Nyhendebyrået Reuters melder at Israels forsvarsminister Israel Katz har beordra forsvaret (IDF) til å hindre at ein naudhjelpsbåt når Gaza.
Klimaaktivisten Greta Thunberg er saman med elleve andre på veg på Gazastripa i seglbåten «Madleen». Det er aktivistorganisasjonen Freedom Flotilla Coalition (FFC) som står bak.
– Til antisemitten Greta og følgesvennene hennar, Hamas sine propagandaforkjemparar, seier eg tydelig: vend tilbake, for dykk kjem ikkje til å nå Gaza, seier Katz.
Thunberg har engasjert seg i saka mot Israel si krigføring i Gaza. Her er ho avbilda i Italia for ei veke sidan, før ferda til Gaza starta.
Foto: Salvatore Cavalli / AP / NTBPå søndag skreiv FFC på Instagram at dei opplever problem med kommunikasjonsverktøya sine. Problema meiner dei er målretta frå Israel.
Båten reiste frå hamna i Catania, på Sisilia i Italia, måndag.
No er dei litt under 300 km frå Gaza.
Tidlegare angrep
FFC blei utsett for eit angrep under ei tidlegare reise til Gaza med naudhjelp. Då var dei i internasjonalt farvatn utanfor Malta.
Ingen har sagt at dei stod bak angrepet, men FFC sjølve meiner Israel stod bak.
Publisert 08.06.2025, kl. 13.55 Oppdatert 08.06.2025, kl. 14.27