Situasjonen mellom Israel og Iran eskalerte kraftig i helga. Natta til måndag har vore prega av luftangrep frå begge partar – og dei heldt fram utover morgontimane.
Rundt klokka 09:30 melde Reuters og AFP om nye missilangrep mot Israel – ein halvtime seinare kunne folk forlate bomberomma.
Vitne fortel om eksplosjonar i Tel Aviv og missilar over Jerusalem. Israelske medium melde at rundt 15 iranske missilar vart avfyrte.
Israelarar oppheld seg i bomberom under eit pågåande iransk missilangrep
Foto: MENAHEM KAHANA / AFP / NTBAngrepet kjem kort tid etter at IDF melde at dei hadde bomba seks iranske flyplassar i det vestlege, austlege og sentrale Iran. Angrepa skal ha øydelagt 15 fly.
Dette er den ellevte dagen med krigføring etter at Israel gjekk til angrep på Iran natt til fredag 13. juni.
Så langt er minst 430 personar drepne i Iran, ifølgje landets helsemyndigheiter. I Israel er minst 24 personar drepne, ifølgje regjeringa.
Iran med USA-trussel
Samtidig kjem talsmann for dei iranske væpna styrkane, Ebrahim Zolfaqari, med ei tydeleg trussel mot USA, etter at stormakta gjekk inn i krigen på israelsk side, og bomba tre iranske atomanlegg.
– Herr Trump, gamblaren: Du kan vere den som starta denne krigen, men vi vil vere dei som avsluttar han.
Måndag morgon har internasjonale medium spekulert i om det vil kome eit større motangrep frå Iran.
Litt etter klokka 02 natt til måndag norsk tid, sa det israelske militæret (IDF) at Iran hadde skote ut fleire missil mot landet.
Knappe 20 minutt seinare kunne folk forlate bomberomma igjen, meldte Reuters.
Medan Iran er lukka for journalistar, fekk dei komme tett på bustadblokkene som blei totalskadde i iranske missilangrep mot Tel Aviv i Israel søndag.
Foto: MENAHEM KAHANA / AFP / NTBDet kortvarige iranske angrepet kom etter ei rekkje israelske angrep mot Iran i løpet av kvelds- og nattetimane.
Også søndag sende Iran fleire missil mot mål i Israel, blant anna mot hamnebyen Tel Aviv, der dei fleste utanlandske ambassadane ligg.
Fleire enn 20 menneske blei såra, og det var skadar på fleire bygg, ifølge israelske styresmakter.
Spurte om regimeskifte
Søndag kveld har USAs president Donald Trump lagt ut ein post på Truth Social der han stiller spørsmål om det sittande regimet i Iran kan gjere landet stort igjen.
– Det er ikkje politisk korrekt å bruke omgrepet «regimeskifte», men dersom det noverande iranske regimet ikkje klarer å gjere Iran stort igjen, kvifor skulle det ikkje bli eit regimeskifte, spør Trump.
Trumps forsvarsminister Pete Hegseth sa søndag at målet med angrepa mot atomanlegga i Iran ikkje handla om eit regimeskifte, men å øydelegge atomprogrammet til landet.
Stolt over angrep
Mange i Israel er nervøse for kva opptrappinga kan føre med seg av nye svar frå Iran. Angrepa kjem ofte om natta.
Det er venta at det skal komme nye angrep mot Israel, men folk NRK møtte på gata i Tel Aviv seier dei er trygge på at styresmaktene vil beskytte dei mot iranske missil.
– Det at Trump bomba dei tre atomanlegga i Iran var ei stor lette. Det er inga hemmelegheit at Iran har som mål å øydelegge både Israel og USA. Eg er veldig stolt over at Trump og Netanyahu tek seg av dette, seier Morty.
Støttar regjeringa
Lusy seier ho kjenner seg trygg, trass i at det kan komme nye angrep. Ho støttar avgjerda om å slå til mot Iran, sjølv om ho har demonstrert mot statsminister Benjamin Netanyahu og regjeringa hans.
– Det kan godt hende han gjer dette for å klamre seg til makta, som eg ikkje likar. Men eg håper avgjerda blei gjort av dei profesjonelle i forsvaret, og ikkje politikarane.
Tidlegare denne veka måtte Orion evakuere frå heimen sin under eit iransk angrep. Leilegheita hennar fekk store skader i angrepet.
– Alle vindauga var borte og inngangsdøra blei øydelagt. Det var glas overalt. Vi redda det vi klarte.
Ho kjenner seg likevel sikker på at regjeringa vil ta vare på innbyggarane sine.
– Absolutt. Vi er ikkje krigshissarar. Iran har truga oss i mange år, og sagt dei vil øydelegge Israel. Eg meiner det var naudsynt med eit førebyggande angrep.
Fryktar svolt i Iran
Medan Israel deler informasjon breitt, har det vore vanskelegare å få ut informasjon frå Iran, blant anna fordi journalistar ikkje slepper inn i landet for å kunne rapportere.
NRK har kome i kontakt med iranske innbyggarar som har fortalt korleis dei opplever det som skjer no.
En mann bærer en skadet jente etter et angrep i Teheran sentrum søndag 15. juni.
Foto: Morteza Zangene / AP / NTBStengte butikker i Teherans bazaar mandag 16. juni. Iranere NRK har snakket med er bekymret over tilgangen på mat.
Foto: ATTA KENARE / AFP / NTBEn mann går over gaten i Teheran søndag med matvarer.
Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB
Ei kvinne seier mjøl har blitt veldig dyrt, og at ho er uroa for mangel på mat og brød.
– Private bakeri har stengt heilt, medan statlege bakeri får mjølkvotar frå styresmaktene. Men det er ikkje nok. Mjøl har blitt ei mangelvare på den frie marknaden, seier ho.
Ei jente ligg medvitslaus i ei sjukehusseng etter å ha blitt skadd i et israelsk angrep laurdag 21. juni.
Foto: Vahid Salemi / AP / NTBEin ung mann som jobbar ved eit sjukehus seier at det er mange som er uroa no. Etter angrepa dei siste dagane, har fleire begynt å hamstre mat.
– Folk er meir uroa for framtida enn notida og desse angrepa. Dersom infrastrukturen blir øydelagt, blir det hungersnaud. Det blir ingen straum, gassen blir stengt og kraftverka sviktar. Folk er svært urolege for dette, seier han til NRK.
Publisert 22.06.2025, kl. 22.35 Oppdatert 23.06.2025, kl. 20.25