I helga kunne NRK fortelje historia om Kristin G. Andresen, som reiste til USA for å klone favoritthesten Donkey Boy.
Så vidt NRK kjenner til, er dette første gong ein norsk hest blir klona.
Men det er ingen måte å vite det sikkert på.
For sjølv om kloning er forbode i Noreg, kan nordmenn fritt reise til utlandet og klone dyra sine, for så å føre dei inn i landet.
Utan at det er krav om å registrere at dyret er ein klon.
Bør vurdere importforbod
Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner det bør bli forbod mot import av klona dyr, dersom omfanget breier om seg.
– Kloning av dyr er ikkje vegen å gå. Viss det viser seg å auke, bør ein sjå på å forby import av klonar, slik at det ikkje blir ein stor industri som også norske kundar bidreg til.
MOT KLONING: Trygve Slagsvold Vedum vil ikkje klone hunden Molly. Han er nøgd med at ho har fått kvalpar, som får med seg 50 prosent av hennar genar og 50 prosent av genane til ein annan hund. – Det mangfaldet er bra.
Foto: Frode Meskau / NRKHan er bekymra for konsekvensane dersom kloning blir utbreitt.
– Over tid vil det bli eit mindre genetisk mangfald, for då kopierer ein berre dei genane ein har. Det kan jo gå bra i ein periode, men plutseleg kjem det ein type sjukdom som gjer at vi treng nettopp det mangfaldet.
Han meiner Mattilsynet bør få ei oversikt over importen av klona dyr.
Men Mattilsynet har i dag ingen føringar på å sjekke om eit dyr er klona eller ei.
Likestilt med andre dyr i lovverket
Klona dyr er underlagt same regelverk som andre dyr ved import. Det opplyser Anne Marie Jahr, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet.
Når eit dyr blir tatt inn i landet, er det helsesertifikatet som blir sjekka.
– Det må vise at dyret er friskt og oppfylle krav til dyrehelse og dyrevelferd. Per i dag vil ikkje helsesertifikata innehalde spesifikk informasjon om dyret er klona eller ikkje.
Ho påpeiker at importøren har eit ansvar for å sikre at dyrevelferdsregelverket blir følgt.
– Dette inneber å informere myndigheitene dersom det er dyrevelferdsmessige utfordringar ved det klona dyret.
LIKE: To klona hundar bak ei glasdør i ein klonelab i Seoul, Sør-Korea. Sør-Korea, Argentina, Kina og USA leiar an i den private kloneindustrien i dag.
Foto: AfpStor motstand mot kloning
To av tre nordmenn ynskjer eit framleis forbod mot kloning av dyr i Noreg. Det viser ei spørjeundersøking som Norstat har utført på oppdrag frå NRK.
Patrick da Silva Sæther
Menn er meir positive til kloning enn kvinner
22 prosent av dei spurte mennene meiner kloning av dyr burde bli lov i Noreg. Berre 5 prosent av dei spurte kvinnene meiner det same.
56 prosent av mennene er for eit forbod, mot 74 prosent av kvinnene. Blant begge er det i underkant av ein fjerdedel som svarar «veit ikkje» på spørsmålet.
Caroline Utti / NRK
20 prosent av unge vil ha kloning av dyr i Noreg
Aldersgruppa 19-29 er mest positive til kloning. Blant dei meiner 20 prosent at kloning av dyr burde vere lov i Noreg.
Til samanlikning meiner berre 9 prosent i aldersgruppa 50-59 at kloning av dyr burde vere lov i Noreg.
Patrick da Silva Sæther
Mest bekymra for etikk
I spørjeundersøkinga svarte også dei spurte på kor bekymra dei var for ulike aspekt ved kloning.
På topp kom etikk, tett etterfølgt av dyrevelferd og risiko for å forstyrre økosystemet. Deretter følgde biologisk mangfald og matsikkerheit.
Om undersøkinga
Spørjeundersøkinga er utført av Norstat på oppdrag frå NRK i mai, 2025. Spørsmåla er stilt til eit representativt utval, 1044 personar (523 menn og 521 kvinner) i alle aldersgrupper mellom 18 og 99.
Bør klona dyr kunne kome inn i landet, når motstanden mot kloning er så stor?
NRK har stilt spørsmålet til landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen. Vi har også spurt om kor vidt han vil sjå på eit regelverk knytt til import av klona dyr.
LANDBRUKS- OG MATMINISTER: Nils Kristen Sandtrøen.
Foto: Annika Byrde / NTBSandtrøen svarar på e-post:
– Kloning av dyr har etiske problemstillingar ved seg. Om import av klona dyr eventuelt skulle breie om seg, og det skulle vise seg fornuftig å prioritere ressursar til nye tiltak, vil det vere naturleg å innhente meir kunnskap om den internasjonale og teknologiske utviklinga.
Finst det klonar i landet?
Kloneklinikken Viagen i Texas, USA, har åleine klona mange tusen dyr.
Blake Russell er mannen som tar seg av kloninga av Donkey Boy, Kristin G. Andresens premiehingst.
KLONESJEF: Blake Russell er administrerande direktør ved verdas leiande kloneklinikk, Viagen.
Foto: Patrick da Silva SætherPå spørsmål frå NRK om han har klona andre norske dyr, svarar han:
– Eg veit ikkje. Kjæledyr har vi sikkert klona. Men hestar? I alle fall ikkje ein så kjent hest som Donkey Boy.
Forbodet mot kloning av dyr er i Noreg nedfelt i Genteknologilova. Då regjeringa sette ned eit utval i 2023 for å gjennomgå lova på nytt, var ikkje kloning omfatta av mandatet. Utvalet kommenterte i sin rapport at myndigheitene burde sjå nærmare på temaet ved neste høve.
Om det blir fleire klona dyr i Noreg i åra som kjem, finst det ikkje noko system for å fange opp.
Les heile saka:
Publisert 17.07.2025, kl. 09.34 Oppdatert 17.07.2025, kl. 09.48