Ny rapport: Langt meir UV-stråling om våren enn før

4 hours ago 3


Det er herleg med varme solstrålar om våren, etter ein lang, kald og mørk vinter.

Men solstrålane på den tida av året kjem ikkje utan farar. Og farane er større enn vi har trudd, ifølgje ein ny rapport.

Markant auke

UV-stråling kjem frå sola og er blant anna det som gjer deg solbrun eller eldraud i huda. Det kan også føra til kreft.

I over 30 år har Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) overvaka UV-stråling.

Ein heilt ny rapport viser ein klar tendens: UV-strålinga har auka med 20-30 prosent i april og juni i Sør-Noreg.

– Endringa heng saman med skyforhold og kor tjukke skyene er. I Sør-Noreg har nok skydekket vore tynnare om våren, i tillegg til fleire soltimar, seier forskar Bjørn Johnsen i DSA.

Samstundes viser tala at UV-strålinga har gått ned med 10-15 prosent i august månad.

en person som sitter på et håndkle i et gresskledd område

Brigitte kosar seg i sola i Bergen laurdag ettermiddag. – Eg blir lukkeleg og glad. Når sola skin, så seier eg: Tusen takk for at du skin for meg i dag.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Sterkast på Finse

Det er ni stasjonar rundt om i Noreg som målar UV-stråling.

Stasjonen som har desidert høgast verdiar ligg 1222 meter over havet, på Finse.

– Den høgaste UV-verdien som er målt i Noreg er 10, altså svært høgt, og vart registrert på Finse i juni 2020, fortel Johnsen.

Generelt får fjellplatået 135 prosent av den årlege UV-dosen i låglandet i Søraust-Noreg.

Årsaka er sola si plassering, skyene og snøen som ligg deg oppe store deler av året.

Bekymra for hudkreft

At UV-indeksen har auka på våren dei siste 30 åra bekymrar generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen.

– Når UV-strålinga blir sterkare om våren, fryktar me at fleire nordmenn er ute i intens sol og at dei gløymer å beskytta seg fordi det ikkje er sommar.

Nordmenn er på verdstoppen når det gjeld hudkreft og rundt ni av ti tilfelle av hudkreft i Noreg har samanheng med for mykje UV-stråling, fortel Ross.

Vinterbleik hud blir lett solbrent, og dette er ei viktig påminning om kor viktig det er å beskytte seg mot sola spesielt om våren.

Sjekker du UV-indeksen før du skal sole deg?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Ønsker å varsla om strålane

Målingane til DSA vart starta på 90-talet etter ei kraftig auke i hudkrefttilfelle. Det var også forventa at UV-strålinga skulle auka på grunn av endringar i ozonlaget.

– Kunnskapen frå UV-målingane gjer det mogleg å setta inn meir effektive tiltak for å få ned hudkreft-førekomsten i Noreg, seier Johnsen.

Ross i Kreftforeningen seier ein enkelt kan sjekke UV-indeksen i YR-appen.

– Jo høgare UV-indeks, desto større behov for å ta vare på huda i sola!

Publisert 21.06.2025, kl. 20.07

Read Entire Article