Alle gravide har i dag eit fysisk helsekort som inneheld alle opplysningane om dei og graviditeten.
Sliker ser helsekortet for gravide ut. Det er et fysisk kort på papir, i storleiken A4.
Foto: Skjermdump / NRKDette kortet, som er like stort som eit A4-ark, må dei ha med seg kvar gong dei kjem til ein lege, ei jordmor eller på eit sjukehus.
Dersom kortet ikkje er med til timen, finst ikkje opplysningane om helsetilstanden til den gravide og babyen nokon annan stad.
– Om eg hadde gløymt det, så har sjukehuset ingenting på meg, for det ligg ikkje på nett. Da måtte mannen min dratt heim og henta det.
Emeline Braatlund Larsen har eit helsekort på papir som ho må ta med over alt.
Foto: Helene Hjelseth HolenDet seier nybakt mamma Emeline Braatlund Larsen. Ho har eit helsekort på papir som ho må ta med over alt.
– Det er heilt sjukt at vi er i 2025 og at vi ikkje har det digitalt, når veldig mykje anna er det. Eg har tenkt på det mange gonger.
Også Borghild Ree Strand er frustrert over det fysiske arket ho måtte bere på under graviditeten.
Borghild Ree Strand er frustrert over det fysiske arket ho måtte bere på under graviditeten.
Foto: Helene Hjelseth Holen– Der og da, dei månadene du er gravid, så er det jo heilt håplaust. Det er A4-ark som blir skrivne på og bretta opp og ned. Og så er det viktig, kjempeviktig. Det er berre vanskeleg å hugse.
Også Kristin Marie Hanssen har kjent på kjensla av å gløyme det viktige arket heime.
Kristin Marie Hanssen har kjent på kjensla av å gløyme det viktige arket heime.
Foto: Helene Hjelseth Holen– Det var eit par gonger eg gløymde det. Og da kjenner du deg veldig dum. For du skal jo ha det med på alle timar. Enten på helsestasjonen eller hos legen. Så da kjenner du at: Å, klarer eg ikkje eingong dette? Oppe i ei tid der ein er litt stressa.
Vil rulle ut neste år
Helseminister Jan Christian Vestre seier han forstår frustrasjonen.
– Dei fleste løysingane rundt oss skal vere digitale. Eg trur mange komande mammaer har kjent litt på dette stresset. Kvar er helsekortet, kan eg ha mista det? Kjem til time og ha gløymt det. Og så må ein etterregistrere informasjon.
No vil han gjere det enklare.
Alt dette skaper jo litt uro. Og det er ei uro eg synest vi skal rydde av skuldrene til dei som ventar på barnet sitt.
Han seier det har vore utfordrande å finne gode tekniske løysingar som både har vore trygge og som har fungert.
– Det er noko regjeringa har jobba med over eit par år.
Helseminister Jan Christian Vestre seier han forstår frustrasjonen og håpar å rulle ut det digitale helsekortet til alle i 2026.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKHan seier det er viktig å sikre at personar og helsevern blir ivaretatt.
– Dette er ei teneste som fastlegen skal ha tilgang til, helsestasjonen skal ha tilgang, spesialisthelsetenesta skal ha tilgang, og den gravide sjølv skal ha tilgang. Så dette er også mykje deling av data.
Regjeringa starta i mai ei utprøving av digitalt helsekort for gravide der 100 kvinner deltok.
Vestre seier dei har ein klar og tydeleg ambisjon om at dei frå 2026 skal rulle dette ut over heile Noreg.
Førebels seier Vestre at dei berre har fått gode tilbakemeldingar.
Høgre-topp Mathilde Tybring-Gjedde fekk sjølv sitt andre barn tidlegare i vår, og meiner det er på høg tid at det kjem på plass ei digital løysing for helsekortet.
Høgre-topp Mathilde Tybring-Gjedde meiner det er på høg tid at det kjem på plass ei digital løysing for helsekortet.
Foto: Emilie Holtet / NTB– Det handlar ikkje om at kvinner ikkje greier å huske å ta med ein papirlapp til sjukehus og helsestasjon. Det handlar om at ein er redd for at livsviktig informasjon om både barnet og graviditeten går tapt, særleg om det oppstår noko uventa gjennom graviditeten.
Det har tidlegare vore trøbbel både for politikarar og helseinstitusjonar når digitale system blir innførte.
Helseplattforma i Midt-Noreg har skapt hovudbry, men helseministeren er sikker på at dei unngår problem med dette digitale kortet.
– Dette er grundig planlagt og utgreidd, og vi kjenner oss trygge på at løysinga fungerer godt.
Han seier at erfaringane frå den vesle gruppa som har testa det ut, blir brukte når ei større gruppe skal få tilgang til det.
– Det har vore mykje merksemd rundt fødsel – og barselomsorg det siste året. Snart er det stortingsval. Er det tilfeldig at dette kjem akkurat no?
– Vi jobbar på spreng kvar dag med tiltak som skal forbetre helsetenesta vår. Og digitalt helsekort for gravide varsla vi allereie for to år sidan. Vi har løyvd pengar til formålet, og dei fremste ekspertane våre har jobba med å få dette på plass. Så dette har vore planlagt over tid.
– På tide
Mødrene vi møter på gata i Oslo synest det er vanskeleg å forstå at dette har tatt så lang tid.
– Eg synest jo det er litt merkeleg. At det liksom heng igjen. Men ja, det er jo bra at det går rette vegen, seier Kristin Marie Hansen
Borghild Ree Strand opplever dette som ei klassisk problemstilling.
Foto: Helene Hjelseth HolenBorghild Ree Strand opplever dette som klassisk problemstilling.
– Når du har fødd og det er barna ute, så gløymer du det litt. Men dei ni månadene er det ei kjempekampsak for oss som går gravide.
Emeline Braatlund Larsen blei overraska over at det var slik.
Foto: Helene Hjelseth HolenEmeline Braatlund Larsen blei overraska over at det var slik.
– Det er første gong eg er gravid, så eg visste ikkje at det har vore eit problem lenge. Men eg blei overraska når eg innsåg at det er eit kort berre eg har. Så det er veldig på tide.
Publisert 04.07.2025, kl. 07.09