Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_ca1d56c31660d1e90fadd63370f78159, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Marius Broholm klar for fransk fotball - NorwayToday

Marius Broholm klar for fransk fotball

5 hours ago 5


Det stadfestar RBK på sine nettsider.

Marius Broholm forlater Rosenborg etter seks år i klubben og er klar for fransk fotball.

Samstundes er også Sverre Nypan truleg på veg bort frå Rosenborg.

Også TV 2 og Adresseavisen har omtalt overgangen.

Broholm har kontrakt med Rosenborg ut 2026-sesongen etter at han skreiv ny kontrakt med klubben i januar.

en person i fotballuniform som løper med en fotballball

Broholm har vore viktig for Rosenborg denne sesongen. No må trønderane klare seg utan kantspelaren.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Europa leauge

Den franske klubben enda på femte plass i franske Ligue 1 sist sesong.

Med det er dei klar for spel i Europa leauge til hausten.

Broholm har storspelt for Rosenborg denne sesongen. Med fem mål er kantspelaren trønderane sin toppscorar i Eliteserien.

20-åringen kom til Rosenborg frå Trondheimsklubben Tiller. 17 år gammal skreiv han sin første A-lagskontrakt med Rosenborg i 2022.

Broholm står med 56 kampar for trønderane og 11 mål.

Han har også kampar for aldersbestemte landslag.

Publisert 18.06.2025, kl. 17.24 Oppdatert 18.06.2025, kl. 17.27

Read Entire Article