Laurdag stemte Senatet for første gong over USA sin president Donald Trump sitt budsjettforslag.
Etter mange forseinkingar og intense forhandlingar, enda avstemminga med republikansk fleirtal.
– I kveld såg vi ein stor siger i Senatet, skriv Trump på Truth Social.
Foto: MANDEL NGAN / AFP / NTBDet 940 sider lange forslaget blei sendt ut etter midnatt fredag kveld.
Det var upopulært blant Demokratane.
– Vi blir her heile natta
Republikanarane har det travelt med å få vedteke det 940 sider lange lovforslaget.
Trump har sett sin eigen frist til 4. juli, for å få forslaget vedteke.
Trump ønsker mellom anna skattelette, meir pengar til kontroll av innvandring og kutt i kan få tilbodet.</p> " data-term="Medicaid">Medicaid.
Politikarane i det republikansk-kontrollerte Senatet, fekk under eitt døgn på å lese gjennom budsjettforslaget.
Det er i Capitol Hill at Senatet skal stemme over lovforslaget.
Foto: AL DRAGO / AFP / NTBNo krev han at budsjettforslaget blir lese gjennom i fellesskap.
Det før debatten kan byrje og ei endeleg avstemming kan gjennomførast.
Ifølge Demokratane er lovforslaget eit skattekutt for dei rike, finansiert ved å kutte i tilbod for arbeidarklassen.
Schumer er mot forslaget til Trump.
Foto: AL DRAGO / AFP / NTB– Republikanarane vil ikkje fortelje kva som står i forslaget. Derfor tvinger Demokratane fram at heile forslaget skal bli lese opp frå start til slutt i salen.
– Vi blir her heile natta dersom det er det som trengst for å få det lest, skriv Schumer på X.
Det er anslått at ei høgtlesing vil ta mellom 10 og 15 timar å gjennomføre.
Omdiskutert budsjettforslag
Lovforslaget er kontroversielt også blant Republikanarar.
Forslaget legg opp til omfattande kutt i sosiale ordningar, som Medicaid og matkupongar.
Nasjonal sikkerheit vil i forslaget få 350 milliardar dollar, og det er forslag om å halde fram med Trump sine massedeportasjonar.
Kongressen sitt uavhengige budsjettkontor, anslår at prisen på tiltaka i forslaget vil ha ein prislapp på omtrent 3800 milliardar dollar over ti år.
Det vil auke den amerikanske statsgjelda med 2400 milliardar dollar.
Rand Paul er kritisk til lovforslaget.
Foto: Rod Lamkey / AP / NTBRand Paul er blant dei som har kritisert forslaget.
Han meiner at lovforslaget «ikkje løyser gjeldsproblemet».
Det fall ikkje i god jord hos presidenten.
– Kva er gale den denne fyren, skriv presidenten om Paul på Truth Social.
Thom Tillis kritiserte kutta i Medicaid.
Foto: KEVIN DIETSCH / AFP / NTBPresidenten tok også til sosiale medium, då senator Thom Tillis kritiserte kutt i Medicaid.
– Thom Tillis gjer ein stor feil for Amerika og dei fantastiske innbyggarane i Nord-Carolina, skriv Trump på Truth Social.
Usemje mellom Musk og Trump
Også Elon Musk kritiserer budsjettforslaget.
– Det siste utkastet til lovforslag i Senatet vil øydelegge millionar av jobbar i Amerika, og påføre landet vårt stor strategisk skade, skriv Musk på X.
– Fullstendig vanvitig og øydeleggande. Det gir støtte til gårsdagens næringar, samtidig som det skadar framtidas.
– Fullstendig vanvitig og øydeleggande.
Foto: ALLISON ROBBERT / Reuters / NTBPresidenten sjølv var godt nøgd med utfallet av avstemminga.
– I kveld såg vi ein stor siger i Senatet med den flotte, store og vakre lova, skriv han på Truth Social.
Det er framleis uvisst om forslaget blir vedteke eller ikkje.
Interessert i meir frå utanriks?
Høyr podkasten vår her:
Publisert 29.06.2025, kl. 10.20 Oppdatert 29.06.2025, kl. 10.27