Her rotnar fylkesvegen

4 hours ago 1


– Det er ei nasjonal sikkerheitssak. De må ta dette på største alvor, seier lastebilsjåfør Knut Arild Nordli.

Som eit døme på den dårlege standaren finn han fram ein sliten stolpe langs autovernet som er rotna.

Dei rotne vegane blir ekstra vanskelege å ferdast på om sommaren for lastebilsjåføren.

Då blir dei smale vegane fylt opp av bubilar.

– Vi har hatt fleire episodar i fjor sommar der vegen vart stengd i fleire timar fordi dei køyrde seg fast, seier Nordli.

Og det er heller ikkje lett for turistane å køyrde på dei tronge og slitne vegane.

For turisten Hans Joakim Ganzer frå Tyskland enda det med at noko krasja inn i sidespegelen på ein smal veg.

– Vegane er gode, men litt skumle nokre gonger, seier Ganzer.

bobilturistar

Hans Joakim Ganzer frå Tyskland er på ferie i Noreg med bubilen sin. På vegen var han uheldig med sidespegelet sitt.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Bodskapen min til politikarar er at ein må tenke nytt. Tida er inne for å gjere noko, seier Nordli.

40 prosent har dårleg standard

No skal Noregs dårlegaste fylkesveg kårast.

Vinnaren vert kåra i slutten av august etter innsende bidrag frå heile landet blir vurdert.

– Politikarane har år etter år lovt betre vegar. Nå får de sjå kva folk over hele landet framleis må køyre på, seier Øyvind Solberg Thorsen, direktør i Opplysningsrådet for vegtrafikken.

Ein rapport frå OFV viser at nesten 40 prosent av fylkesvegane har vegdekke i dårleg stand. Det kan vere hol og sprekker eller andre manglar.

Kva synest du om fylkesvegane i Noreg?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Mange vegar er dårleg tilpassa dagens trafikk.

Ifølge Opplysningsrådet for vegtrafikken er 24 og 19 prosent av vegane i Rogaland og Vestland så smale og svingete at det er avgrensingar på køyretøylengd – noko som skaper utfordringar.

– Det er viktig når vi tilretteleggar for Nasjonal turistveg at vi og løyver pengar til trafikksikkerheit, seier May Helen Hetland Ervik (Frp), leiar i fylkestrafikksikkerhetsutvalget i Rogaland.

slitte fylkesvegar

May Helen Hetland Ervik (Frp) er leder i fylkestrafikksikkerhetsutvalget.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Gir ein halv milliard

Nokre vegar må tole langt meir trafikk enn andre.

Rundt 2000 kilometer av vegnettet har over 5000 køyretøy i døgnet.

Akershus skil seg ut med høgast del, følgt av Rogaland, Vestland og Vestfold – noko som stiller ekstra krav til vedlikehald og standard.

– Eg trur det er mange som må ta ansvaret for at tilstanden er som den er i dag, seier Tom Kalsås, statssekretær i samferdselsdepartementet (Ap).

Tom Kalsås, statssekretær i samferdelsdepartementet (Ap)

– Det er fylkeskommunen som har ansvar for fylkesvegane. Da må vi òg gi meir pengar til fylkeskommunane, seier Kalsås.

Foto: NRK ROGALAND

– Vi har foreslått konkret i Nasjonal transportplan korleis vi vil ha ei opptrapping til fylkesveg. Det følgde vi opp i statsbudsjettet for 2025, ei halv milliard ekstra, som er starten på ei opptrapping.

Men for Nordli som har arbeidskvardagen på smale fylkesvegar, hastar det med ei løysing.

– Det går rett og slett ikkje slik det er no. Autovernet her tåler ikkje vekta mi ei gong. Det er søppel.

slitte fylkesvegar

Lastebilsjåføren krev ei endring på dei norske fylkesvegane.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Publisert 26.06.2025, kl. 05.30

Read Entire Article