Målfrid (95) slepp å bu i denne rønna

1 week ago 19


Volda kommune gav Målfrid Vartdal buplikt på småbruket ho vaks opp på, sjølv om den tidlegare eigaren fekk fritak tre år tidlegare.

Då meinte kommunen huset på Lauvstad var ubebueleg.

Kommunen grunngav endringa mellom anna med at dei hadde stramma inn på regelverket, og at det var viktig at det budde folk på bygdene.

Dei meinte også det var fullt mogleg å sette huset i stand.

Målfrid Vartdal (95) på Vartdal helsetun

Målfrid Vartdal bur no på Vartdal helsetun

Foto: Kari Anne Vartdal Røed

– Må reknast som ubrukeleg

Familien klaga på vedtaket om buplikt, men det førte ikkje fram hos kommunen.

Enten måtte Målfrid Vartdal bu på garden sjølv i fem år, eller ho må finne nokon andre som kan bu der i åtte år.

No har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kjent vedtaket til Volda kommune ugyldig.

Dette inneber at Målfrid Vartdal kan overta bruket på Lauvstad utan buplikt.

– Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast vidare på i forvaltninga, skriv Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i vedtaket.

Huset på Lauvstad med buplikt.

Huset ligg like ved nabogarden, fjøsen tilhøyrer naboen som tek seg av dyrkamarka.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dei slår fast at huset ikkje er bebueleg.

– Etter vår vurdering er våningshuset som har stått tomt sidan 2009, i så dårleg forfatning at det må reknast som «ubebygd» og ubrukeleg på grunn av alder og forfall.

Dei skriv i vedtaket at regelverket ikkje gir rom for å vektlegge Volda kommune sitt ønske om busetting på eigedomen, eller huset sin eventuelle verdi på grunn av god plassering.

  • Eternittplatene dett av veggane på huset på Lauvstad

    Eternittplatene dett av veggane på huset på Lauvstad.

    Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
  • Råte i vindaugskarm

    Vindaugskarmane ber preg av dårleg vedlikehald.

    Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
  • Huset som Målfrid Vartdal har publikt på, Lauvstad i Volda

    Badet treng ei oppgradering.

    Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
  • Sopp i taket på huset på Lauvstad

    Det er sopp mange stader i huset.

    Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
  • Kjøkkenet i huset på Lauvstad

    Eit av kjøkkena i huset på Lauvstad.

    Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
  • Golvet i huset på Lauvstad

    Kommunen meiner golvet er beint og fint og at huset dermed kan bergast.

    Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Letta

Svigersonen til Målfrid Vartdal, Per Ole Røed, seier familien blei veldig glade då dei fekk vedtaket frå Statsforvaltaren.

– Det er ein enorm lette. Huset er ikkje bebueleg, slik vi har hevda heile tida, seier han.

Familien vil no rive huset, og rydde på garden.

– Brannvesenet har alt vore i kontakt med oss med tanke på at dei vil ha brannøving der, så då løyser vi kanskje rivingsarbeidet på den måten, seier han.

Per Ole Røed og Arne Ole Vartdal på garden svigermor og mor eig.

Per Ole Røed og Arne Ole Vartdal på garden svigermor og mor eig.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Har ikkje fått sett seg inn i saka

Volda kommune er ein av fleire kommunar i landet som strammar inn på handheving av buplikta, fordi dei har problem med at hus står tomme og berre blir brukte til feriehus.

Ordføraren i Volda kommune, Sølvi Dimmen (Sp), seier ho førebels ikkje har ein kommentar til saka, fordi ho ikkje har sett vedtaket enno.

Publisert 27.05.2025, kl. 13.58

Read Entire Article