Eit forslag om å greie ut budsjettreglane på Stortinget, slik at mindretalsregjeringar lettare kan vedtatt eit budsjett, fekk i dag fleirtal.
Saka har skapt brei og til dels hissig debatt, men blei avgjort med minst mogleg margin: éi stemmes overvekt.
To forhold tippa vektskåla:
- Dobbeltstemma til stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap).
- At MDG dukka opp med éin representant for lite.
– Ein feil gjorde at vi dessverre mangla éin representant, seier stortingsrepresentant for MDG, Rasmus Hansson til NRK.
«MDG-tabben» blei avgjerande for at styringspartia Høgre og Arbeidarpartiet fekk det som dei ville.
– Feilen gjorde at det blei ja til ei utgreiing i dag. Men når utgreiinga kjem, seier vi sjølvsagt nei om ho gir meir makt til dei store partia, og mindre til veljarane og demokratiet, seier Rasmus Hansson (MDG).
Foto: Ingeborg Undheim / NRK– Reknekunnskapar er ein fordel
– Grunnleggjande reknekunnskapar er ein fordel når forsamlingar skal avgjere med fleirtalsvedtak, seier statsvitar og UiB-professor Eirik Holmøyvik.
Han viser til at det ikkje er første gong at «teljefeil» får store politiske konsekvensar, og at mindretalet på Stortinget bør ta med seg opptil fleire lærdommar etter dagens votering:
- At prosessreglar er viktige
- At partipisken er til for å bli brukt
- At alt går i ball utan grunnleggjande reknekunnskapar
– Grunnleggjande reknekunnskapar er ein fordel, seier Eirik Holmøyvik.
Foto: Kim E. Andreassen– Svært uansvarleg
Forvaltningsekspert og professor i rettsvitskap, Morten Walløe Tvedt, kallar det «svært uansvarleg» av MDG (og Christian Tybring-Gjedde) å fordunste under det han kallar ein «viktig avstemming for demokratiet».
– Å sitte på Stortinget handlar, i tillegg til kvar enkelt sak, om å halde oppe det konstitusjonelle systemet, seier han.
I dag må ei mindretalsregjering forhandle fram eit budsjettfleirtal i Stortinget.
Dagens vedtak inneber å greie ut eit alternativt system, der budsjettet med flest stemmer – sjølv om det ikkje har fleirtal – kan bli vedtatt.
I praksis vil dette kunne gi dei mindre partia mindre makt.
Raudt og SV har i løpet av dagen sendt ut pressemeldingar der dei karakteriserer dagens vedtak som «maktmisbruk» og «ei svekking av folkestyret».
Foto: Heiko Junge / NTB– Det er maktarroganse i si reine form
Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, bruker ordet «maktarroganse».
– Det er maktarroganse i si reine form å bruke dobbeltstemma til stortingspresidenten for å tvinge dette gjennom, seier ho.
Senterpartiet, Framstegspartiet, SV, Raudt, Venstre, MDG, KrF og Pasientfokus stemte alle mot forslaget. Berre Arbeidarpartiet støtta forslaget, som opphavleg kom frå Høgre.
– Vi forventar at Ap og Høgre legg dette forslaget i ei skuffe saman med andre dårlege forslag, og låser, seier Hans Andreas Limi, som finanspolitisk talsperson i Frp.
Foto: William Jobling / NRK– Tabben får neppe betydning for det endelege vedtaket
Jusprofessor og ekspert i forvaltningsrett, Hans Petter Graver, trur ikkje tabben – «dersom det var ein tabbe» – får noko å seie for vurderinga av det endelege vedtaket.
– Svikt i saksbehandlinga til Stortinget kan svekke legitimiteten til eit vedtak, men det må jo sjåast i samanheng med heile saksbehandlinga, seier han.
– Her er det snakk om eit vedtak om å greie ut, altså ikkje eit realitetsvedtak. Så lenge utgreiinga dekker dei relevante sidene og oppfølginga av den ordentleg, får ikkje dette betydning for det endelege vedtaket.
Jusprofessor og ekspert i forvaltningsrett, Hans Petter Graver, trur ikkje tabben – «dersom det var ein tabbe» – får noko å seie for vurderinga av det endelege vedtaket.
Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRKPublisert 19.06.2025, kl. 20.54