Beløpet som må betalast tilbake er meir enn 30 gongar høgre – i snitt – når Helfo melder ein lege for bedrageri, enn når Nav melder brukarar for trygdesvindel.
Det viser tal NRK har henta inn frå Nav og Helfo.
Tala viser at mange legar ikkje blir melde til politiet, sjølv om dei får krav om å betale tilbake millionbeløp av midlar frå fellesskapet.
- I perioden 2021 til og med 2024 melde Helfo 22 legar til politiet, som dei meiner tok ut nesten 150 millionar kroner for mykje. (6,8 millionar kroner i snitt.)
- I same periode fekk 55 andre legar krav om å betale tilbake totalt 172 millionar kroner, men desse vart ikkje melde til politiet. (3,1 millionar kroner i snitt)
- Til samanlikning vart 971 Nav-brukarar melde til politiet i 2023 og 2024, som skal ha fått utbetalt 207 millionar kroner for mykje. (213.000 kroner i snitt.)
– Det er eit høgt beløp, erkjenner avdelingsdirektør Cecilie Eriksen Brodal i Helfo.
Cecilie Eriksen Brodal i Helfo seier det berre er dei mest alvorlege sakene som blir melde til politiet.
Foto: HELFO / Morten RakkeHo viser til at det blir gjort konkrete vurderingar frå sak til sak om kva som er riktig verkemiddel å nytte. Berre dei mest alvorlege sakene, der Helfo meiner det er mistanke om bedrageri, blir melde til politiet.
Få saker meld til politiet
Heile refusjonsordninga, og dermed løna til dei meir enn 5000 fastlegane i landet, er i stor grad basert på tillit.
I perioden 2021 til 2024 fekk altså 77 legar krav om å betale tilbake beløp, men «berre» 22 av sakene vart melde til politiet. Det utgjer 28 prosent av sakene.
Helfo har sjølv moglegheit til å gjennomføre eit anna sterkt verkemiddel, nemleg å ta frå legen refusjonsretten. Dette skjedde i 45 av dei 77 sakene frå 2021 til 2024.
– Beviskrava i strafferetten er høgre enn i forvaltningssaker. Det gjer at det er dei mest alvorlege sakene som blir melde, seier Eriksen Brodal.
– Korleis er det mogleg, for eksempel for ein lege, å få fleire millionar for mykje frå fellesskapet, utan at det er ein viss grad av forsett?
– Det er eit godt spørsmål. Det er vanskeleg å svare på utan å gå inn i konkrete enkeltsaker. Men ein stor andel av våre saker blir melde. Men vi må gjere konkrete vurderingar i kvar enkelt sak.
Ulik praksis
Helfo opplyser til NRK at dei i dag ikkje opererer med nokon grenser eller sum som gir grunnlag for å melde til politiet.
– I Helfo har vi teke eit val om ikkje å forhalde oss til et konkret beløp.
Ho viser til at Helfo gjer ei totalvurdering ut frå dei konkrete funna som er gjort i dei ulike sakene.
Hos Nav er det annleis. Nav opplyser at dei nyttar seg av grunnbeløpet i folketrygda som ei rettesnor, i saker der det er mistanke om svindel. Beløp under dette, blir sjeldan meldt til politiet. (1G = 124.028 kroner i 2024)
– Det er ganske viktig. For det er i tråd med rettspraksisen som mellom anna Høgsterett har utvikla, på kva som normalt vil kunne føre til fengselsstraff, seier direktør for Nav kontroll, Ole Johan Heir.
Reagerer på forskjell
Bergensadvokat Mona Holmedal, som jobbar med trygdesaker for NAV-brukarar i ulike delar av landet, seier ho har hatt ein del klientar som har fått krav om tilbakebetaling.
Ofte ligg kravet på mellom 150.000 og 200.000 kroner. I brevet til brukaren kan det også ligge ved ei standardformulering om mogleg politimelding.
– Då blir dei vettskremte og byrjar ofte å grine og er heilt fortvila. Dei er redde for å hamne i fengsel og seier dei handla i god tru, og at dei ikkje har visst kva dei har gjort.
Advokat Mona Holmedal fortel om fortvilte Nav-brukarar som dukkar opp og som treng hjelp til tilbakebetalingskrav.
Den same erfaringa har trygderettsjurist Ina Dølerud i Vestfold.
– Dei er veldig fortvila og redde. «Gud, kjem eg i fengsel? Kva skjer no?»
Begge seier dei har opplevd at krav frå Nav har blitt reduserte etter at dei engasjerte seg i sakene. Begge er også kritiske til det dei meiner er urimelege forskjellar mellom enkelte yrkesgrupper og Nav-brukarar – med tanke på kva som skal til for å bli meld til politiet.
– Eg tenker at det er diskriminering og at det er forskjell på folk, seier Dølerud.
Trygderettsadvokat Ina Dølerud har opplevd at kravet frå Nav har blitt endra etter at ho har engasjert seg.
Foto: PrivatFleire saker endar med dom
Ole Johan Heir i Nav svarar at det berre er dei mest alvorlege svindelsakene som blir melde til politiet, etter grundige vurderingar.
I tillegg meiner han det er ein god indikasjon at Nav har god utteljing på sakene dei går vidare med.
I perioden 2021 til 2024 enda meir enn tre av fire saker, som Nav melde til politiet, med dom.
– Vi ser vel at når vi først går til det skrittet, då er vi ganske overtydde om at det er det som har skjedd, ja. Og vår erfaring er at domstolen også er samd når vi kjem dit.
Ole Johan Heir i Nav kontroll er nøgd med at dei fleste av dei melde sakene endar med domfelling.
Foto: NavHelfo har på langt nær så god utteljing på sakene dei melder til politiet.
Frå 2021 og fram til i dag har 3 av 27 melde saker så langt ført til dom. 11 saker er skrinlagde. Dei andre sakene er ikkje endeleg avgjort, og er framleis til behandling anten hos politiet eller i rettsapparatet.
Eriksen Brodal i Helfo trur noko av forklaringa skuldast kompleksiteten i ein del av sakene og manglande behandlingskapasitet hos politiet.
– Det at talet på skrinleggingar er høgt, er ikkje ein del av vårt vurderingsgrunnlag for om vi melder eller ikkje.
Publisert 24.05.2025, kl. 08.03