Eit stort fjellparti i det populære turområdet Innerdalen har bevegd seg uvanleg mykje siste døgnet.
– På ein time i dag bevega fjellet seg minst 15 millimeter. Det er veldig mykje på kort tid, seier beredskapskoordinator i Sunndal, Erik Forbregd Henriksen.
Etter fleire ras vil Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) no overvake fjellet.
– NVE skildrar det som svært stor eller ekstremt stor rørsle. I tillegg er det veldig aktiv rasaktivitet, som tyder på at det er stor rørsle i fjellet, seier Henriksen.
I vår har det ha gått fleire fjellskred frå Skarfjellet. Den siste tida har det rast meir enn vanleg.
Biletet er basert på GPS-punkt som registrerer rørsle. Jo mørkare raudfarge jo større rørsle i det ustabile fjellpartiet. Ustabilt fjellparti er anslått å vera på cirka 5 millionar kubikkmeter, skriv Sunndal Kommune.
Grafikk: Foto/ Sunndal Kommune / Bildet er basert på GPS-punkt som registrerer bevegelse. Jo mørkere rødfarge jo større bevegelse i det ustabile fjellpartiet. Ustabilt fjellparti er anslått til å være på cirka 5 millioner kubikkmeter.Eit av Noregs største
Skulle heile fjellpartiet rase ut samtidig, vil massen vere på opp mot 5 millionar kubikkmeter. Det er 100 gongar så stort som Veslemannen, som raste ut i Romsdalen i 2019.
Det vil i så fall bli eit av dei største rasa i norsk historie.
NVE har sett opp ein radar som måler bevegelse med millimeterpresisjon.
– Men det er umogleg å seie når eit eventuelt skred vil gå, seier Henriksen.
Ber folk unngå området
Skarfjellet ligg like ved Innerdalstårnet, eit populært turmål i Innerdalen. Området har opp mot 25.000 besøkande i året. Skarfjellet er eit populært klatrefjell.
– Det viktigaste er å halde seg unne det fargelagde området som vi har vist i pressemeldinga, seier Henriksen.
NVE har sett på moglege utløp ved eit fjellskred. Desse viser at det ikkje er fare for hus der folk bur, Innerdalsvatnet, eller stien mot Innerdalen.
Publisert 14.07.2025, kl. 23.58 Oppdatert 15.07.2025, kl. 00.59