Ivan (3) døde under operasjon – meiner ingen bør straffast

4 hours ago 1


Statsforvaltaren har slått fast at helsehjelpa Ivan fekk, var uforsvarleg. Likevel meiner dei at sjukehuset ikkje skal straffast, skriv TV 2.

Det bekreftar fylkesoverlege i Rogaland Andres Neset, til TV 2.

I april i fjor døde Ivan (3) under ein operasjon der han vart lagt i narkose og fekk hjartestans.

Guten hadde ein underliggande sjukdom som gjorde at ein måtte ta særskilde omsyn ved bruk av narkose.

Sør-Vest politidistrikt bekreftar overfor NRK at saka er ferdig etterforska.

– Saka er oversendt statsadvokaten, seier politiadvokat Tove Marie Haver.

Ikkje grunnlag for straff

Statsforvaltaren konkluderte i mars med at Ivan ikkje fekk forsvarleg helsehjelp og at avvika samla sett var så store at dei blir sett på som uforsvarlege.

Men likevel meiner dei at det ikkje legg grunnlag for straff.

«Statsforvalteren vurderer at Helse Stavanger sitt i spesialisthelsetenestelova ikkje tilseier at involvert helsepersonell har handla grovt aktlaust, og er av ein slik karakter at dei bør reagerast strafferettsleg», står det i vurderinga som er oversendt til politiet.

Fekk ikkje tolk

Foreldra til Ivan (3) seier dei bad om tolk fleire gonger, men blei avvist av sjukehuset.

Foreldra, som opphavleg kjem frå Syria og Norsk Tolkeforening meiner offentlege etatar ikkje kan lovverket godt nok og at dei manglar retningslinjer.

Bistandsadvokat for foreldra til Ivan, Anne Kroken meiner at kommunikasjonen med sjukehuset svikta.

– Dei bad om tolk, men blei fortalt at det ikkje var nødvendig, seier Kroken.

Publisert 27.06.2025, kl. 11.27

Read Entire Article