Legen miste retten til å praktisere då Helsetilsynet sette foten ned i september 2022. Han var då skulda for å ha forgripe seg seksuelt mot ein pasient, og fekk ein skarp reaksjon frå tilsynet.
Dei konkluderte med at han ikkje var eigna til å drive med pasientbehandling og hevda han hadde massert brystvortene til den unge pasienten.
Men då straffesaka kom opp for domstolen, blei legen blankt frifunne to gongar.
Retten meinte politiet ikkje hadde klart å bevise at legen hadde gjort noko gale.
Men Helsetilsynet held på sitt, og vil ikkje gje han tilbake autorisasjonen.
Dermed er han frifunnen i ein rettsprosess, men funnen skuldig i ein annan.
Lotte Tvedt hos Regjeringsadvokaten fører saka for Statens helsetilsyn.
Foto: Synnøve Hole / NRKLotte Tvedt hos Regjeringsadvokaten fører saka for Statens helsetilsyn. Ho avviser at det er eit paradoks.
– Det er ikkje eit krav om at ein har gjort noko straffbart, for at ein ikkje er eigna til å vere lege. Det er to heilt ulike vurderingar, seier ho.
– Har det gått prestisje i saka for Statens helsetilsyn?
– Nei, tilsynet har stått på sine vurderingar i fleire år. For dei er dette ei sak på linje med alle andre.
– Betydeleg betre avgjerdsgrunnlag
Legen er i dag tilbake i arbeid i Møre og Romsdal, etter at Borgarting lagmannsrett gav han tilbake lisensen midlertidig før jul. Då konkluderte dei med at Helsetilsynet har tatt feil i si avgjerd og kallar vedtaket ugyldig:
«Lagmannsretten legg til grunn at domstolane i straffesaka hadde eit betydeleg betre avgjerdsgrunnlag enn Statens helsetilsyn til å ta stilling til kva som faktisk fann stad under konsultasjonen i oktober 2021».
Helsetilsynet blei også dømt til å betale 250.000 kroner for å dekke saksutgiftene til legen.
Denne veka skal Borgarting lagmannsrett avgjere om legen skal få tilbake autorisasjonen for alltid.
Retten samla i Borgarting lagmannsrett denne veka.
Foto: Synnøve Hole / NRK– Ganske uvanleg
Professor Anne Kjersti Befring er ein av landets fremste ekspertar på helserett. Ho omtalar saka som uvanleg.
– Det er ganske uvanleg når det er heilt same tema, bortsett frå at det eine dreier seg om ei straffesak, og den andre om ei sivil sak, seier professor Anne Kjersti Befring, som er ekspert på helserett ved Universitetet i Oslo.
Ho seier ho ikkje kjenner saka i detalj, men ser ikkje bort frå at legen vil vinne fram.
– Det retten legg vekt på i avgjerda om å utsette tilbakekallinga av autorisasjon, er jo at Helsetilsynet ikkje har den same oversikta over kva som har skjedd som domstolen i straffesaka. Det kan bli avgjerande i saka om autorisasjon.
Anne Kjersti Befring er professor i helserett. Ho seier saka er uvanleg.
Foto: Martin LeiglandSkriv i sluttinnlegget
Synne Bernhard er advokat for legen. Ho ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK. I sluttinnlegget til retten skriv ho at Helsetilsynet sitt syn og vurderingar «ber preg av tunnelsyn og stadfestingsfeller».
Ho held fast på at legen gjekk fram som han skulle då han undersøkte den unge pasienten:
«Om legar utelukkande skal kunne miste autorisasjonen basert på pasienten si oppleving om at undersøkinga har vore grenseoverskridande, i dei tilfella legen har utført adekvate og medisinsk indiserte undersøkingar, vil det kunne føre til at svært mange undersøkingar – også av intim karakter – ikkje lenger kan utførast. Nærmast alle medisinske undersøkingar er fysiske og/eller intime- og derav grenseoverskridande i sin natur».
Det er sett av tre dagar til rettssaka i Borgarting lagmannsrett.
Retting: Det sto først ta legen var tiltalt for seksuell omgang, det korrekte er at han var tiltalt for seksuell handling. Retta klokka 07.57.
Synne Bernhard er advokat for legen.
Foto: Synnøve Hole / NRKPublisert 21.05.2025, kl. 07.41 Oppdatert 21.05.2025, kl. 13.39