Michelin-stjerne til to bergensrestaurantar

19 hours ago 1


Restaurantane Omakase by Sergey Pak og Gaptrast får tildelt kvar si Michelin-stjerne. Det vart klart under presentasjonen av den nye utgava av den nordiske Michelin-guiden måndag kveld.

Brødrene Vladimir og Sergey Pak står bak fine dining-restauranten Omakase, som ligg i Domkirkegaten. Stjernekokk Kristian Vangen og grûnder Øystein Ellingsen står bak Gaptrast.

Restaurantsjef på Gaptrast, Kornelia Plociennik, håpar stjerna vil føre til fleire turistar og besøkande.

– Dette er veldig bra for Bergen. Me har jobba for dette sidan dag ein. Det er lidenskap som blir delt av alle på jobb. Alle har jobba mot same mål, seier ho.

Dermed har Bergen no tre restaurantar med Michelin-stjerne. Lysverket fekk si stjerne i 2022.

Read Entire Article