Marit (33) takkar nei til Stortinget: – Stadig større krav

1 day ago 6


– Det blir stadig stilt høgare krav til at vi alltid skal svare og vere tilgjengeleg heile døgnet. Det er eit evig tidsjag og eg kjenner på at eg er mykje borte frå ungane mine. Derfor sa eg nei til politikken no og ja til familien.

33-åringen går rundt på familiegarden på Beito i Valdres der ho og familien snart flytter inn.

Ho er høggravid når NRK er på besøk og ventar sitt tredje barn. Kanskje er barnet fødd når denne artikkelen er på trykk.

en person som sitter i en stol

Marit kom inn på Stortinget med eit naudskrik i 2017, men no ventar eit nytt kapittel i livet for ho.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Det var i 2017 at ho kom inn på Stortinget med eit naudskrik for Oppland Senterparti.

– Kjent på lange dagar

Strand fekk fornya tillit for fire år sidan, men framfor den komande perioden takka ho nei til å stå på nominasjonslista til Oppland Sp.

– Det var eit tøft val. Men eg har kjend over tid at det er lange og krevjande dagar på Stortinget. Eg gjekk glipp av mykje heime, og no kjende eg på at det er riktig å prioritere familien.

en person som holder en geit

På garden Sørre Beito har dei både sau og kyr.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Dermed føyer hennar nei til rikspolitikken seg inn i ei lengre rekke av profilerte politikarar som seier nei til Stortinget for å prioritere familien.

Alle desse har takka nei til å stå på liste framfor stortingsvalet og vil ha meir tid til familien:

– Eg trur det svekker politikken at fleire småbarnsforeldre takkar nei til å stå på listene til stortingsvalet. For demokratiet trur eg det er viktig at alle aldrar og grupper er representert på Stortinget.

Mari (33) takkar ja til Stortinget

Mari Holm Lønseth (33) frå Sør-Trøndelag Høgre var blant dei yngste representantane som vart stemt inn på Stortinget i 2017.

I tillegg til at det var eit rekordungt Storting, så var også kvinneandelen den høgste som nokosinne har vore på Stortinget.

33-åringen frå Trondheim har sagt ja til å gå på ei ny periode på Stortinget – om ho blir vald inn.

– Eg er motivert for å gjere ein forskjell for å få eit betre Noreg. Derfor takka eg ja, seier Lønseth.

Mari Holm Lønseth

Mari Holm Lønseth (33) frå Sør-Trøndelag Høgre har takka ja til ei ny periode på Stortinget.

Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen / Hans Kristian Thorbjoernsen

Spent på pendlarlivet

Det var tidlegare i år at ho vart mor for fyrste gong. Det var ei stor oppleving og no er ho i mammapermisjon.

Ho er spent på korleis det vil bli å kombinere pendlarlivet til Stortinget i Oslo med småbarnslivet heime i Trondheim.

– Å få tidsklemma til å gå opp blir nok krevjande. Men det er det for alle som reiser mykje uansett. For min del er eg motivert for å gjere ein jobb for å betre kvardagen til folk, seier Lønseth.

I motsetning til Strand er inntrykket til Lønseth at småbarnsforeldre som takkar nei til Stortinget er ganske stabilt i forhold til før.

– Men at det er krevjande, ja!

– Mister erfaring

Ho tykkjer det er synd at småbarnsforeldre takkar nei til å stå på nominasjonslister framfor stortingsvalet.

– Den enkelte må gjere sitt eige val, men ein mister jo mange brukarar av tenestetilbodet som vi har i Noreg. Dette gjeld barnehagar, skular og anna. Demokratiet mister folk som har mykje arbeidskapasitet og erfaring som vi trenger.

Mari Holm Lønseth

Mari Holm Lønseth meiner det er viktig å ha småbarnsforeldre på Stortinget.

Foto: William Jobling / NRK

Ho meiner Stortinget legg godt til rette for at småbarnslivet skal fungere med rikspolitikken.

– Men sjølvsagt kjem det til å bli krevjande. Uansett tenker eg det er fint at eg kan vere eit talerøyr for mange småbarnsfamiliar.

Forskar: Fleire kvinner enn menn takkar nei

Ingrid Guldvik, professor i statsvitskap ved Universitetet i Innlandet, trur det er samansett kvifor folk takkar nei til attval.

– Det er ikkje til å underslå at det er mykje arbeid med å ha barn. I lokalpolitikken er det fleire kvinner enn menn som takkar nei til attval.

en mann som står utenfor

Professor i statsvitskap, Ingrid Guldvik.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Ho peiker på at småbarnslivet er ei periode i livet som ein ikkje klarer å oppfylle alle målsettingane ein har.

– Ofte er det kvinner som tek all planlegging, organisering, når skal barnebursdagar feirast og så vidare. Ein del slike ting kan vere meir utfordrande for kvinner å kombinere med yrke og politikk.

Dersom mange småbarnsforeldre takkar nei til Stortinget vil demokratiet miste det Guldvik kallar sosial representasjon.

