– Stadig fleire vel proteinrike meieriprodukt, og etterspurnaden vil ingen ende ta, seier Sigrid Svanborg, anleggssjef ved Tine Frya.
Dei seinare åra har lysta på proteinrike meieriprodukt som til dømes cottage cheese og gresk yoghurt skote i vêret.
Det har ført til at meieriet på Frya i Gudbrandsdalen har måtte utvide produksjonsutstyret og tilsette fleire.
Det siste året har 25 personar blitt tilsett ved meieriet som følgje av protein-boomen.
No leitar dei etter 15 til. Altså har etterspurnaden av proteinprodukta ført til 40 nytilsettingar på halvanna år.
– Vi utvidar no kapasiteten for å møte det forbrukarane ønsker. Difor treng vi fleire medarbeidarar på laget, seier Svanborg.
Meiersjef Sigrid Svanborg er glad for at folk vil ha proteiner.
Foto: Frode Meskau / NRK
Meiersjef Sigrid Svanborg er glad for at folk vil ha proteiner.
Foto: Frode Meskau / NRK
- Vi hamstrar mat og drikke med protein, men det er heilt unødvendig meiner ernæringsekspert. Les kvifor her.
Klarar ikkje møte etterspurnaden
Også Q-meieriene merkar at folket vil ha protein. Produkt som yoghurten Skyr har hatt ein auke på rundt 25 prosent sidan i fjor, ifølgje Q-sjef Kristine Aasheim.
– Naturlege meieriprodukt som smakar godt og har eit høgt proteininnhald, det vil forbrukarane ha, seier Q-sjefen.
Og veksten kunne vore høgare om dei legg bestillingane til grunn, ifølgje ho. Men dei har ikkje klart å møte etterspurnaden.
Q-sjef Kristine Aasheim fortel at fleire meieriprodukt generelt har blitt populære. Særleg vekst er det på proteinprodukta, slik som til dømes proteinmjølka til Q-meieriene. Den har hatt ein auke på 170 prosent så langt i år samanlikna med same periode i fjor.
Foto: NRK ROGALANDNo må også dei tilsette fleire som følgje av proteintrenden. Både ved meieriet i Gausdal og på Jæren.
– Vi er faktisk ute no og rekrutterer endå fleire. Frå hausten av skal vi kunne sette på fleire skift og produsere meir av desse produkta.
Ifølgje Aasheim skal det vere snakk om mellom seks og tolv nytilsettingar.
Protein- og naturleg-trend
Salstal frå Opplysningskontoret for melk og meieriprodukter stadfestar trenden.
Berre i år har salstalet på cottage cheese auka med 19 prosent. Også yoghurt naturell opplevde ei stor auke på 20 prosent.
– Vi ser at det går veldig bra med meieriprodukt totalt sett. Vi ser særleg det vi kallar for protein-trenden og naturleg-trenden. Folk er på jakt etter naturlege, ekte produkt.
Det seier Ida Berg Hauge, direktør i Opplysningskontoret for melk og meieriprodukter.
Det meieriproduktet med størst auke er den proteinrike og magre ferskosten kvarg, med heile 39 prosent auke.
Generelt er det auka interesse for mjølk og meieriprodukt, fortel Ida Berg Hauge.
Foto: Melk.noHauge trur det er fleire årsaker til at produkta har blitt populære, men trekk særleg fram det at produkta kan brukast til mykje.
– Ta til dømes cottage cheese. Folk brukar det i rundstykke, pannekaker, vaflar, smoothie, på brødskiva, i saus og dippar. Det kan brukast til så mykje, noko som gjer det enkelt å få i seg, seier ho.
Det gjer også til at ho har trua på at trenden kan vare ei stund til.
Til og med mjølk, som har opplevd nedgang over lengre tid, har fatta interessa til folk igjen, ifølgje
Foto: Kirsti Kringstad / NRKHo er positiv til proteintrenden, mellom anna fordi den er i tråd med styresmaktene sine kostråd om å få i seg tre porsjonar meieriprodukt med mindre feitt dagleg.
– Med meieriprodukt får du i deg mange næringsstoff på ein gong. Alt i alt tenker eg det er kjempebra at meieriprodukt er trendy.
- Men kan det bli for mykje protein? Ja, meiner denne forskaren.
Aukar produksjonen
På meieriet på Frya blir mellom anna cottage cheese, gresk yoghurt og proteinyoghurt produsert.
I tillegg til å tilsette fleire, aukar dei også produksjonen.
No skal det bli produsert proteinprodukt døgnet rundt på Frya.
Foto: Even Lusæter / NRKNo blir det også nattproduksjon i kvardagane, og dei startar opp med produksjon i helgene.
– Vi ser at vi må auke driftstida vår for å klare å levere. Vi ser jo tidvis at det er veldig vanskeleg å levere nok, seier Svanborg.
I tillegg tek dei ei ny produksjonslinje i bruk, noko som vil gi auka kapasitet over tid.
– Eg er veldig glad for å kunne bli ein endå større og endå meir solid arbeidsplass i Gudbrandsdalen, seier anleggssjefen på Tine Frya.
Foto: Frode Meskau / NRKAnleggssjefen på Tine på Frya trur trenden rundt naturlege og proteinrike meieriprodukt har kome for å bli.
– Veksten kom raskt. Cottage cheese starta i 2023, med ei sterk auke i 2024. No ser vi at yoghurt som totalsegment også lettar seg, særleg naturell og gresk yoghurt.
– Så det er ein proteintrend som held seg bra og fortsett å vekse. Så eg trur ikkje det er ei døgnfluge lengre, seier ho.
Publisert 06.07.2026, kl. 11.43



















English (US) ·