Måtte punge ut trass frifinning i antidopingsak: – Veldig urettferdig

1 day ago 6


– Hadde eg ikkje hatt advokat, hadde dette gått veldig dårleg, seier Oskar Marvik til NRK.

Det var våren 2024 at Antidoping Noreg kunngjorde at dei ville stenge ute Marvik i eitt år for det dei meinte var brot på meldeplikta. Dei meinte han hadde brote reglane tre gonger på eitt år.

To månader seinare blei han likevel frifunnen av domsutvalet i Noregs idrettsforbund.

Likevel fekk han ei rekning for eigne sakskostnadene på 108.000 kroner.

– Ei slik rekning hadde vore heilt umogleg å eigentleg betale på eiga hand, seier profilen mange blei kjent med i NRK-serien «Hovudet i klemme».

– Når du driv med bryting, så er det ein lite lukrativ idrett å drive med. Ein gjer det mest på grunn av lidenskap, når ein kjem frå Noreg.

– Kunne fort blitt dømt

I Antidoping Noregs regelverk står det at «NIF skal dekke heile eller delar av kostnadene til utøvaren til rådgivar og andre sakskostnader når særskilde grunnar taler for det». NIF refunderer pengar basert på den offentlege salærsatsen som per 1. januar 2025 er på 1315 kroner per time, ifølge domstol.no.

Etter frifinninga blei altså Marvik tilkjente sakskostnader. Men idrettsadvokatane til brytaren kosta atskilleg meir enn det han fekk tilbake.

NRK har vore i kontakt med Noregs idrettsforbund rundt kritikken frå Marvik. Kommunikasjonssjef Finn Aagaard viser til regelverket om offentlege satsar.

– I denne saka har Marvik bede om dekning av juridisk hjelp for 83 timar, og NIF innvilga dette basert på offentlege timesatsar, skriv Aagaard.

Sjølv meiner Marvik at det var avgjerande å ha ein idrettsjurist, sjølv om det kostar meir å bruke dei.

– Eg har vore veldig avhengig av kompetente folk rundt meg som har hjelpt for at denne saka skulle bli løyst på rett måte. Og hadde eg vore aleine, så trur eg at eg fort kunne bli dømt.

Det var advokatane Mats Aas Larsen og Mathias Lilleengen som hjelpte Marvik i saka. Dei har, saman med Noregs bryteforbund, dekt store delar av rekninga for sakskostnadene. Til slutt enda bryteprofilen med å betale 30.000 kroner.

Blei frifunne

– Rekninga er betalt nå og ute av verda, så den verkebyllen er ferdig. Men det var ein veldig vanskeleg situasjon som eg kjente var veldig urettferdig. At eg skulle sitte igjen med ei så stor rekning etter å eigentleg ikkje ha gjort ... eg har vore uskuldig heile vegen, meiner Marvik.

Han er ikkje imponert over korleis saka blei handtert av idrettsforbundet.

– Eg synest jo heile saka har vore veldig urettferdig med tanke på at eg aldri har hatt eigentleg tre prikkar, og sit igjen med ei saftig rekning. Eg har eit skadd renommé på mange måtar og ikkje minst ein OL-sesong som blei ganske hardt ramma av denne saka, seier Marvik.

en mann som holder en baby

FAR OG SON: Brytaren har nyleg blitt far til Johannes og skulle helst brukt pengane på sin 1 år gamle son.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

Idrettsadvokat Morten Justad Johnsen reagerer også på at uskuldige utøvarar må ut med store summar sjølv. Han påpeikar at dei færraste utøvarane har råd til idrettsadvokat under høyringa.

Han meiner at utøvarane er heilt avhengige av ekspertise på området.

– Det er eit internasjonalt regelverk, veldig lite tilgjengeleg og veldig komplisert. Så det at ein utøvar står aleine i det, er jo ein heilt umogleg situasjon for utøvaren, seier Johnsen.

Advokat Morten Justad

IDRETTSADVOKAT: Advokat Morten Justad Johnsen.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

NRK har også lagt fram for beskrivingane og kritikken frå Marvik for Antidoping Noreg. Dei svarer følgande i ein e-post:

– Antidoping Noreg forheld seg til føresegnene i antidopingregelverket om dekning av sakskostnader, skriv kommunikasjonsrådgivar i ADNO Kjell Arne Jørgensen til NRK.

Vil jobbe politisk

Nå vil Marvik bruke erfaringane sine til å skape endring i regelverket for uskuldige utøvarar.

– For meg personleg så er dette den viktigaste kampen for karrieren min så lenge som eg har halde på. Dei kronene som det har kosta for rettshjelp har vore verd kvar einaste krone, meiner brytaren.

– Eg ønsker å jobbe litt politisk i form av at ingen andre utøvarar skal hamne i same skvis som meg, seier han vidare.

Magnus Nedregotten, som er medlem av NIFs utøvarkomité og curlingprofil, reagerer på ordninga.

Curlingspelaren seier dei har hatt fleire saker der ein utøvar har enda med å bruke mykje ressursar på å bli frikjent, for så å ikkje få erstatta kostnadene.

– Det er ikkje greitt. Sånn kan vi ikkje ha det. Vi skal ha ein utøvarmasse som føler at dei blir varetekne på likt grunnlag når dei presterer opp mot verdstoppen i idrettane sine, uavhengig av om det er langrenn, fotball eller om det er bryting eller curling. Såpass store skal vi vere i idrettsnasjonen Noreg at vi skal ha likskap for lova der, meiner Nedregotten.

Nedregrotten

REAGERER: Magnus Nedregotten, curlingpiller og leiar i utøvarkomiteen.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

Publisert 11.06.2025, kl. 05.53

Read Entire Article