Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Nordiske erfaringar kan hjelpe Ukraina og andre land med ei gradvis tilknyting til EU.
Korleis fungerer det fleksible samarbeidet mellom EU og dei nordiske landa? Anne Pintsch og andre forskarar gir svara i ei ny samling artiklar (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Ukraina og andre land som vil inn i EU kan lære mykje av nordiske erfaringar, ifølgje forskaren Anne Pintsch ved Universitetet i Agder.
Ho er ein av redaktørane av ei ny bok om samarbeidet mellom EU og dei nordiske landa.
– Norden har vore eit laboratorium for fleksibelt EU-samarbeid i mange år, seier ho.
Valfridom i samarbeidet
Fleksibelt samarbeid vert i forskingsartiklar kalla «differensiert integrasjon». Det inneber at land i og utanfor unionen kan samarbeide med EU på ulike måtar.

Anne Pintsch er førsteamanuensis ved UiA. (Foto: UiA)
– Tenk berre på Noreg. Vi er ikkje med i EU, men samarbeider tett gjennom EØS-avtalen. Det er eit døme på fleksibelt samarbeid, seier Pintsch.
Alle EU-land treng altså ikkje vere med på alt. Dei kan velje å stå utanfor delar av samarbeidet.
Danmark er medlem, men har valt bort euroen. Sverige er medlem, men brukar ikkje euro. Finland er fullt medlem og brukar euro.
– Forskinga viser at ulike løysingar kan fungere godt, seier Pintsch.
EU som fleksibelt fellesskap
Fleksibiliteten gjer at EU kan vekse utan å tvinge alle inn i den same forma. Det kan gi rom for nye medlemsland. Men det skaper også vanskelege politiske og juridiske utfordringar.
– Ulike samarbeidsformer har likevel vore typisk for EU, seier Pintsch.
Med krig i Europa og nye land som ønskjer seg inn, blir det truleg meir av avtalar som gir gradvis tilknyting. Her kan Norden vise veg. I den nye artikkelsamlinga vurderer forskarane korleis samarbeidet mellom EU og dei nordiske landa faktisk fungerer.
– Vi har sett både på det som fungerer og det som ikkje fungerer. Det gir nyttig kunnskap til forskarar og politikarar, seier Pintsch.
Når det fungerer – og ikkje
Fleksibelt forsvarssamarbeid mellom dei nordiske landa har fungert godt dei siste ti åra.
– Det har vore prega av tillit som er bygd over tid, seier ho.
EØS-avtalen har òg vist seg stabil. Men ikkje alle område er like lette å samarbeide om.
– Pensjon og minstelønn er døme på område der samarbeidet er vanskeleg, seier ho.
Eit EU i ulikt tempo
Men fleksibiliteten har òg ei bakside.
Fleksibelt samarbeid betyr at medlemslanda har ulike vilkår og avtalar. Nokre deltek fullt ut. Andre har unntak. Dermed er ikkje EU ein fast struktur, men eit nettverk av ulike samarbeidsformer.
– Fordelen er at fleire kan vere med, men på ulikt nivå og i ulikt tempo, seier Pintsch.
Ulempa med land som utviklar seg i ulikt tempo, er at det kan svekkje samhaldet i EU.
– Fleksibelt samarbeid gir valfridom, men også utfordringar. Det kan føre til forskjellsbehandling av landa, og det kan gi fleire reglar å forhalde seg til for den enkelte, seier ho.
Problemet med mange reglar, er at det vert vanskeleg å forstå sakene. Da kan folk verte usikre på kva dei skal stemme for eller imot.
– Det er jo eit demokratisk problem viss folk ikkje forstår konsekvensane av det dei skal stemme om, seier Pintsch.
Nordisk modell kan ikkje kopierast
Dei nordiske landa har høg tillit til kvarandre. Det gjer fleksible løysingar stabile i våre land.
Dessutan har nordiske land som Noreg frivillig valt fleksibel integrering i EU via EØS-avtalen. Ukraina strevar på si side med å få til full integrering i EU.
– Den nordiske modellen kan ikkje kopierast direkte til resten av Europa. Vi treng også meir forsking om korleis nordiske erfaringar kan overførast til andre land, seier Pintsch.
Artiklane i boka byr på nye og relevante innsikter no som EU utviklar seg raskt.
– Land som Ukraina treng kunnskap om korleis ei gradvis tilknyting kan skje. Den kunnskapen kan politikarar og andre lese meir om i boka, seier ho.
Boka Differentiated Integration in a Nordic Perspective vender seg til forskarar, politikarar og studentar innan statsvitskap, økonomi og juss.
Referanse:
Anne Pintsch mfl.: Differentiated Integration in a Nordic Perspective. Routledge, 2025.