Har fått millionar til å lage ny versjon av «Døden på Oslo S»

1 week ago 12


Ingvar Ambjørnsens roman blei film første gong i 1990. Filmen blei ein stor suksess og blei ein viktig del av mange unge sin oppvekst den gongen.

No har Nordisk Film fått nærare 19 millionar kroner i støtte til å lage ein ny versjon av filmen.

«Døden på Oslo S» anno 2027 er ein musikalversjon med Axel Hellstenius sine tekstar og Frank Hammersland sin musikk.

Historie om vennskap

Dei skreiv dette først til Nationaltheatret sitt stykke, som blei ein enorm suksess.

– Filmen byggjer vidare på dette musikalske universet. Det er ei nytolking og ei forteljing om håp, tilgjeving, vennskap og lojalitet, heiter det i pressemeldinga som kom måndag.

Manusforfattar Axel Halstenius seier til NRK at dette er noko han har jobba lenge med og for.

– Det er jo veldig gøy å kunne følge den frå første filmen i 1990 og via musikalen, og så inn i ein ny film nå, seier han.

en person i et plagg

Flo Fagerli spelte Lena i sceneversjonen.

Foto: Erika Hebbert

– Positivitet

Frank Hammersland, som skreiv musikken til sceneversjonen, døydde av kreft i 2023.

No fører Halstenius arven frå han vidare med «remaken» av filmen.

– Korleis tenker du at Frank Hammersland sin musikk skal vere med og løfte det heile?

– Eg synest jo at låtane er fantastiske, og dei passar så vanvittig godt til historia.

Filmen har eit totalbudsjett på 46 millionar kroner og målet er premiere i 2. halvår i 2027.

– Det er mykje positivitet rundt dette, så eg trur og håpar vi får det til, seier Halstenius.

Ingvar Ambjørnsen i hans skriveleilighet i Hamburg

Ingvar Ambjørnsen gav ut romanen i 1988.

Foto: John-André Samuelsen

Publisert 26.05.2025, kl. 20.55

Read Entire Article