– Eg skal ikkje sjå eitt sekund av det der. Det interesserer meg ikkje. Eg er tradisjonalist når det gjeld fotball, seier Solbakken til pressa etter å ha slått Estland 1–0.
Dei fleste av Noregs landslagsspelarar avslutta ein ti månader lang sesong med siger over Estland måndag kveld, men for nokon ber turen rett til USA.
Der skal nemleg 32 lag delta i Fifas klubb-VM, der vinnaren kan vente seg over éin milliard norske kroner. Turneringa finn stad frå 14. juni til 13. juli.
– Berre tull
Åtte norske spelarar er med i turneringa: Oscar Bobb, Erling Braut Haaland, Julian Ryerson, Andreas Schjelderup, Fredrik Aursnes, Alexander Sørloth, Odin Thiago Holm.
Men sjølv om det er ei rekke nordmenn i aksjon, kjem altså ikkje landslagssjefen til følge med.
– Det skal eg ikkje sjå på. Det boikottar eg. Det er berre tull, seier Solbakken på TV 2s sending.
DELTAR: Manchester City ved Erling Braut Haaland og kanskje Oscar Bobb er blant laga som deltar i klubb-VM.
Foto: Lucas Boland / Reuters / NTBHan får så spørsmål om kvifor han ikkje ønsker å følge eigne spelarar som speler teljande kampar. Han meiner dessutan at det blir drive med rovdrift av fotballspelarar.
Solbakken trekker mellom anna fram at laga ikkje kvalifiserer seg til klubb-VM, og omtalar fleire av oppgjera som «uinteressante».
– Dei kan eg sjå i ordentlege ligaer og ordentlege cupar. Ikkje i kokos-cupen. Noko må jo vekk. Da synest eg det er openbert at det skal vekk, seier landslagssjefen.
Dette er første gong klubb-VM blir spelt i dette utvida formatet. Det har aldri bestått av fleire lag, og har aldri blitt spelt over eit lengre tidsrom. Laga som når finale speler sju kampar.
Slik reagerer spelarane
Dersom Sørloth er på banen i alle kampane for Atlético Madrid, vil ein eventuell finale bety at han at han har vore involvert i 67 kampar for klubb og landslag denne sesongen, ifølge Transfermarkt.
Atlético Madrid-spissen er sjølv fokusert på å prestere i den omstridde turneringa i USA.
– Eg er ein profesjonell fotballspelar. Eg skal gjere ein jobb og satsar på å vinne heile turneringa, seier Sørloth til NRK og pressekorpset.
– Kva tenker du om at Ståle vil boikotte?
– Det får han stå for.
DELTAR: Alexander Sørloth blir truleg ei viktig brikke for sitt Atlético Madrid i sommar.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRKØdegaard vil ikkje kommentere:
– Det har eg ikkje behov for å snakke om nå, seier Noregs kaptein.
Bobb viser meir forståing for skepsisen.
Han kjem neppe til å spele ei veldig stor rolle i turneringa, ettersom han har slite med skadar heile sesongen.
– Det har vel fått mykje kritikk. Eg veit ikkje, eg trur ikkje det har så mykje å seie for meg. Men eg skjønner det heilt, det kjem etter ein lang sesong. Eg skjønner kritikken veldig godt, seier Bobb til pressa etter å ha slått Estland 1–0 i Tallinn.
Niso: – Ekstrem belastning
Fleire kampar fører til auka bekymring for belastninga til spelarane, mellom anna hjå den norske spelarforeininga.
– Det å passere 60 klubbkampar på éin sesong – og deretter gå rett inn i ein ny sesong fire veker etter klubb-VM – illustrerer ei ekstrem belastning på spelarane, seier Kristoffer Vatshaug, leiar for Niso.
Vatshaug peikar på at «den fysiske risikoen aukar mykje, med potensielt høgare førekomst av skadar og utmatting».
– Samtidig er det mentale presset enormt. Å prestere kontinuerleg utan reell tid til avkopling, familieliv og mental restitusjon er ikkje berekraftig over tid, seier han.
NISO-LEIAR: Tidlegare eliteseriespelar Kristoffer Vatshaug.
Foto: Caroline Mitchell Larød / NRK– Ei grense vi er i ferd med å krysse
Niso samarbeider tett med Fifpro. Dei vernar rettane til spelarane internasjonalt og representerer over 65 000 profesjonelle fotballspelarar i meir enn 60 land.
– Niso og Fifpro er tydelege på at denne typen kampprogram representerer ei grense vi nå er i ferd med å krysse, seier Vatshaug.
Reglane for klubb-VM seier at klubbane må stille med sitt beste lag gjennom turneringa. Basert på FIFAs generelle disiplinærreglement kan brot på dette straffast med bøter og åtvaringar.
Tidlegare Arsenal-manager og nåverande global utviklingssjef i FIFA, Arsène Wenger, har tidlegare forsvart meisterskapen.
Han aksepterer at kalenderen er travel, men meiner kritikken ikkje tar omsyn til den kraftige idrettsvitskaplege utviklinga fotballen har hatt.
SVARER PÅ KRITIKKEN: Arsène Wenger meiner VAR også har bidratt til å minke risikoen til spelarane for skadar.
Foto: Athit Perawongmetha / Reuters / NTB– Situasjonen til spelarane har auka dramatisk dei siste 20 åra når ein ser på skadeførebygging, restitusjonsarbeid, ernæring og framsteg innan medisinsk teknologi. Det er ikkje til å kjenne igjen frå før, sa Wenger.
Spelar om kjempesummar
Med ein enorm premiepott på omtrent 1,3 milliardar kroner er det venta at laga vil ta turneringa på største alvor. Vatshaug er ikkje i tvil om at pengane påverkar korleis klubbane tenker.
– Når pengepremiar i denne storleiken er involvert, risikerer vi at lojaliteten til spelarane sitt behov og velferd svekkast, seier han.
– Økonomiske omsyn vil 100 prosent trumfe spelaromsyn, seier Torstein Dalen-Lorentsen.
Han er forskingsleiar ved Sintef. Han har lenge engasjert seg i totalbelastninga til spelarane, og meiner forbunda gjer seg sjølve ei bjørneteneste ved å auke talet på kampar.
– UEFA og FIFA vil derfor vere tent med ein fotballkvardag der spelarane har tid til restitusjon. Dette vil gi høgare tempo og kvalitet i kampane. I tillegg vil det vere bra for helsa til spelarane. Med ei fornuftig kampbelastning kan vi unngå skadar på både produktet og spelarane, seier Dalen-Lorentsen og legg til:
– Klubb-VM har vore eit dårleg forsøk i å klemme inn fleire kampar i ein metta kalender og i ei snart metta fotballinteresse. Eg tenker det ikkje har ein plass i økosystemet i fotballen.
OVER ÉIN MILLIARD: FIFA-president Gianni Infantino har sørgt for ein enorm premiesekk i klubb-VM.
Foto: NTBFifpro med tiltak
Tysdag denne veka kom Fifpro med ein forskingsrapport på dette temaet. Målet var å etablere minimumsstandardar for å verne spelarar mot overdriven belastning og eit tett kampprogram.
– Om vi er einige om at helse kjem først, må vi implementere desse tiltaka, seier Dr. Vincent Gouttebarge, medisinsk direktør i Fifpro.
Eit av forslaga som blei lagde fram, er obligatorisk fire vekers pause etter sesongen, og to veker skal vere heilt utan forpliktingar.
Publisert 10.06.2025, kl. 17.46 Oppdatert 10.06.2025, kl. 18.08