– Eg kosar meg i lastebilen. Så dette var midt i blinken for meg, seier Marion Boge Skaar (26).
Ho er ute på sin første dag aleine bak rattet på ein stor, grøn lastebil med Bring-logo.
Etter å ha køyrt varebil i fleire år, med vanleg bilførarkort, har Marion tatt eitt steg opp. No har ho førarkort klasse C, for lastebilar over 3500 kilo.
– Eg var litt nysgjerrig på å prøva noko nytt då moglegheita dukka opp, og føler at eg valde rett, seier ho.
Gratis – med bindingstid
Moglegheita ho snakkar om er gratis oppgradering av førarkort. Arbeidsgjevaren Posten Bring har i første omgang plukka ut 22 varebilsjåførar som kan ta lappen på lastebil og eit såkalla yrkessjåførkurs (YSK).
Føresetnaden er at dei jobbar vidare i bedrifta i minst tre år.
Det kjem fleire rundar med opplæring seinare i år, og til neste år får endå fleire tilsette sjansen til å nytta tilbodet. Opplæringa skjer fleire stader i Sør-Noreg.
Viss ein vil ta førarkort og yrkessjåførkurs på eiga hand, kan prisen variera mykje. Men totalsummen kan bli godt over 100 000 kroner.
Marion Boge Skaar har litt større last i bilen, etter at ho gjekk frå varebil til lastebil med det nye tilbodet til Posten Bring.
Foto: Oskar Rennedal / NRK– Kjempeutfordring
Grunnen til at Posten Bring har sett i gang opplæringsprogrammet er ein generell mangel på lastebilsjåførar. I tillegg ser dei at svært mange av sjåførane som jobbar i bedrifta i dag, blir pensjonistar dei næraste åra.
– Vi ser allereie no at det kan vera utfordrande å få tak i yrkessjåførar. Viss vi skal venta i to år med å ta tak i det, så står vi i ei kjempeutfordring. Derfor ønskjer vi å vera tidleg ute, og gjera noko med dette no, seier prosjektleiar Kim Sigvartsen.
Han legg til at dei samtidig gjer andre grep for å gjera det meir attraktivt å jobba som lastebilsjåfør. Blant anna har Posten Bring lagt om på enkelte køyreruter, slik at sjåførane på lange ruter kan bytta bil halvvegs. Dermed kjem dei seg heim igjen, og slepp å overnatta i bilen.
Sigvartsen oppfordrar også andre store transportbedrifter til å tenkja nytt om rekruttering.
– Vi aleine greier ikkje til å løysa dette. Vi må unngå at vi kjem i ein situasjon der vi kranglar om dei same menneska.
Prosjektleiar Kim Sigvartsen i Posten Bring seier dei må få tak i fleire lastebilsjåførar, blant anna fordi mange snart blir pensjonistar.
Foto: Oskar Rennedal / NRKTreng fleire sjåførar
Det er ikkje berre Posten Bring som manglar sjåførar. Ei undersøking frå NHO viser at Noreg treng minst 2 500 nye yrkessjåførar kvart år fram til 2030.
Regionsjef Jan Ove Halsøy i Norges Lastebileigar-Forbund (NLF) er svært bekymra over sjåførmangelen.
– Eg vil seia at det er nesten kritisk. Vi slit med å rekruttera nok sjåførar til å bemanna bilane vi allereie har. Når vi veit at godsmengda skal auka ganske mykje framover, så må vi ha fleire folk viss vi skal klara å løysa dei samfunnsoppgåvene som transportnæringa skal gjera, seier Halsøy.
Han meiner det eit viktig bidrag at Posten Bring og andre bedrifter støttar dei som kunne tenkja seg å bli yrkessjåførar.
Regionsjef Jan Ove Halsøy i Norges Lastebileigar-Forbund er bekymra for at det manglar yrkessjåførar, og meiner det må gjerast fleire ting for å få folk til å velja yrket.
Foto: Oskar Rennedal / NRKHalsøy fortel at det tidlegare var ein god del sjåførar frå Aust-Europa som jobba for norske transportbedrifter. Men no er det blitt enklare for dei å få gode jobbar lenger sør i Europa. Derfor meiner han næringa må finna nye sjåførar i Noreg.
– Vi samarbeider blant anna med Nav og får inn mange sjåførar derifrå. Vi har også eit samarbeid med Forsvaret, der mange får lastebilførarkort. Desse er vi interesserte i å få tak i.
Vil framsnakka sjåføryrket
Samtidig peikar Halsøy på at det er viktig med gode løns- og arbeidsvilkår, og at fleire må snakka positivt om det å køyra lastebil.
– Det å køyra lastebil er eit flott yrke. Du får oppleva Noreg eller Europa, alt etter kvar du ønskjer å køyra. Jobben kan tilpassast til ein kvar livssituasjon, anten ein er småbarnsforeldre som vil vera heime på fritida, eller ein ønskjer langkøyring i Noreg eller i utlandet, seier Halsøy.
Fellesforbundet, som organiserer mange yrkessjåførar, ser positivt på tiltaket som Posten Bring har sett i gang. Men forbundet meiner det må gjerast meir.
– Vi meiner det er leit at vi ikkje greier å utdanna nok sjåførar til å dekka behovet. Vi meiner at fleire aktørar i transportbransjen burde ta eit tak, seier avdelingsleiar Eirik Svensson i Fellesforbundet avdeling 11.
Marion Boge Skaar stortrivst med ein større bil, og meiner det kan vera eit fint yrkesval for mange, spesielt for kvinner.
Foto: Oskar Rennedal / NRKMarion Boge Skaar ryggar den grøne lastebilen sin inn mot lasterampen på postterminalen i Bergen. Ho er ferdig med dagens oppdrag, og smiler framleis frå øyre til øyre.
– Når eg var såpass usikker som eg var, men har funne sånn glede i denne jobben som eg har, så syns eg berre at folk skal slå til. Og i alle fall damer. Vi treng fleire kvinnelege yrkessjåførar, seier ho.
Hei, har du innspel til denne saka, eller tips om andre saker vi bør fortelja om? Send meg gjerne ein e-epost!
Publisert 11.06.2025, kl. 16.49