Aldri før har norske privatpersonar selt aksjefond for så mykje pengar.
– Folk er kanskje prega av den uroa vi ser rundt oss, seier Christian Henriksen.
Han er direktør i Verdipapirfondenes Forening, som står bak oversikta.
Christian Henriksen er direktør i Verdipapirfondenes foreining. Dei organiserer norske selskap som driv med forvalting av fond.
Foto: Irene Sandved LundeOver 1,1 millionar nordmenn har pengar i aksjefond. Det er ei av dei mest populære formene for sparing, men dei siste månadane har folk tatt ut meir enn dei har putta inn.
Salet er fleire gongar større enn under koronapandemien.
Særleg fond med mykje investert i USA har blitt mindre populære.
– Det er uvanleg med så mykje netto sal. Altså meir sal enn kjøp. Med dei som har kjøpt ser vi at pengane går meir inn i norske og europeiske fond enn før, seier Henriksen.
Peikar på Trump
Utviklinga har skjedd i månader med uro på børsar over heile verda.
Investeringsdirektør i Nordea Robert Næss er ikkje i tvil om at Trump-politikk er hovudgrunnen.
– Folk har fått kalde føter. Dei høyrer om kor ille det kan gå med tollsatsar og tenker at viss det kan gå så ille, så er det ikkje lurt å vere i aksjar, seier Næss.
Robert Næss er investeringsdirektør i Nordea. Ein del av jobben hans er å forvalte aksjefond.
Foto: Preben Nedreberg HolmøyStår på konto
Oversikta til VFF viser ikkje kva folk har gjort med pengane.
Enkelte kan ha kjøpt rentefond i staden for aksjefond. Der er det netto kjøp sidan nyttår på 6 milliardar kroner. Når det gjeld alle typar fond er netto sal 10,2 milliardar kroner.
Noregs største bank opplyser at folk ser ut til å sette pengane på konto og avvente.
– Det er tydeleg i våre tal at desse pengane ikkje går til auka forbruk. Pengane frå fondssal blir ståande på konto, seier investeringsøkonom i DNB Camilla Vik.
Ho seier det er mindre sal blant dei som har spart i fond i mange år.
Camilla Vik jobbar som investeringsøkonom i den største baken her i landet DNB.
Foto: Stig B. Fiksdal / DNB– Det er veldig stor forskjell. Dei erfarne sit i større grad i ro. Men hos dei som har starta å spare i fond dei siste fem åra er sjansen dobbelt så stor for at dei har selt seg ut. Vi trur det kjem av lite erfaring med børsfall, seier Vik.
Oppgang etter uro
Dei fleste børsar i verda hadde sitt foreløpige botnpunkt for året i veke 15.
9. april sette Donald Trump sin største tollpakke på pause. Sidan har det vore langt meir grøne tal på børsane.
– Oppgangen har vore ganske oppsiktsvekkande. Det har henta seg inn igjen og vore fantastisk avkastning trass i all den bekymringa vi hadde for ein månad sidan, seier Næss.
Fredag ettermiddag kom Trump med ei ny kunngjering. Då varsla han 50 prosent toll på alle varer frå EU.
Natt til måndag norsk tid kom den amerikanske presidenten med nok ei utsetjing. Den nye fristen er 9. juli. EU-kommisjonen sin president Ursula von der Leyen seier dei treng tida for å kome fram til ein avtale.
Publisert 26.05.2025, kl. 06.53