Mørke år ventar for jordbærelskarar

2 hours ago 3


Den store jordbæråkeren breier seg utover garden i Svelvik, der folk har kome frå fjern og nær for å plukke sommarbæra.

– Det beste er når eg finn dei som er store og modne, som eg kan bruke til dessert og syltetøy, fortel Ellie Meling Marcussen, som har kledd seg for anledninga.

Ei jente står i jordbæråkeren og viser fram at ho har på seg ein shorts med små jordbær på. To jenter star i bakgrunnen.

Åtte år gamle Ellie Meling Jacobsen frå Drammen har blitt god på å plukke dei beste jordbæra.

Foto: Johan E. Bull / NRK

I år har det vore landbrukskrise etter at 12 jordbærbønder har fått sjuke plantar, med soppsjukdommen raud marg, frå ein norsk jordbærprodusent.

Sjukdommen kan ligge i jorda i opptil 15 år, og til no finst det ingen kur.

Dette truar framtida til den norske jordbæra dyrka på friland.

Fleire har tatt turen til sjølvplukkinga i Svelvik.

Johan E. Bull / NRK

– Kanskje slutt på sjølvplukk

Men det er ikkje alle som har vore uheldig denne våren. Bærbonde Bente Stensland, som driv garden i Svelvik, hadde lykka med seg.

– Det er kanskje litt flaks for eg har også jordbærplantar frå den same produsenten som sannsynlegvis har hatt raud marg, seier bærbonden.

Garden i Svelvik er ein av få gardar på Austlandet der folk kan kome å plukke bær sjølv.

Over heile åkeren har folk grave seg ned i arbeidet sitt. Alle vil ha med den beste bæra heim.

– Vi skal bruke dei til å lage slush på hytta, fortel søstrene Vilja og Anna Meling Jacobsen fornøgd.

Snart har familien fylt opp 24 kurvar med sommarbæra.

– Den norske jordbæra er søt, god og mjuk. Eg smakar absolutt forskjell på norsk og utanlandsk bær, seier bestemor Else Jacobsen.

Ho håper bøndene finn ein måte å bli kvitt sjukdommen på.

– Det er veldig synd, da vil det kanskje bli slutt på sjølvplukk. Eg håper dei blir kvitt det, seier bærentusiasten.

Ei kvinne bøyer seg ned og smilar breitt til kamera mens ho plukkar bær.

Bestemor Else Jacobsen og barnebarna har plukka nesten 20 kilo jordbær denne sommardagen.

Foto: Johan E. Bull / NRK

Plastbær og potensiell pessimisme

På ein annan gard i Halden møter NRK ein som står midt i den stormande jordbærkrisa, nemleg leiar Bjørn Gimming i Norsk Bondelag.

– Sjukdommen har sete produksjonen kraftig under press, så håper vi at vi får situasjonen under kontroll, og at vi kan halde fram med å dyrke jordbær på friland i framtida, seier bonden.

en mann som står på en gresseng med en rød låve i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Leiar Bjørn Gimming i Norsk Bondelag kjenner ikkje forskjell på smaken på jordbær dyrka i plasttunnel og på friland.

Foto: Johan E. Bull / NRK

Likevel finst det eit alternativ, nemleg å dyrke jordbær i såkalla plasttunnel.

Da har bøndene meir kontroll, og mindre sjukdomspress.

– Plasttunnelar har kome mykje dei siste åra, og vil vere ein stor og viktig del av norsk jordbærproduksjon framover, forklarar bondelagsleiaren.

Men om dyrking i plasttunnel tar over, kan ein ikkje plukke bær i den klassiske jordbæråkeren, og kanskje vil ikkje smaken vere den same.

Men Gimming påpeiker at berre eit avgrensa antal produsentar er ramma, og foreløpig er han ikkje så pessimistisk til framtida til norsk jordbær.

– Eg synest at alle jordbær som blir produsert i Noreg er gode. Det handlar ikkje berre om tunnel eller friland, men om sortar og vêret den enkelte sesongen også.

Den store jordbærkrangelen

Tilbake i jordbæråkeren er ikkje alle einige med Gimming.

– Om det ikkje skal gå an å plukke sjølv meir, hadde eg blitt skuffa. Det smakar ikkje sommar frå butikken, seier skotske Euan Crowe.

Saman med sambuaren sin, Line Lund, er dei flittige bærplukkarar.

Dermed er den store diskusjonen hos paret ofte kva for jordbær som er best.

– Dei skotske jordbæra er betre, nei da, dei store og saftige norske bæra er fantastiske, spøkar han.

Tidlegare har parert plukka jordbær i Drøbak, men har måtta funne ein ny åker sidan garden er ein av dei uheldige som har fått raud marg.

– Det er ikkje noko å gjere med det, men det er synd for jordbær er jo norsk sommar, seier Line Lund.

Ein mann og ei kvinne plukkar bær frå kvar si side av jordbærstripa i åkeren.

Om det blir skotske, norske eller nederlandske bær på paret framover, gjenstår å sjå.

Foto: Johan E. Bull / NRK

Eit uovervinneleg uhyre

Og det er sanneleg ikkje lett å bli kvitt den raude margen om skaden først har skjedd.

– Nytt plantemateriale vil bli smitta med ein gong dei kjem i kontakt med det smitta jordområdet, fortel forskar Tage Thorstensen ved Nibio i Ås.

Mann i hvit labfrakk står på et laboratorium med utstyr i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Johan E. Bull / NRK

Derfor må bøndene enten finne seg ei ny jord som eignar seg eller slutte med dyrking på friland.

Sidan det ikkje finst noko som kan drepe den raude margen, vil Thorstensen å prøve ut ein ny teknologi, kalla Crispr.

– Den lagar små endringar i arvestoffet, slik at immunforsvaret til plantane blir styrka, og soppsjukdommen ikkje kjem til.

Ein person i laboratoriefrakk viser noko av forskinga han gjer på laboratoriet.

Ved Nibio i Ås er fleire i sving med ulik forsking.

Foto: Johan E. Bull / NRK

Teknologien er nyleg godkjent i EU, men godkjenninga her til lands ventar enno. Thorstensen ventar også svar på om han får midlar til forskinga.

– Da kan det hende vi slepp å importere enda meir jordbær frå Europa, seier forskaren håpefullt.

Publisert 13.07.2026, kl. 05.23

Read Entire Article