– Det handlar om at dei som sit i folkevalde organ skal spegle befolkninga. Det er kjempeviktig å ha folk i ulike livssituasjonar, samt kjønn, alder og geografi.

Full sal når Stortinget behandler endringer i bioteknologiloven.

Det er 169 representantar i Stortinget. Dei to siste periodane har det vore rekordungt.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Spesielt viktig er det å ha folk som kjenner der skoa trykker, meiner ho.

– Dette gjeld i familiepolitikken, utdanning, helse, samferdsel og helse.

Med på oppturar og nedturar

Marit K. Strand er glad for at ho har brukt åtte år av livet sitt som stortingsrepresentant.

– Det har vore meiningsfullt.

Ho har kanskje vore med på ei av dei mest historiske Sp-tidene i norsk politikk nokosinne. Rekordoppslutning og regjeringssamarbeid før ein kraftig tilbakegang.

en mann som står ved siden av en gruppe kyr

Strand håper fleire yngre ser verdien av å vere med i politikken.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Hennar plass har vore i utdannings- og forskingskomiteen og namnet Strand var oppe til diskusjon da ny forskings- og høgare utdanningsminister skulle plukkast ut.

– Det har vore eit privilegium og ei ære å få vere med og forme politikken i Noreg. Det er fint å vere med og kjempe for verdiane vi har i Noreg med alt det alvorlege som skjer i verda.

– Kunne Stortinget lagt betre til rette for småbarnsforeldre?

– Eg føler alltid at eg har fått hjelp til det eg har lurt på. Løna til ein stortingspolitikar er det heller ikkje noko å seie på. Men Stortinget ligg i Oslo, og for min del var valet mellom å flytte til Oslo eller til garden med familien. Da vart valet enkelt.

  • Les alt om NRK sin siste supermåling. Støre får fornya tillit mens Framstegspartiet fossar fram:

Vil at ungane skal vekse opp på garden

Ho vil at ungane hennar skal vokse opp på familiegarden framfor det ho kallar «asfaltjungelen».

– Dei skal leike, klatre, slå seg og vere ute. Samtidig skal dei få lov til å vere nær dyra. Eg trur ungane lærer mest gjennom å gjere.

Men ei endring kunne Stortinget gjort som kunne ført ho tilbake.

– Eg fleipa med at kanskje kunne Stortinget flytta på seg rundt i Noreg. Vi kunne til og med hatt samling i Valdres!

Meningsmåling mai 2025 Hvordan ville Norge stemt?

Vis i tillegg

Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

29,4 %

+3,1

20,6 %

+9,0

18,4 %

−2,0

6,5 %

−1,1

5,5 %

−8,0

5,4 %

+0,7

4,0 %

−0,6

3,5 %

−0,3

3,1 %

−0,8

0,2 %

0,0

Partimåling fra Norstat for mai 2025 med 15200 spurte. Sammenlignet med resultatet i stortingsvalget i 2021.

No er det fjøsstell for lamma og kyrne på garden Sørre Beito som ventar. Om det blir noko comeback på sikt er for tidleg å tenke på.

– Vi får sjå. Ambisjonen eg hadde innanfor politikken er ikkje nødvendigvis borte. Kanskje blir eg lokal- og fylkestingspolitikar. Engasjementet mitt er framleis stort.

– Viktig med unge stemmer

Jakob Øvensen Aanderaa, styreleiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, tykkjer det er synd at fleire småbarnsforeldre takkar nei til Stortinget.

– Det har vore ei fin utvikling med fleire unge som har kome inn på Stortinget. Unge stemmer gjer at det er lettare å få gjennom sakene som de unge er oppteke av og dei ser at nokon kjemper for dei.

en mann som smiler med et skilt bak seg

Styreleiar i LNU, Jakob Øvensen Aanderaa

Foto: Espen Brække Grønberg / LNU

Han trur og at det kan bidra til at fleire unge stemmer.

– Det viser at unge har ein plass og rolle i demokratiet. Med unge stortingsrepresentantar blir unges saker vareteke på den viktigaste møteplassen i norsk demokrati.

Han trur det er viktig at det blir lagt til rette så godt det et seg gjere for at ein kan ha familie og samtidig vere på Stortinget.

– Ein fleksibel kvardag er nok viktig. Det viser også at ein kan delta i demokratiet sjølv om ein har barn.

Han trur at ein viktig sak for barn og unge er å komme seg skikkeleg på beina igjen etter koronapandemien.

– Det råka barn og unge hardt. Mange tradisjonar og mykje læring gjekk tapt. No må vi leggje til rette for gode og sterke rammevilkår igjen.

Hei!

Takk for at du leste artikkelen. Vi prøver heile tida å skrive relevante nyheitssaker. Om du har eit tips vi bør sjekke opp eller ein sak du meiner vi må omtale er det berre å ta kontakt. 

Publisert 11.06.2025, kl. 16.12

Read Entire Article