I gruva på Vestlandet blir klimadata redda frå Trump

3 hours ago 2


Livsviktige forskingsdata om vêr, klima og helse er ikkje trygge i Donald Trump sitt USA, ifølge forskarar.

Fleire statlege nettsider for forsking er allereie tekne ned.

Seinast for eit par veker siden slutta nettsida for viktige klimarapportar å fungere.

Det føregår ein stor aksjon over heile verda for å sikre at forskingsdata ikkje forsvinn.

Noko av dataen hamnar 60 meter under bakken i ei vakker vestlandsbygd.

I dei gamle gruvene på Lefdal i Nordfjord er det no eit moderne datasenter.

Lefdal Mine Datacenter

Tidlegare var det gruve, no er det datasenter på Lefdal i Nordfjord.

Foto: Lefdal Mine Datacenter.

Her inne står servarar med stor lagringsplass.

Kjøleviftene bråkar så mykje at det er vanskeleg å snakke der inne. Men forskingsmiljøa kan ikkje teie om det som føregår.

– Det er rett og slett ein trussel mot demokratiet og mot liv og helse. Vi får mindre tilgang til kunnskap for å løyse problema til menneskeslekta, seier Kristin Halvorsen.

Ho er direktør i Cicero, eit institutt for klimaforsking i Oslo.

Kristin Halvorsen

Forskingsdirektør Kristin Halvorsen seier situasjonen er alvorleg.

Foto: NTB

Kort varsel

No gjeld det å få dataen heim, ifølge klimaforskar Mats Bentsen i Norce. Dei tek del i «redningsaksjonen» og jobbar med å finne ut kva data som er i fare.

– Vi prøver å sjekke om det allereie er sikra, men brukar ikkje så veldig mykje ressursar på det no. Det gjeld å sikre dei data vi trur kan vere i fare. Så får vi heller rydde opp og samordne oss med andre etter kvart, seier Bentsen.

Datamaterialet er også avgjerande for arbeidet til norske forskarar. Mellom anna er det naudsynt for det norske arbeidet med den neste klimarapporten til FN. Der har dei ikkje råd til forsinking i arbeidet.

3.000.000 gigabyte

Det er det statlege selskapet Sigma2 som har ansvar for serverane nede i gruva i Nordfjord.

Dataserver

Det statlege selskapet Sigma2 har ansvar for maskinvara nede i gruva.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Som oppstartskapasitet reserverte Sigma2 omtrent 3 petabyte med lagringsplass. Det tilsvarer 3.000.000 gigabyte.

– Det viktigaste no er å identifisere alle kritiske datasett og overføre disse, seier Lorand Janos Szentannai i Sigma2.

I vår samla dei ledande forskingsmiljøa seg til krisemøte med forskingsminister Sigrun Aasland om situasjonen. Kort tid etter gav regjeringa 20 millionar kroner ekstra til lagring av data. Det er nok for å sikre 4,7 petabyte med lagring i fem år.

Datamaskinen Olivia

Forskingsministeren gav 20 millionar kroner for å sikre data i revidert nasjonalbudsjett.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Midla skal gå til å auke kapasiteten til å motta data som er i fare for å forsvinne eller ikkje er trygt lagra i utanlandske datatenester, seier Aasland.

Pleidde å ta ansvar

USA har pleid å vere verdas kommandohøgde for forsking innan klima og helse. Når Trump igjen kom til makta, fekk pipa ein annan lyd.

Han har igjen tatt landet ut av Parisavtalen. Grønne energiprosjekt ligg tynt an, og det er «drill baby drill» som gjeld.

I april kutta administrasjonen nær 4 millionar dollar til eit arbeid ved Princeton-universitetet for forbetring av klimamodellar. Prosjektet førte til «klimaangst, noko som har auka markant blant dei unge i Amerika», ifølge pressemeldinga frå administrasjonen.

Den viktige klimalaben på Mauna Loa på Hawaii ligg no an til å miste finansieringa. Her har dei samla inn data i 45 år, og det er rekna for å vere det mest hardslåande beviset for global oppvarming.

En gruppe mennesker i gule vester som kneler på bakken

Dataa ligg trygd nede i gruva.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Kristin Halvorsen synest Trump sin framferd er sjokkerande.

– Kan vi kalle det akademisk bokbrenning?

– Eg har ikkje lyst til å bruke sånne uttrykk, men når ein aktivt lar vere å vidareføre oppbygging av kunnskap, så er det eit stort demokratisk problem. Dette eigentleg er ein del av angrepet på demokratiet. Fordi folk må kunne ha så god kunnskap som mogleg for å ta gode val, seier ho.

Publisert 18.07.2025, kl. 06.54

Read Entire Article