– Dei hevda dei hadde vore på fisketur oppe i skogen. Men det er ikkje noko fiskevatn her, og dei hadde heller ikkje med seg fiskeutstyr, seier Are Rystad.
Saman med over 20 personar frå lokalbefolkninga i den vesle bygda Laukvik i Lofoten, omringa dei to turistar dei mistenkte for å stå bak fleire brannar i området.
Så ringde dei til politiet.
Dei hindra turistane i å stikke av heilt til politiet kom til staden.
Politiet bekreftar den spesielle historia til Rystad og kompisane Emil Pettersen, Frank Audun Holberg Andersen og Jonas Sliper.
– Dei hadde full kontroll då politiet kom til staden og arresterte gutane, seier politiinspektør Steffen Ravnåsen.
Det er ikkje kvar dag politiet kjem til dekka bord.
– Men å kalle det borgarvern er å dra det litt langt.
Kompisane Frank Audun Holberg Andersen, Are Rystad, Emil Pettersen og Jonas Sliper var med å stoppe turistane.
Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRKVaretektsfengsla i fire veker
I løpet av ni dagar har det vore fire branntilløp og brannar i vesle Laukvik.
Natt til laurdag 5. juli stod fleire titals fiskekar med tørka fiskehovud i full fyr ved Saga Fisk.
Tre dagar seinare brann det i bårekapellet på kyrkjegarden.
Fire dagar etter der igjen var det ein brann i eit vedskjul.
Her brenn det i fleire titals fiskekar med tørka fiskehovud i Laukvika. Produsenten Saga Fisk meiner verdiar på rundt 1 million kroner gjekk opp i røyk.
Foto: Nordland PolitidistriktOg natt til søndag brann det i marka.
No har politiet i Lofoten arrestert to unge menn i begynninga av 20 åra og sikta dei for brannane.
Dei blir varetektsfengsla i fire veker.
– Dei er ikkje lokale gutar. Dei er tilreisande og er ikkje norske statsborgarar, seier politiinspektør Steffen Ravnåsen.
Han vil ikkje seie kva land dei kjem frå, men etter det NRK kjenner til skal dei vere frå Tyskland.
Ravnåsen seier også at turistane nektar straffskuld.
Steffen Ravnåsen
Politiinspektør i Nordland politidistrikt
– Vi tok saka i eigne hender
Etter torskehovud-brannen begynte lokalbefolkninga i Laukvik å ane ugler i mosen, ifølge Pettersen.
Og etter kvart som brannane oppstod, starta innbyggarane å følge med på dei to turistane.
Dette skal vere den eine bjørka dei unge mennene har tent på.
Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRKPå ei Facebook-gruppe skildra dei kor turistane var til ei kvar tid, anten det var ved den lokale butikken eller gjekk forbi bustadar.
– Dei hadde blitt observerte både ved brannen på Saga Fisk, og ved brannen i kapellet, seier Pettersen.
På søndag hadde nokon sett turistane i marka, og då det blei meldt om enda ein brann der, slo lokalbefolkninga til.
– Innan fire minutt var vi over 20 personar her, seier Pettersen.
Her skal dei to mennene ha prøvd å tenne på skogen, og bjørka mennene peikar på er svart nede ved bakken.
Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK– Er ikkje det ikkje politiet si oppgåve å arrestere folk?
– Jo da, men for å få til det, måtte politiet ha vore her, seier han og legg til:
– Vi skjønar at politiet ikkje har tid til å vere her heile tida. Men vi som har ungar og bur her var bekymra, så då tok vi saka i eigne hender.
Verdi til 1 million kroner
Tørrfiskprodusenten Saga Fisk rekna med å ha tapt rundt 1 million kroner på brannen, ifølge dagleg leiar, Nora Falch.
– Sånn grovt sett, med kara og hovuda og alt, så er det verdiar til rundt ein million kroner.
Ho seier det var rundt 60 kar med rundt 12 tonn torskehovud som gjekk opp i røyk den kvelden.
Ifølge Saga Fisk gjekk rundt 12 tonn med torskehovud opp i røyk natt til laurdag 5. juli.
Foto: Saga FiskSaga Fisk har eit stort området i Laukvik med mykje torskehovud til tørk på hjellar. Når desse er ferdig tørka blir dei lagde i store kar, som skal fraktast vidare.
Det var slike kar som brann opp sist helg.
– Det var ein av sjåførane våre som kom dit og såg at det var brunnen opp.
Dagleg leiar i Saga Fisk, Nora Falch alle brannane som har vore i Laukvik den siste tida er ubehagelege.
Foto: John Inge JohansenAlle brannane som har skjedd i Laukvik den siste tida synest Falch er ganske så ubehagelege.
– Dei torskehovuda brenn ikkje av seg sjølv, og når det då brenn tre dagar etterpå. Då begynne ein å lure, seier ho.
Publisert 14.07.2025, kl. 22.55 Oppdatert 14.07.2025, kl. 22.57