren.
Me er samde i at språk er fantastisk! For oss i P3 er det viktig å spegla mangfaldet i Noreg – også
gjennom språket me brukar.
Lerum rettar sin skarpaste kritikk mot ein Instagram-video, som ho meiner gjer narr av ei dialekt.
Me er samde i at denne leiken, om ein ser klippet isolert sett og ikkje i samanheng med resten av intervjuet, kan oppfattast slik Lerum gjer.
Men, sett i kontekst, var dette faktisk ei hyllest til ein av Noregs største artistar – og ei anerkjenning av kor flott dialekta hennar er.
Det Synne Vo vart beden om å seia var verken fordummande eller latterleggjerande, slik vi vurderer det.
Og her kjem ei ekstra lita saksopplysing: Videoen vart laga av redaksjonsmedlemmer som sjølve har den same dialekten som artisten.
Lerum peiker på at NRK har et særleg ansvar for å vise frem Norges dialektmangfald og det ansvaret tar vi på alvor.
I dag blir dialekt brukt i det aller meste av P3s innhald, og vi jobbar kontinuerleg for å oppretthalde dette.
Språkmangfald blant programleiarar og medarbeidarar har over tid vore eit satsingsområde for oss i rekrutteringsprosessar, for at vi skal kunne vere i stand til å representere og spegle det (språk-)mangfaldet vi har i landet vårt.
NRK og P3 elskar dialekt. Og det kjem me alltid til å gjera!
Slå på mørk modus i artikler
Logg inn for å lese og kommentere - helt gratis!