Lærarar i friluftsliv vart utfordra då ein blind student meldte seg på studiet

12 hours ago 5


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Frå første skuleår er det eit ideal at undervisninga skal vere tilpassa den enkelte. Men korleis gjer ein det i praksis? Og kan det faktisk være en fordel å være blind når du skal finne fugler i naturen?

Friluftsliv må ikkje vere ekstremsport for at ein skal ha utbytte av det, meiner forskar. (Illustrasjonsfoto: Pexels)

– Det finst mange studiar om tilpassa undervisning, men få som viser korleis det vert praktisert innafor idretts- og friluftsfag i høgare utdanning, seier idrettsforskar Aron Laxdal ved Universitetet i Agder (UiA).

Han publiserte nyleg ein studie om tilpassa undervisning for studentar med funksjonsnedsetting. Studien er basert på intervjuar med fire lærarar.

Saman med to andre forskarar har han sett på korleis fire universitetslærar la undervisninga til rette for ein synshemma student. Kva for innsikter fekk dei av det?

– Vi konkluderer med at ein ikkje berre må sjå snevert på den enkelte når ein tilpassar undervisninga, seier idrettsforskar Aron Laxdal ved UiA. (Foto: UiA)

Den synshemma studenten tok ein bachelor i helsefag og hadde valt friluftsliv som årsstudium.

Aktivitetar gjennom heile året

Blinde studentar er uvanleg i eit fag som friluftsliv. Faget er fysisk og dreiar seg i høg grad også om visuelle opplevingar.

– Det var ei kjempeoppleving både for lærarane og studentane å ha den blinde med, seier Laxdal.

Han trur både lærarar og studentar lærte vel så mykje av den blinde som ho lærte av dei.

Mykje rigg og mykje vêr

Det kravde mykje rigg å ta med ein blind student for å gå på ski og byggje snøhole. Men har du valt friluftsliv som spesialisering, er ikkje skitur i snøfokk den einaste utfordringa du møter.

I løpet av året skal studentane også på sykkelturar. Dei skal ut i kajakk. Dei skal padle kano. Dei skal vandre i skog og mark. Dei skal verte kjent med høgfjell, fjellvatn og bekkefar. Og dei skal vere ute både om hausten og vinteren, uansett vêr.

I tillegg til å vere oppå vatnet i ein kano, skal studentane også vere i vatnet. At dei kan svømme er sjølvsagt. At dei har kurs eller kompetanse i livredding vert tilrådd.

– Det er ingen tvil om at dette er eit fysisk krevjande studium. Mange turar kravde også sitt frå dei funksjonsfriske. Studentane var til dømes fleire dagar i høgfjellet. Dei planla turen, sette opp telt og grov snøholer, seier Laxdal.

Tilpassing for studenten, men ikkje av opplegget

Den synshemma fekk eit opplegg som passa for henne. Dei andre studentane opplevde det berikande at ho var med. Det same gjorde lærarane. Dei var som sagt nøgde med at ho kom seg gjennom studiet.

Men Laxdal var ikkje heilt nøgd med det svaret.

– Det er vel og bra at dei tilpassa turane til den synshemma ved at studentar hjelpte henne undervegs. Ho vart friteken frå ulike aktivitetar under turane, men det var ikkje alltid nødvendig, seier Laxdal.

Unødvendig eksludering

Laxdal fortel at ho til dømes vart ekskludert frå fugletitting.

– Det er vanskeleg å sjå etter fuglar når du er synshemma. Men nøkkelpunkt når du skal finne fuglar, er å høyre etter kvar dei er. På det området hadde den synshemma meir trening enn dei andre.

Laxdal meiner det var ei unødvendig ekskludering. I studien kallar han det eit snevert syn på tilpassing.

– Med eit breiare syn på tilpassing kunne lærarane ha funne ein alternativ aktivitet som likevel sikra at ho nådde dei same faglege måla som resten av studentane, seier han.

Ekte friluftsliv treng ikkje vere dristig

Laxdal peikar på at friluftsfag ofte er basert på eit litt ekstremt syn på naturen: Turar og overnatting i det fri skal helst vere litt krevjande for å kallast friluftsliv.

– Studentane skal etter kvart ut i jobb og lære andre å ferdast i skog og natur. Da må dei ha lært at meiningsfulle opplevingar av naturen kan gjerast tilgjengeleg for alle, seier han.

I studien kjem det fram at lærarane flikka på det eksisterande opplegget i staden for å gjere større endringar av undervisninga.

– Du treng ikkje leggje turane i vanskeleg terreng. Ekte friluftsliv må ikkje vere dristig og krevjande for å vere meiningsfylt, seier Laxdal.

Han meiner faget har mykje å vinne på å normalisere utfordringane.

– Vi konkluderer med at ein ikkje berre må sjå snevert på den enkelte når ein tilpassar undervisninga. Eit breiare syn inneber at studentane må kunne velje mellom fleire aktivitetar for å lære det dei skal, seier Laxdal.

Den synshemma var kvalifisert

Det høyrer med til historia at den synshemma var kvalifisert for studiet. Ho var i god fysisk form og kunne både svømme og gå på ski før ho starta på studiet.

– Den synshemma lykkast som student. Ho vart ein del av gjengen og gjennomførte studiet. Men eg trur lærarar i friluftsliv må sjå meir på korleis dei kan tilpasse fag og aktivitetar til fleire, seier Laxdal.

Referanse: 

Aron Laxdal mfl.: She was a raare diamon: Teatchers´ experienes of teaching a visually impaired student in a friluftsliv progamme. Sport, Education and Society, 2025. Doi.org/10.1080/13573322.2025.2488367

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article